- Forside
- Politikk
- Ung i politikken
Ung i politikken
Ungdommens fylkesting
Kvar haust blir det arrangert ungdommens fylkesting (UFT). UFT er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterer viktige saker som gjeld ungdom i fylket. Kvar kommune er representert med to ungdomsrepresentantar. Vedtak fatta av UFT er viktige og retningsgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ungdommens fylkesting skal gi ungdom meir innflytelse, opplæring i kvar dei kan delta i demokratiske kanalar og bidra til å auke ungdom sitt samfunnsengasjement. Ungdommens fylkesting for 2020 vart arrangert i Kristiansund.
Ungdomspanelet
Under Ungdommens fylkesting blir det valt eit nytt ungdomspanel (UP). Dette er UFT sitt arbeidsutval som jobbar mellom kvart fylkesting. UFT lagar eit handlingsprogram som ungdomspanelet skal arbeide med det kommande året. Ungdomspanelet har ni faste og fem varamedlemmar. Handlingsprogrammet og meir informasjon om ungdomspanelet finn du på mrfylke.no
Ungdomspanelet 2020/2021
- Hedda Haugen, leiar
- John Moldver Salthammer, nestleiar
- Nikola Bileska, medlem
- Joakim Myklebost Tangen, medlem
- Emily Stangvik, medlem
- Reidar André Heilevang, medlem
- Erica Ruiz Solhjem, medlem
- Jens Aklestad, medlem
- Gyda Ulrikke Waagbø medlem
- Ester Annie Hermansen Brende, vara
- Julia Pater-Walderhaug, vara
- Niels Leenders, vara
- Vilde S. Kvalvik, vara
- Elina Nystad Karvinen, vara
