ÅRSRAPPORT 2020

Plan og analyse

I 2020 var arbeidet med ny regional planstrategi (RPS) og ny fylkesplan store oppgåver. Vi har behandla omtrent same mengde plansaker frå kommunane som året før, men med ein liten auke i dispensasjonssaker. Det er framleis stor etterspurnaden etter questback-undersøkingar, statistikk, analysar og karttenester, både internt og frå kommunane.

Plan- og analyseavdelinga har i løpet av 2020 vorte til seksjon for plan og seksjon for berekraftig samfunnsutvikling, i ny stab for strategi og styring. Vi er også tilført nye oppgåver: arbeidet med tettstadutvikling og ungdomsmedverknad.

Visste du at Fylkesplanen finst i plakat-utgåve?
Last ned plakaten her

Måloppnåing 2020

Hovudmålet i 2020 var: Gjennom samordning, kunnskapsgrunnlag og system bidra til å styrke den heilskaplege samfunnsplanlegginga i Møre og Romsdal

Samordning

Avdelinga har følgt opp fylkeskommunen sitt ansvar som planmynde og planrettleiar for kommunane, jamfør krav i plan- og bygningslova. Avdelinga samordnar svara frå dei ulike fagavdelingane og gir ei felles tilråding. Nytt i 2020 er at svara som fylkeskommunen gir som vegeigar inngår i plansamordninga. Fylkeskommunen fekk 1 218 saker til uttale.

I kjølvatnet av valåret 2019, ligg det til lova at dei kommunale planstrategiane skal fornyast. Dei aller fleste kommunane arbeidde med dette i 2020, og har også sett i gang revidering av kommuneplanens samfunnsdel. Nordmørskommunane er gjennom eit fellesprosjekt i front med dette, basert på eit felles kunnskapsgrunnlag. Av same årsak har det vore mindre fokus på kommuneplanens arealdel dette året, men Kristiansund, Smøla, Stranda og Volda har likevel hatt saker til høyring. På reguleringsnivået er det mykje aktivitet knytt til ny E39. Talet på dispensasjonar har gjort eit hopp til 851, 13 prosent fleire enn i 2020. Det er likevel ikkje vesentleg fleire av desse i strandsona (318) enn året før.

Det vart reist motsegn til 40 av plansakene, like mange som i 2020. Etter forvaltingsreforma har samferdsel segla fram som det viktigaste temaet i motsegnene, men framleis er barn og unge og reint planfaglege forhold viktig. Motsegn grunngitt i kulturverdiar er kraftig redusert. Det kan vere fleire motsegner i same sak. Ei sak har gått til KMD, øvrige saker er løyst eller framleis i prosess. Tre dispensasjonssaker vart påklaga, av tre ulike årsakar; samferdsel, barn og unge og strandsoneproblematikk.

Det er gjennomført to møte i regionalt planforum, med til saman to saker frå kommunane. Det låge talet skuldast covid19-situasjonen. Dei tre regionale plannettverk hadde ei digital samling der sosial berekraft var tema. Avdelinga har saman med Fylkesmannen sendt ut fire nyheitsbrev til kommunane om planlegging.

I 2020 er det også lagt ned ein stor jobb med Samordna plan for areal-, klima-, og transport i Ålesundsregionen (PAKT). Avdelinga deltek i styringsgruppa og i prosjektgruppa, saman med samferdselsavdelinga . Det har vore fleire møte i løpet av året, og avdelinga har bidratt i arbeidet med kunnskapsgrunnlaget. Planprogrammet vart vedtatt av dei tre kommunane og av fylkesutvalet i februar. Planforslaget blir lagt ut til høyring våren 2021.

Visste du at fylkeskommunen gav uttale i 1 218 plansaker i 2020?

Kunnskapsgrunnlag

Avdelinga har gjennom Fylkesstatistikk som vart utgitt i oktober og Kommunestatistikk som vart publisert i juni og desember, gitt underlag til både regionalt og kommunalt planarbeid, og til andre som treng fakta om samfunnsutvikling i fylket vårt.

Kartportalen GisLink er ein av fylkeskommunen sine mest nytta nett-tenester og kartdata her blir jamleg oppdaterte og utvikla. I 2020 er det komme på plass ei kopling mot NVDB (nasjonal vegdatabank) for å kunne gjere oppslag på vegreferansar i kartet.

System

Med ny regional planstrategi og ny fylkesplan har fylkeskommunen fått eit nytt plansystem, som er tverrfagleg og bygd på FNs berekraftsmål. Fylkesplanmåla er følgt opp i økonomiplan med handlingsprogram. Fylkesplanmåla er også retningsgivande for kommunane og regional stat i Møre og Romsdal.

Økonomi

Samla budsjett for plan- og analyseavdelinga i 2020 var på 19 973 000 kroner (inkludert endringar). Rekneskapen viser eit forbruk på 16 434 000 kroner. Dette gir eit positivt resultat på 3 539 000 kroner. Mindreforbruket er i hovudsak knytt til framdrift av prosjekt som går over fleire år. For kontorbudsjettet er årsakene reduksjon i reise- og kursverksemd grunna koronapandemien. Dette er ei avdeling som vanlegvis er mykje på besøk/ synfaring hos kommunar og andre samarbeidspartar

Satsingar i 2021

  • Måla i ny RPS og fylkesplan skal følgast opp systematisk i regional og kommunal planlegging og i verksemdstyringa
  • Bidra til ferdigstilling av plan for areal, klima og transport (PAKT) i Ålesundsregionen
  • Formidle statistikk og gjere den lett tilgjengeleg og tilby oppdaterte karttenester til fagavdelingane og kommunane i fylket
  • Etablere eit felles program for by- og tettstadutvikling
  • Starte arbeidet med kunnskapsgrunnlag og medverkingsprosess for Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader
  • Ivareta og vidareutvikle den ressursen Ungdomspanelet er for regional utvikling

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.