ÅRSRAPPORT 2020

Tannhelse

Koronapandemien har sett sterkt preg på den offentlege tannhelsetenesta i 2020. Smitteverntiltak har redusert behandlingskapasiteten og gitt stort etterslep på behandling av prioriterte pasientgrupper etter tannhelsetenestelova. Pasientinntektene har blitt halvert i 2020 som følge av nedsett aktivitet. På oppdrag frå Helsedirektoratet har tannhelsetenesta etablert eit akuttilbod til heile befolkninga i fylket på fire beredskapsklinikkar. For å minske smittespreiinga i samfunnet, har det vore gjennomført smittereduserande tiltak på alle tannklinikkar.

Visste du at 49 149 barn og unge opp til 18 år var under tilsyn av den offentlege tannhelsetenesta i 2020?

Resultat

Eit hovudmål er å medverke til å oppretthalde livslang god tannhelse med fokus på god kvalitet på tannbehandlinga og pasienttryggleik.

Tenesta hadde i 2020 lågare dekningsgrad enn året før for alle dei prioriterte pasientgruppene. Dekningsgraden er eit utrykk for kor mange av dei som har rettar etter tannhelselova som er under tilsyn og behandling. Koronapandemien, med smitteverntiltak og restriksjonar på omfanget av behandlingar, er den største årsaka til at måla for tilsyn og behandling ikkje har blitt nådd.

Tannhelsetilstanden, målt i førekomst av karies, har betra seg for årskulla 3-, 5-, 15- og 18-åringar. Dette er indikatorårskull som seier noko om tannhelsa. For 12-åringane er det ein liten auke i førekomsten av karies. Vi ligg framleis under landsgjennomsnittet for 12-, 15- og 18-åringane. Den langsiktige trenden er at tannhelsa til barn og unge i Møre og Romsdal gradvis blir betre.

Vi skal bygge attraktive fagmiljø med høg fagleg standard og utviklingsmoglegheiter for å vere konkurransedyktige i kampen om riktig kompetanse.

Både klinikkstrukturen og driftsrammene er endra gjennom omstillingsprosjektet Omstilling 2020. Med omorganiseringa har vi sikra at vi får fullfinansiert ein fagleg robust tenestestruktur og god rekruttering til tenesta.

Koronasituasjonen og strenge smitteverntiltak i 2020 har medført at tannhelsetenesta har mista møteplassar for kompetansedeling og fagleg utvikling. IT-infrastrukturen i tannhelsesektoren, med tynnklientar og manglande trådlaust nettverk, er ikkje tilpassa digital samhandling. I motsetning til andre delar av den fylkeskommunale organisasjonen, har det ikkje vore mogleg å bruke Microsoft365/Teams som samhandlingsverktøy.

Sjukefråveret har auka frå 9,7 % i 2019 til 10,9 % i 2020. Koronapandemien og smitteverntiltaka i tannhelsesektoren har gitt lågare terskel for tilsette for å halde seg heime ved teikn på luftvegsinfeksjonar. Tannhelsetenesta har ikkje moglegheit for heimekontorløysingar.

Vi skal sikre tilgjenge til kvalitativt gode og stabile tannhelsetenester innafor ei rimeleg reiseavstand.

Den teknologiske utviklinga gjer det mogleg å bruke mobile behandlingseiningar og flyttbare tannhelseteam for å tilby tannhelsetenester i tilknyting til kommunale helseinstitusjonar i distrikta.

Det er gjennomført anbodskonkurranse i 2020 og kjøpt inn fem mobile behandlingseiningar med opsjon på ytterlegare fire einingar. Plan er utarbeidd for uttesting og evaluering av flyttbar tannbehandling i 2021 i kvar av dei fire kompetanseregionane.

Vi skal samarbeide med andre delar av helsetenesta, utvikle gode løysingar for kompetansebygging lokalt som sikrar dei mål som er sett for folkehelsearbeidet i tannhelsetenesta.

I ny Strategi og tiltaksplan for folkehelsearbeidet i den offentlege tannhelsetenesta er det definert kvalitetsindikatorar som grunnlag for styring, oppfølging og kvalitetsforbetring av tannhelsetilbodet for dei prioriterte pasientgruppene. Planen beskriv kvalitetsindikatorar for barn og unge og hygieneindeks som indikator for eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon. Den beskriv også omfang av besøk på helseinstitusjonar og praktisk opplæring til kommunalt helse- og omsorgspersonell.

Planen inneheld fleire tiltak i samarbeid med helse– og omsorgstenesta i kommunane. Dei skal utviklast og styrkast for å sikre at oral helse blir integrert i kartlegging av helse som grunnlag for tiltak for brukaren. Gjennom gode samarbeidsrutinar, råd og hjelp på individnivå skal dette føre til betre oral helse hos brukarane og mindre behov for tannbehandling.

Koronapandemien har avgrensa arbeidet mot institusjonar, skolar og barnehagar i 2020. Det vart brukt til saman 981,7 timer på dette området, mot 2359 timar i 2019.

Det er inngått ny avtale med Helse Møre og Romsdal om kjøp av narkosetenester ved alle dei fire sjukehusa i fylket.

Dette leverte vi i 2020

Måleindikator Mål for 2020 Resultat for 2020
Vi skal medverke til å oppretthalde livslang god tannhelse
Dekningsgrad: Barn og ungdom 1-18 år (de siste 3 år) 97 % 96 %
Dekningsgrad: Psykisk utviklingshemma over 18 år (de siste 3 år) 95 % 92 %
Dekningsgrad: Eldre og uføre i institusjon (de siste 3 år) 90 % 77 %
Dekningsgrad: Eldre og uføre i heimesjukepleie (de siste 3 år) 65 % 71 %
Dekningsgrad: Ungdom 19-20 år (de siste 3 år) 70 % 78 %
Behandling av narkosepasientar innan 3 mnd 65 %
Andel kariesfrie 5-åringer 82 % 84 %
Andel kariesfrie 12-åringer 60 % 57 %
Andel kariesfrie 18-åringer 27 % 25 %
Sikre tilgjenge til kvalitativt gode og stabile tenester innanfor rimelig reiseavstand
Kjøp av ambulant tannlegeutstyr - 2 per region (4 regionar) 4 4
Samarbeide med anna helseteneste, utvikle gode løysingar for komp.bygging
Førebyggande arbeid utanfor klinikkane (timar) 2000 982

Økonomi

Tannhelse hadde i økonomiplan 2020 ei driftsramme på 152,355 mill. kroner. Som ein konsekvens av koronapandemien og strenge smitteverntiltak på klinikkane, har behandlingskapasiteten blitt redusert. Dette har gitt eit bortfall på 40 % av budsjetterte inntekter på vaksne betalande pasientar. Inntektssvikten og auka utgifter til smittevernutstyr er hovudforklaringa på eit samla meirforbruk på 3,143 mill. kroner. Den vanskelege rekrutteringssituasjonen i 2020 har medført vakansar og mindre lønnsutgifter enn budsjettert. Dette er årsaka til at meirforbruket ikkje har blitt større.

Satsingar i 2021

  • Auke dekningsgraden (behandling og tilsyn) for prioriterte pasientgrupper
  • Rekruttering av tannhelsepersonell i ny klinikkstruktur
  • Uttesting av mobilt behandlingsutstyr
  • Tilsetting av spesialist i oral kirurgi og oral medisin i 50 % stilling i samarbeid med Helse Møre og Romsdal
  • Kompetansebygging innan folkehelse gjennom vidareutdanning av tannpleiarar

Visste du at nær kvar fjerde innbyggar i fylket er under tilsyn av den offentlege tannhelsetenesta?

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.