Notar
Rekneskapsprinsipp og vurderingsreglar
Regnskapet er avlagt i henhold til god kommunal regnskapsskikk, herunder kommunale rekneskapsstandardar (KRS) utgitt av Foreningen for god kommunal regnskapsskikk (GKRS).
Kommuneregnskapet er finansielt orientert, og skal vise all tilgang på og bruk av midlar i året. Inntekter og utgifter skal tidsmessig plasserast i det året som følger av anordningsprinsippet. Anordningsprinsippet betyr at alle kjente utgifter og inntekter i løpet av året som gjeld kommunens verksemd skal gå fram av drifts- eller investeringsregnskapet i året enten de er betalt eller ikkje. For lån er likevel berre den delen som er brukt i året ført i investeringsrekneskapen. Den delen som ikkje er brukt er registrert som memoriapost.
Vesentlege utgifter, utbetalingar, inntekter og innbetalingar som ikkje kan fastsetjast eksakt ved rekneskapsavslutninga, blir registrert med eit rundt rekna beløp i årsrekneskapen.
Klassifisering av anleggsmidlar, omløpsmidlar og gjeld
Anleggsmidlar er eigedelar som er bestemt til varig eige eller bruk i fylkeskommunen. Andre eigedelar er omløpsmidlar. Driftsmidlar blir ført som anleggsmidlar når anskaffingskost er minimum 100 000 kroner og har ei økonomisk levetid på minst 3 år.
Utgifter som påløper for å oppretthalde anleggsmiddelets relative standard utgiftsførast i driftsrekneskapen. Utgifter som representerer ei standardheving av anleggsmiddelet ut over standarden ved anskaffinga utgiftsførast i investeringsrekneskapen og aktiverast på anleggsmiddelet i balansen. Alle nye anlegg, både fylkesvegar, tunellar og bruer og skolebygg utgiftsførast i investeringsrekneskapen og aktiverast som anleggsmiddel i balansen. Større rehabiliteringar førast i sin heilheit som påkostning, utgiftsførast i investeringsrekneskapen og aktiverast på anleggsmiddelet i balansen, sjølv om rehabiliteringa kan innehalde element av vedlikehald. Løpande reparasjons- og vedlikehaldsutgifter som ikkje gir antatt auke i verdien eller levetida på anleggsmiddelet utgiftsførast i driftsrekneskapen. Enkelte utgifter ligg i grenseland mellom investering og drift og det gjerast da ei konkret vurdering for den aktuelle utgifta. Ei forventa auke i anleggsmiddelets levetid kan da være avgjerande for vurderinga.
Fordringar knytt til eigen vare- og tenesteproduksjon og marknadsbaserte verdipapir som inngår i ei handelsportefølje er omløpsmidlar. Aksjar og andelar i bedrifter som fylkeskommunen har ei spesiell interesse av å engasjere seg i er klassifisert som anleggsmidlar.
Langsiktig gjeld er lån i samsvar med §14-14 i kommunelova med unntak av eventuell likviditetstrekkrett/likviditetslån, jf. kl § 14-15 3. ledd. All anna gjeld er kortsiktig gjeld. Neste års avdrag på utlån inngår i anleggsmidlar og neste års avdrag på innlån inngår i langsiktig gjeld.
Anskaffingskost
Alle eksterne utgifter som er ei direkte konsekvens av anskaffinga blir behandla som ein del av kostprisen. Interne utgifter til løn som er direkte relatert til det aktuelle prosjektet inngår i kostprisen. Løn er belasta med ei kalkulatorisk timesats som inkluderar sosiale kostnadar og indirekte kostnadar som husleige mm. Ved lånefinansiering av investeringar er renteutgifter lagt til anskaffingskost i samsvar med anbefalt løysing i KRS nr. 2. for store vegprosjekt (byggjelånsrente). Store vegprosjekt er definert som nye veglenker med budsjettert anskaffingskost på meir enn 1 mrd. kroner. For tida gjeld dette kun for Nordøyveg-prosjektet. Renteutgifta er fastsett som fylkeskommunens gjennomsnittlege lånerente multiplisert med lånefinansiert andel av samla investeringsutgifter, tatt hensyn til prosjektets framdrift. Renteutgifta er utgiftsført i investeringsrekneskapen og aktivert som ein del av anskaffingskost på anleggsmiddelet. Øvrige byggjelånsrenter inngår ikkje og førast som ordinære renter i driftsrekneskapen.
Vurderingsreglar
Marknadsbaserte finansielle omløpsmidlar er vurdert til verkeleg verdi. Andre omløpsmidlar er vurdert til lågaste verdi av anskaffingskost og verkeleg verdi.
Uteståande fordringar er vurdert til pålydande med frådrag for venta tap.
Anleggsmidlar er vurdert til brutto anskaffingskost. Ved varig verdifall som antas å ikkje være forbigåande blir det gjort ei nedskriving til verkeleg verdi.
Avskrivingar
Anleggsmidlar med begrensa økonomisk levetid blir avskrivne med like store årlege beløp over levetida til eigedelen. Avskriving startar året etter aktivering, uansett om anleggsmiddelet er tatt i bruk eller ikkje. Avskrivingsperiodane følgjer i utgangspunktet $ 3-4 i forskrift om økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og årsmelding for kommuner og fylkeskommuner, men i særskilte tilfelle, der levetida på anlegget er lågare enn normal avskrivingstid, settes avskrivingstid til forventa levetid.
Normal avskrivingstid: | |
It-utstyr, kontormaskinar ol. | 5 år |
Inventar og utstyr, transportmiddel, maskiner ol. | 10 år |
Større nyttekjøretøy, anleggsmaskinar mv. | 20 år |
Skolar, vegar, bustader ol. | 40 år |
Adm.bygg, kulturbygg, forretningsbygg ol. | 50 år |
Mva-plikt og mva-kompensasjon
Delar av tenesteområda, til dømes bruttoavtalar med trafikkselskap om levering av kollektiv transport og tannhelsetenester til vaksne mot betaling, kjem inn under mva-lova. For den øvrige verksemda får fylkeskommunen mva-kompensasjon.
Fleirårlege tilskot til andres investeringar
Fleirårlege tilskot til å dekke renter og avdrag på lån til finansiering av andres investeringar blir ført i driftsrekneskapen det enkelte år tilskota blir utbetalt.
Endra rekneskapsprinsipp
Prinsippendringar som påverkar arbeidskapitalen blir ført direkte mot eigen konto under eigenkapitalen.
Organisering av fylkeskommunens verksemd
Fylkeskommunen er underlagt politisk styring med fylkestinget som øvste organ og fylkesordførar som øvste leiar. Fylkeskommunedirektøren er administrasjonssjef og leier dei administrative einingane i fylkeskommunen.
Fylkeskommunen har i 2020 vært gjennom ei omorganisering og er etter dette delt inn i fire linjeavdelingar (kompetanse og næring, samferdsel, kultur og tannhelse) og fire stabsavdelingar (stab for strategi og styring, stab for organisasjon og tenesteutvikling, stab for juridiske og administrative tenester og bygg- og eigedomstenester).
Møre og Romsdal fylkeskommune driv 23 vidaregåande skuler, 1 fagskule og 33 tannhelseklinikkar.
Den samla verksemda til fylkeskommunen er i hovudsak organisert innanfor fylkeskommunens ordinære organisasjon. Fylkeskommunen har ikkje oppretta eigne fylkeskommunale føretak (FKF).
Heileigde aksjeselskap og interkommunale selskap fylkeskommunen er medeigar i:
Selskap, forretningsadresse | Eigardel |
AS Kirkegaten 1A, Kristiansund | 100,0 % |
Møre og Romsdal Utvikling AS, Kristiansund | 100,0 % |
Ocean Industry School AS, Ålesund | 100,0 % |
Trafikkterminalen Kristiansund AS, Kristiansund | 100,0 % |
GassROR IKS, Aukra | 11,1 % |
IKA Møre og Romsdal IKS, Ålesund | 17,1 % |
VIGO IKS, Skien | 5,3 % |
Møre og Romsdal fylkeskommune har fire heileigde aksjeselskap. AS Kirkegaten 1A i Ålesund ble kjøpt i 2017 med formål om å sikre tenleg areal for mogleg vidareutvikling av bygget til museumsføremål. Kulturkvartalet driv i dag museum i bygget. Møre og Romsdal Utvikling AS er etablert med føremål å leggje Stiftelsen til rette for samfunnsmessige utviklingsprosjekt. Ocean Industry School AS er etablert for å auke elevanes kunnskap om, og interesse for, de arbeids- og karrieremulegheitar som finns i dei havbaserte næringane. Trafikkterminalen Kristiansund AS har til føremål å drifte persontrafikkterminal i byen.
Møre og Romsdal fylkeskommune er medeigar i tre interkommunale selskap. GassROR IKS har til formål å medverke til utvikling av fysisk infrastruktur og tilrettelegging for næringsutvikling i regionen. IKA Møre og Romsdal IKS er eit interkommunalt selskap eigd av alle kommunane i fylket og Møre og Romsdal fylkeskommune. Selskapet skal arbeide for at arkivmateriale frå medlemane blir teke vare på og gjort tilgjengeleg til ulike formål og har forretningsadresse Ålesund. Eigardelane blir justert kvart fjerde år på grunnlag av folketal, og fylkeskommunen sin eigardel er no 17,1%. VIGO IKS vart stifta i 2012 for å oppnå gode, enkle og framtidsretta IKT-system for eigarar og brukarar.
Samarbeid med andre:
Møre og Romsdal deltar saman med alle fylkeskommunane utanom Oslo i samarbeidet Nasjonal digital læringsarena NDLA. Hordaland fylkeskommune er kontorkommune.
Kollektiv transport
Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått avtalar med private trafikkselskap om levering av kollektiv transport, skoleskyss og TT-tenester. Fylkeskommunen har i all hovudsak bruttokontraktar, det inneber at fylkeskommunen har ansvar for inntektssida.
Sams vegadministrasjon
Staten har hatt ansvar for å stille med sams vegadministrasjon på regionalt nivå. Ordninga inneber at staten og fylkeskommunane har bruka same vegadministrasjon for å utføre høvesvis riks- og fylkesvegoppgåver. Utgifter til overordna leiing og planlegging, samt arbeid med drift- og vedlikehaldsoppgåver blei dekt innanfor Statens vegvesen sitt budsjett. Utgifter til planlegging, prosjektering mv. av fylkeskommunale veginvesteringar blei belasta fylkeskommunen. Frå og med 1.1.2020 vart fylkesvegadministrasjonen overført til fylkeskommunane. Sjå note 20 for meir informasjon.
Sammanlikningstal
Rekneskapen for 2020 er avlagt med nye oppstillingplanar, jfr. ny kommunelov og forskrift om økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for kommuner og fylkeskommuner mv. Noteopplysningane er også utarbeidd etter dei nye reglane. Tal for 2019 er tatt med i dei nye oppstillingsplanane, men det er ikkje gjort ei full gjennomgang og omarbeiding av dei enkelte linjene i oppstillingane. Rekneskapstala for 2019 er derfor ikkje nødvendigvis heilt samanliknbare med 2020. I tillegg har overtakinga av fylkesvegadministrasjonen gitt både ei høgare ramme og høgare utgifter enn i 2019.
For rekneskapspostar i balansen gjeld følgande:
I balansen er det gjort endringar i inndeling av eigedelar og gjeld i forhold til rekneskapen for 2019. I 2019 inneheldt rekneskapspostane Kortsiktige fordringar og Kortsiktig gjeld henholdsvis kundefordringar og leverandørgjeld. I rekneskapen for 2020 er kundefordringar og leverandørgjeld skilt ut i eigne linjer. Tilsvarande er rekneskapsposten Andre lån frå 2019 splitta opp i Gjeld frå kredittinstitusjonar og Andre lån i rekneskapen for 2020. Vidare var investeringar i sertifikater klassifisert som omløpsmiddel i rekneskapen for 2019 inkludert i regnskapsposten Kasse og bankinnskott. Sertifikater er i rekneskapen for 2020 klassifisert i eigen rekneskapspost Sertifikater.
I rekneskapen for 2020 er balansepostane nemnt over omarbeidd for 2019-tala.
Note 1 Endring i arbeidskapital
Balanserekneskapet : | 31.12. | 01.01. | Endring |
2.1 Omløpsmidlar | 2 626 528 | 2 478 753 | |
2.3 Kortsiktig gjeld | 1 343 964 | 1 303 409 | |
Arbeidskapital | 1 282 564 | 1 175 344 | 107 220 |
Drifts- og investeringsrekneskapet : | Beløp | ||
Driftsregnskapet | |||
Sum driftsutgifter | 6 041 360 | ||
Sum driftsinntekter | 6 421 451 | ||
Netto finansutgifter | 292 196 | ||
Netto driftsresultat | 87 894 | ||
Investeringsrekneskapet | |||
Sum investeringsutgifter | 2 122 220 | ||
Sum investeringsinntekter | 2 042 904 | ||
Netto utgifter videreutlån | - | ||
Netto utgifter i investeringsrekneskapet | - 79 316 | ||
Netto tilgang/bruk i drifts- og investeringsrekneskapet | 8 578 | ||
Endring ubrukte lånemidlar (auke +/reduksjon-) | 98 642 | ||
Endring i rekneskapsprinsipp ført direkte mot eigenkapital | - | ||
Endring arbeidskapital i drifts- og investeringsrekneskapet | 107 220 | ||
Differanse | - |
Note 2 Kapitalkonto
Saldo 01.01. | 3 761 006 |
Auke av kapitalkonto (kreditposteringar) | |
Aktivering av fast eigedom og anlegg | 2 102 804 |
Reversert nedskriving av fast eigedom og anlegg | - |
Aktivering av utstyr, maskinar og transportmidlar | - |
Kjøp av aksjar og andelar | 17 500 |
Reversert nedskriving av aksjar og andelar | - |
Utlån | 495 |
Aktivert eigenkapitalinnskot pensjonskasse | 3 629 |
Avdrag på eksterne lån | 229 590 |
Auke pensjonsmidlar | - |
Reduksjon pensjonsforpliktingar | 312 839 |
Nedskrive lån | 21 770 |
Reduksjon av kapitalkonto (debetposteringar) | |
Avgang fast eigedom og anlegg | 9 472 |
Av- og nedskriving av fast eigedom og anlegg | 348 749 |
Avgang utstyr, maskinar og transportmidlar | - |
Av- og nedskriving av utstyr, mask. og transportm. | - |
Avgang aksjar og andelar | 1 138 |
Nedskriving av aksjar og andelar | 7 260 |
Avdrag på utlån | 6 247 |
Avskriving utlån | - |
Reduksjon eigenkapitalinnskot pensjonskasse | - |
Bruk av midlar frå eksterne lån | 1 389 624 |
Reduksjon pensjonsmidlar | 16 211 |
Auke pensjonsforpliktingar | - |
Urealisert kurstap utenlandslån | - |
Saldo 31.12. | 4 670 932 |
Note 3 Vesentlege endringar i rekneskapsprinsipp og rekneskapsestimat og vesentlege korrigeringar av tidlegare års feil
Konto for endring av rekneskapsprinsipp
Verknad av endringar i rekneskapsprinsipp førast mot eigne eigenkapitalkontoar for endring av rekneskapsprinsipp. Positiv saldo på desse kontoane kan ikkje disponerast og negativ saldo skal ikkje dekkast inn. Det har ikkje vært endringar i rekneskapsprinsipp i 2020.
Prinsippendringar som påverkar arbeidskapitalen:
2020 | 2019 | 2018 | |
Rest feriepengar 1992 | 58 585 | 58 585 | 58 585 |
Investeringsdel | 58 585 | 58 585 | 58 585 |
Varelagre (sjukehus, apotek) | 25 086 | 25 086 | 25 086 |
Renter påløpt 2000, betalt i 2001 | 20 661 | 20 661 | 20 661 |
Mva-kompensasjon for 1999 | -12 845 | -12 845 | -12 845 |
Lærlingetilskot hausten 2001 | 8 045 | 8 045 | 8 045 |
Driftsdel | 40 947 | 40 947 | 40 947 |
Note 4 Varige driftsmidlar
IT-utstyr, kontor-maskinar | Anleggs-maskinar mv. | Boliger, skoler, veier | Adm.bygg mv. | Tomte-områder | SUM | |
Anskaffingskost 01.01.2020 | 117 710 | 312 432 | 8 737 001 | 3 442 002 | 12 609 145 | |
Årets tilgang | 16 315 | 41 343 | 1 959 761 | 80 516 | 4 870 | 2 102 805 |
Årets avgang | -580 | -8 892 | -9 472 | |||
Anskaffingskost 31.12.2020 | 134 025 | 353 195 | 10 696 762 | 3 513 626 | 4 870 | 14 702 478 |
Akk avskrivingar 31.12 | -90 073 | -144 794 | -2 103 744 | -997 032 | -3 335 643 | |
Netto akk. og rev. nedskrivingar | -126 | -35 310 | -35 436 | |||
Akk. avskr. og nedskr. 31.12. | 0 | |||||
Bokført verdi pr. 31.12.2020 | 43 952 | 208 275 | 8 557 708 | 2 516 594 | 4 870 | 11 331 399 |
Årets avskrivingar | -13 450 | -30 273 | -219 197 | -85 829 | 0 | -348 749 |
Årets nedskrivingar | ||||||
Årets reverserte nedskrivingar | ||||||
Tap ved sal av anleggsmidlar | ||||||
Gevinst ved sal av anleggsmidlar | ||||||
Økonomisk levetid | 5 år | 10 år | 40 år | 50 år | ||
Avskrivingsplan | Lineær | Lineær | Lineær | Lineær | Ingen avskr. |
Løn til eigne tilsette
Løn til eigne tilsette er belasta investeringsprosjekt og aktivert med 61,5 mill. kroner (5,0 mill. kroner i 2019, i tillegg til 67,7 mill. kroner belasta kalkulatorisk timekostnad frå Statens vegvesen gjennom SAMS vegadministrasjon).
Byggjelånsrenter
For Nordøyvegprosjektet er det aktivert byggjelånsrenter med 17,6 mill. kroner (4,7 mill. kroner i 2019). Øvrige investeringar er ikkje belasta med byggjelånsrenter. Det visast til rekneskapsprinsippa.
Nedskrivingar
Det er ikkje gjennomført nedskrivingar i 2020.
Vederlagsfri overtaking av vegprosjekt
I forbindelse med vederlagsfri overtaking av eit vegprosjekt forskotert og utført av andre er det i 2020 utgiftsført i investeringsrekneskapen og aktivert følgjande:
Kulvert mm, Lauvåsen boligfelt, Hustadvika | 12 526 |
Totalt | 12 526 |
Tilsvarande beløp er ført som inntekt under "Overføringar" i investeringsrekneskapen.
Note 5 Aksjar og andelar i varig eige
Aksjar og andelar som er bestemt til varig eige og er næringspolitisk eller samfunnsmessig motivert blir klassifisert som anleggsmidlar.
Selskapets namn | Eigarandel i selskapet | Balanseført verdi 31.12.2020 | Balanseført verdi 01.01.2020 | Opphaveleg kostpris |
AS Kirkegaten 1 A (917623716) | 100,0 % | 15 897 | 15 897 | 15 897 |
Møre og Romsdal Utvikling AS (996345084) | 100,0 % | 107 | 107 | 107 |
Ocean Industry School AS (889280662) | 100,0 % | 100 | 100 | 100 |
Trafikkterminalen i Kristiansund AS (981320018) | 100,0 % | 10 756 | 10 756 | 10 756 |
GassROR IKS (989633902) | 11,1 % | 200 | 200 | 200 |
Møre og Romsdal Revisjon IKS (917802149) | 0,0 % | - | 840 | 840 |
Åknes/Tafjord Beredskap IKS (893276882) | 0,0 % | - | 298 | 298 |
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS (982330459) | 17,1 % | - | - | - |
Vigo IKS (998283914) | 5,6 % | - | - | - |
KLP Eigenkapitalinnskot (938708606) | 51 412 | 47 783 | 51 412 | |
Akvainvest Møre og Romsdal AS (991498281) | 1,2 % | 104 | 104 | 104 |
AS Regionteateret i Møre og Romsdal (930569046) | 44,0 % | 264 | 264 | 264 |
Astero AS (919635657) | 31,0 % | 370 | 370 | 370 |
Atlanterhavstunnelen AS (953633930) | 21,3 % | 2 050 | 2 050 | 2 050 |
Braatthallen AS (968018590) | 30,0 % | 30 | 30 | 30 |
Brisk Kompetansesenter AS (818299982) | 31,3 % | 150 | 150 | 150 |
Bølgen Invest AS (986606890) | 4,1 % | 1 900 | 1 900 | 4 500 |
Festspillene i Kristiansund AS (820693922) | 25,0 % | 300 | 300 | 300 |
Fjord Norge AS (966091118) | 8,9 % | 370 | 370 | 370 |
Fosnaporten AS (983825281) | 10,0 % | 20 | 20 | 20 |
Furene AS (923994149) | 10,6 % | 30 | 30 | 30 |
Fylkeshuset AS (930591114) | 51,0 % | 51 | 51 | 51 |
Geitbåt Eiendom AS (915726879) | 41,3 % | - | - | 6 200 |
Halsafjordsambandet AS (996199665) | 12,4 % | - | - | 263 |
Hareid Fastlandssamband AS (939743863) | 4,0 % | - | - | 300 |
Helseinnovasjonssenteret AS (923766553) | 18,2 % | 150 | 150 | 150 |
Høgskolesenteret i Kristiansund AS (991237313) | 18,2 % | 22 | 22 | 22 |
Imarfinans AS (977237432) | 12,5 % | 13 | 13 | 13 |
Innovasjon Norge - innskotskapital (986399445) | 2,6 % | 505 | 505 | 505 |
Kommunekraft AS (866818452) | 0,3 % | 1 | 1 | 1 |
Langfjordforbindelsen AS (886281692) | 22,0 % | - | - | 2 331 |
Molde Lufthavnutvikling AS (985615462) | 1,3 % | 240 | 240 | 240 |
Muritunet AS (961721652) | 22,3 % | 3 200 | 3 200 | 3 200 |
Møbelkraft AS (913581628) | 38,0 % | - | - | 2 000 |
Møre og Romsdal Revisjon SA (923746552) | 20,1 % | 700 | 700 | 700 |
Møreaksen AS (942390742) | 20,3 % | - | - | 1 500 |
Møreforsking AS (991436502) | 47,5 % | 5 200 | 200 | 5 200 |
Nasjonalt Vindenergisenter Smøla AS (996153185) | 33,3 % | 500 | 500 | 500 |
Nordic Light Event AS (989685414) | 36,4 % | 172 | 1 290 | 1 650 |
Norsk Fjordsenter AS (967715328) | 41,4 % | 2 390 | 2 390 | 5 700 |
Norsk Tindesenter Eiendom AS (992524685) | 34,5 % | 10 100 | 10 100 | 10 100 |
OMKK Eiendom AS ()925174475) | 41,7 % | 12 500 | - | 12 500 |
Operaen i Kristiansund AS (963886705) | 29,4 % | 820 | 820 | 820 |
Protomore Kunnskapspark AS (981036093) | 4,8 % | 700 | 700 | 700 |
Riss Testlab AS (976778200) | 28,2 % | 200 | 200 | 200 |
Rovdefjordsambandet AS (996605949) | 4,3 % | 250 | 250 | 250 |
Runde Miljøbygg AS (989736027) | 25,9 % | 2 349 | 3 225 | 3 900 |
Runde Miljøsenter AS (987410752) | 40,0 % | 800 | 800 | 800 |
Samspleis AS (887493952) | 14,1 % | 500 | 500 | 500 |
Svorka Energi AS (919763159) | 25,0 % | 325 | 325 | 325 |
The North West AS (919549904) | 20,6 % | 262 | 1 300 | 1 300 |
Tingvoll Økopark Eiendom AS (916176678) | 43,1 % | 4 026 | 7 500 | 7 500 |
Tjeldbergodden Utvikling AS (979615361) | 3,9 % | 500 | 500 | 500 |
Trollheim AS (991323848) | 37,7 % | 100 | 100 | 100 |
Varde AS (918337679) | 19,7 % | 270 | 270 | 270 |
Vegamot AS (935162718) | 33,3 % | 1 050 | 1 050 | 1 050 |
ÅKP AS (tidl. Ålesund Kunnskapspark AS) (981575679) | 2,4 % | 200 | 200 | 200 |
ÅKP Blue Innovation Arena AS (912190641) | 19,2 % | 1 246 | 2 000 | 2 000 |
Diverse andelar | 87 | 87 | 87 | |
Sum | 133 488 | 120 757 | 161 425 |
Kommentarar:
Møre og Romsdal Revisjon IKS er under avvikling og sluttoppgjer er utbetalt til fylkeskommunen i 2020. Det blei danna eit nytt selskap, Møre og Romsdal Revisjon SA, i 2019, som overtok verksemda i selskapet. Fylkeskommunen var med på stiftinga av dette selskapet i 2019.
Møre og Romsdal fylkeskommune melde seg ut av Åknes/Tafjord IKS i 2015, men først i 2020 er oppgjer utbetalt og deltakinga i selskapet avslutta.
Der bokført verdi avviker frå opphaveleg kostpris er det gjort ei nedskriving av verdien som følgje av verdinedgang som ikkje er forventa å være forbigåande.
Det visast for øvrig til note 15 om sal av aksjar og andelar i året.
Note 6 Utlån
Utlån finansiert med eigne midlar | Uteståande 31.12. | Uteståande 01.01. | |
E39 Kvivsvegen | - | 6 247 | |
AS Svorka | 10 000 | 10 000 | |
Møre og Romsdal Såkornfond AS | 39 138 | 38 643 | 1) |
Sum eigenfinansierte utlån | 49 138 | 54 890 |
1) Opptente renter av utlån til Møre og Romsdal Såkornfond AS, 0,5 mill. kroner er i samsvar med inngått avtale lagt til hovudstolen og ført som utlån. Restsaldo forfaller i sin heilheit i 2022.
Note 7 Marknadsbaserte finansielle omløpsmidlar og derivater
Aktivaklasse | Finans-forvaltnings-reglement | Anskaffings-kost | Balanseført verdi 31.12. | Balanseført verdi 01.01. | Resultatført verdiendring |
Aksjefond | Pkt. 2c | 21 046 | 39 089 | 36 097 | 5 386 |
Pengemarknadsfond | Pkt. 2a og 2c | 200 325 | 213 459 | 208 483 | 1 504 |
Obligasjonar | Pkt. 2c | 17 489 | 17 292 | 17 270 | - 99 |
Totalt | 238 860 | 269 840 | 261 850 | 6 792 |
Marknadsbaserte verdipapir (m.a. sertifikat/pengemarknadsfond, obligasjonar og aksjar) er klassifisert som omløpsmiddel og vurdert til verkeleg verdi. Verkeleg verdi er fastsett til marknadsverdi pr. 31.12 i rekneskapsåret.
Note 8 Rentesikring
Renteutgiftene på kommunens lånegjeld sikrast i samsvar med gjeldande reglement for finans og gjeldsforvaltning.
Langsiktig gjeld med fast rente
I henhold til Finansreglement for Møre og Romsdal fylkeskommune, pkt. 2.b.5. skal til ein kvar tid vere minst 30% av fylkeskommunens innlån (inklusive lån sikra med FRA’er og SWAP’er) vere til fast rente (dvs. rentebinding lenger enn 12 månadar). Lån med fast rente utgjer pr. 31.12.2020 45% av den totale låneportefølja. Ei spesifisert oversikt over lån med rentesatsar og bindingstid vil vere tilgjengeleg i Finansrapport for 2020.
Rentebytteavtalar
Fylkeskommunen har ikkje rentebytteavtalar på sine lån.
Note 9 Langsiktig gjeld
Lånesaldo 31.12.2020 | Fylkes-kommune-kassa | Gj.snittlig løpetid (år) | Gj.snittlig rente |
Lån til eigne investeringar | 6 998 245 | 3,1 | 1,49 % |
Lån til andres investeringar | 0 | 0 | 0 |
Lån til innfrielse av kausjonar | 0 | 0 | 0 |
Lån til videreutlån | 0 | 0 | 0 |
Sum bokført langsiktig gjeld | 6 998 245 | ||
Herav finansielle leigeavtalar | 0 | ||
Lån som forfaller i 2021 * | 1 598 500 | ||
Herav lån som må refinansierast * | 1 598 500 | ||
Fordeling av langsiktig gjeld etter rentebetingelsar | Langs. gjeld 31.12.2020 | ||
Langsiktig gjeld med fast rente : | 3 149 210 | ||
Langsiktig gjeld med flytande rente : | 3 849 035 | ||
Sum | 6 998 245 |
* Lån som forfaller i 2021 tilsvarar sertifikatlån, som alle må refinansierast.
Andre lån er ført opp under Langsiktig gjeld i balansen med totalt 101,670 mill. kroner. Dette gjeld forskotteringar frå kommunar og andre, samt lån frå private.
Note 10 Avdrag på lån
Avdrag på lån til investeringar i varige driftsmidlar
Fylkeskommunen skal betale årlege avdrag som samla skal være minst lik størrelsen på fylkeskommunens avskrivingar i rekneskapsåret, justert for forholdet mellom størrelsen på lånegjelda og størrelsen på fylkeskommunens avskrivbare anleggsmidlar.
Berekninga gjerast ved hjelp av følgande formel:
"Sum årets avskrivingar x Lånegjeld pr. 1.1 i rekneskapsåret" delt på "Bokførte avskrivbare anleggsmidlar pr. 1.1 i rekneskapsåret".
Forholdet mellom betalte avdrag og minimumsavdrag | 2020 | 2019 |
Sum avskrivingar i året | 348 749 | 304 426 |
Sum lånegjeld pr 1.1. | 5 750 579 | 5 071 962 |
Avskrivbare anleggsmidlar pr. 1.1 | 9 586 816 | 8 119 800 |
Berekna minimumsavdrag | 209 195 | 190 157 |
Utgiftsførte avdrag i driftsrekneskapen | 229 590 | 212 624 |
Avvik | - 20 395 | - 22 467 |
Tilbakebetaling av forskottering til Imarfinans AS er ført som avdrag, og kjem i tillegg til ordinære minimumsavdrag. Fylkeskommunen mottar fergeavløysingsmidlar for Imarsundsambandet gjennom rammetilskot, som dekker dette avdraget. Det er i 2020 betalt 18,990 mill. kroner.
Note 11 Pensjonsforpliktingar
Generelt om pensjonsordningane i fylkeskommunen
Fylkeskommunen har kollektive pensjonsordningar i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) og Statens pensjonskasse (SPK) som sikrar ytelsesbasert pensjon for dei tilsette.
Pensjonsordninga omfattar alders-, uføre-, ektefelle-, barnepensjon samt AFP/tidlegpensjon og sikrar alders- og uførepensjon med samla pensjonsnivå på 66% saman med folketrygden. Pensjonane samordnast med utbetaling frå NAV.
Premiefond
Premiefondet er eit fond for tilbakeført premie og overskudd. Eventuelle midlar på premiefondet kan bare brukast til framtidig premiebetaling. Premiefondet går fram ikkje av rekneskapen, men bruk av fondet reduserer faktisk betalte pensjonspremiar.
2020 | 2019 | |
Inneståande på premiefond 01.01. | 116 886 | 111 314 |
Tilført premiefondet i løpet av året | 16 570 | 15 572 |
Bruk av premiefondet i løpet av året | 10 000 | 10 000 |
Inneståande på premiefond 31.12. | 123 456 | 116 886 |
Rekneskapsføring av pensjon
Etter § 3-5 og § 3-6 i årsrekneskapsforskrifta skal driftsrekneskapen belastast med pensjonskostnadar som er berekna ut frå langsiktige forutsetningar om avkastning, lønnsvekst og G-regulering. Pensjonskostnadane bereknast på ein anna måte enn pensjonspremien som betalast til pensjonsordninga, og det vil derfor normalt være forskjell mellom desse to størrelsane. Forskjellen mellom betalt pensjonspremie og berekna pensjonskostnad betegnes premieavvik, og skal inntekts- eller utgiftsførast i driftsrekneskapen. Premieavviket tilbakeføres igjen neste år.
Rekneskapsføringa av pensjon inneberer eit unntak frå dei grunnleggande prinsippa for kommunerekneskapen om at alle kjende utgifter og inntekter i året skal tas med i årsrekneskapen for vedkommande år (kl § 14-6, 2. ledd nr c). Rekneskapsføringa av premieavvik og amortisering av premieavvik har hatt innverknad på netto driftsresultat i 2020 ved at rekneskapsførte pensjonsutgifter er 4 161 høgare enn faktisk betalte pensjonspremiar.
Bestemmelsane inneberer også at berekna pensjonsmidlar og pensjonsforpliktingar er oppført i balansen som henholdsvis anleggsmidlar og langsiktig gjeld.
Økonomiske forutsetningar for berekning av pensjonskostnaden | KLP | SPK |
Forventa avkastning pensjonsmidlar | 4,00 % | 3,50 % |
Diskonteringsrente | 3,50 % | 3,50 % |
Forventa årleg lønnsvekst | 2,48 % | 2,48 % |
Forventa årleg G- og pensjonsregulering | 2,48 % | 2,48 % |
Spesifikasjon av samla pensjonskostnad, premieavvik, pensjonsforpliktingar og estimatavvik
Pensjonskostnad og premieavvik | 2020 | 2019 | |
Årets pensjonsopptening, noverdi | 147 851 | 162 322 | |
Rentekostnad av påløpt pensjonsforplikting | 101 424 | 125 508 | |
Forventa avkastning på pensjonsmidlane | - 109 319 | - 121 955 | |
Administrasjonskostnad | 6 822 | 7 018 | |
A | Berekna netto pensjonskostnad (inkl. adm) | 146 778 | 172 893 |
B | Forfalt pensjonspremie (inkl. adm.kostnader) | 169 458 | 227 769 |
C | Årets premieavvik (B-A) | 22 680 | 54 876 |
Pensjonsutgifter i drifts- og investeringsrekneskapet | 2020 | 2019 | |
B | Forfalt pensjonspremie (inkl. adm.kostnader) | 169 458 | 227 769 |
C | Årets premieavvik | -22 680 | -54 876 |
D | Amortisering av tidlegare års premieavvik | 54 876 | 32 166 |
E | Brutto pensjonsutgift etter premieavvik og amortisering (SUM B:D) | 201 654 | 205 059 |
G | Pensjonstrekk tilsette | 28 035 | 26 278 |
Årets rekneskapsførte pensjonsutgift (F-G) | 173 619 | 178 781 | |
Akkumulert premieavvik | 2020 | 2019 | |
Sum gjenståande premieavvik tidlegare år (pr. 01.01.) | 54 876 | 32 166 | |
Årets premieavvik | 22 680 | 54 876 | |
Sum amortisert premieavvik dette året | - 54 876 | - 32 166 | |
Akkumulert premieavvik pr. 31.12 | 22 680 | 54 876 | |
Arbeidsgjevaravgift av akkumulert premieavvik | 3 082 | 7 430 | |
Sum akkumulert premieavvik inkl. arb.g.avgift | 25 762 | 62 306 | |
Pensjonsmidlar og pensjonsforpliktingar | 2020 | 2019 | |
Netto pensjonsforpliktingar pr. 01.01. | 11 380 | 272 638 | |
Årets premieavvik | -22 680 | -54 876 | |
Estimatavvik (ført direkte mot eigenkapitalen) | |||
Virkninga av planendringar (ført direkte mot eigenkapitalen) | |||
Netto pensjonsforpliktingar pr. 31.12. | -11 301 | 217 762 | |
Herav: | |||
Brutto pensjonsforplikting | 3 046 038 | 3 323 508 | |
Pensjonsmidlar | 3 034 658 | 3 050 869 | |
Arbeidsgjevaravgift av netto pensjonsforplikting | 1 546 | 36 915 |
Det har i rekneskapsåret 2020 vært ei stor nedgang i netto pensjonsforpliktingar. Dette skuldast i all hovudsak endringar i pensjonsordninga frå og med 2020, for alle offentleg tilsette født i 1963 eller seinare.
Note 12 Fylkeskommunens garantiansvar
Gitt overfor - namn | Type garanti | Garantiramme | Garantiansvar pr. 31.12.2020 | Garantiansvar pr. 31.12.2019 | Opphaveleg garantiansvar | Utløp dato | |
Imarfinans AS (T-81/03) (T-46/09) | Sjølvskyldnargaranti | 290 400 | 24 207 | 40 344 | 222 000 | 2022 | |
Atlanterhavstunnelen AS (T-61/05) | Sjølvskyldnargaranti | 634 700 | 201 751 | 550 000 | 2027 | 1) | |
Samspleis AS (T-67/06) | Sjølvskyldnargaranti | 143 000 | 22 005 | 36 005 | 116 000 | 2032 | |
Trollheim AS (T-54/08) | Sjølvskyldnargaranti | 1 744 | 33 | 3 150 | 2020 | ||
AS Regionteatret i M&R (T-28/10) | Sjølvskyldnargaranti | 82 500 | 29 885 | 30 865 | 32 760 | 2051 | 2) |
AS Regionteatret i M&R (T-28/10) | Sjølvskyldnargaranti | 12 785 | 14 612 | 21 840 | 2027 | 2) | |
Eksportvegen AS (T-40/12) | Sjølvskyldnargaranti | 858 000 | 542 000 | 760 000 | 2030 | 3) | |
Muritunet AS (T-84/11) | Sjølvskyldnargaranti | 20 460 | 8 594 | 8 993 | 18 600 | 2042 | |
Muritunet AS | Sjølvskyldnargaranti | 4 022 | 4 205 | 2042 | |||
Stift. Molde Int. Jazzfestival (T-28/10) | Sjølvskyldnargaranti | 11 090 | 11 460 | 12 240 | 2050 | 2) | |
Stift. Molde Int. Jazzfestival (T-28/10) | Sjølvskyldnargaranti | 4 777 | 5 459 | 8 160 | 2027 | 2) | |
Stift. Romsdalsmuseet (T-43/13) | Sjølvskyldnargaranti | 81 675 | 35 330 | 36 555 | 50 000 | 2042 | |
Stift. Romsdalsmuseet - Renteswap (T-43/13) | Sjølvskyldnargaranti | 15 000 | 15 000 | 15 000 | |||
Norsk Tindesenter Eiendom AS (T-75/14) | Sjølvskyldnargaranti | 11 000 | 9 286 | 9 286 | 10 000 | 2045 | |
Tingvoll Økopark Eiendom AS (T-60/16) | Sjølvskyldnargaranti | 2 500 | 2 089 | 2 196 | 2 250 | 2040 | |
Vegamot AS (T-40/12) | Sjølvskyldnargaranti | 99 000 | 90 000 | 90 000 | 2025 | 4) | |
Vegamot AS (T-40/12) | Sjølvskyldnargaranti | 66 000 | 60 000 | 60 000 | 2021 | 4) | |
Vegamot AS (T-40/12) | Sjølvskyldnargaranti | 99 000 | 90 000 | 90 000 | 2023 | 4) | |
Vegamot AS (T-40/12) | Sjølvskyldnargaranti | 99 000 | 90 000 | 90 000 | 2027 | 4) | |
Vegamot AS - Renteswap (T-40/12) | Sjølvskyldnargaranti | 100 000 | 50 000 | 50 000 | 2025 | 4) | |
Vegamot AS (T-89/16) | Sjølvskyldnargaranti | 525 000 | 280 000 | 280 000 | 2030 | 5) | |
Sum garantiansvar | 3 128 978 | 839 070 | 958 764 | 2 467 000 |
1) Bompengeinnkrevjing blei avslutta i 2020 og lån innfridd i forbindelse med bompengeforlik i revidert nasjonalbudsjett for 2020. Lånet blei innfridd med midlar over statsbudsjettet.
2) I sak T-28/10 blei det gitt ei total garantiramme på 82,5 mill. kroner (inkl. 10% tillegg for renter og omkostningar) for samla opplåning som A/S Regionteatret i Møre og Romsdal og Molde International Jazz Festival tek opp til finansiering av sine eigardelar i Teater og jazzhuset i Molde.
3) Lån og garantiar for Eksportvegen AS (Tresfjordbrua) blei overført til Vegamot AS i 2020. Vegamot AS har tatt opp lån på til saman 330 mill. kroner for dette vegprosjektet.
4) Bompengeinnkrevjing er avslutta i januar 2021 i forbindelse med bompengeforlik i statsbudsjettet for 2021. Lån vil bli innfridd med midlar over statsbudsjettet, og det arbeidast med å gjere opp og avslutte lån og renteswap. Garantiar antas å bortfalle i løpet av 1. halvår 2021.
5) Fylkestinget vedtok i sak T- 89/16 å stille sjølvskyldnargaranti på 475 mill. kroner, (med tillegg av 10% av til ein kvar tid gjeldande hovudstol for dekking av renter og omkostningar, totalt 525 mill. kroner) for lån som bompengeselskapet tar opp til finansiering av Nordøyvegen. Garantien gjeld frå første opptrekk og gjennom innkrevjingsperioden på 20 år. Det er til nå gjort opptrekk på 280 mill. kroner.
I tillegg har fylkestinget gjort følgjande vedtak om garantiar:
Fylkestinget vedtok i sak T-16/18 å stille sjølvskyldnargaranti på 1 190 mill. kroner for lån som bompengeselskapet tar opp til finansiering av ny E39 Lønset-Hjelset. Garantien gjeld frå første opptrekk og gjennom innkrevjingsperioden på 15 år.
Note 13 Bundne fond
Bundne fond | Behaldning 01.01.2020 | Avsetningar | Bruk av fond | Behaldning 31.12.2020 |
Bundne driftsfond | ||||
SKUL - Kultur - tippemidlar | 2 299 | 88 030 | 89 373 | 956 |
SNM - Fond kap. 551.60 midlar | 21 431 | 120 145 | 122 777 | 18 799 |
SUTD - Permitt. og ledige utan fullført vgo - Covid19 (pr. 4087) | - | 15 200 | 108 | 15 092 |
SNM - Fond kap. 551.61 midlar | 20 972 | 27 914 | 38 480 | 10 406 |
SKUL - Freda bygg og anlegg | 9 809 | 5 177 | 4 789 | 10 197 |
SNM - Vannforvaltning | 7 745 | 3 350 | 1 526 | 9 569 |
SNM - Interne tildelinga | 10 274 | 4 900 | 5 987 | 9 186 |
SKUL - Kultur - kultursekken | 6 539 | 15 409 | 13 684 | 8 264 |
SSAM - Forsøksprosjekt TT | 1 641 | 11 491 | 5 297 | 7 836 |
SUTD - Årets avgangskull skal fullføre vgo - Covid19 (pr. 4089) | - | 8 099 | 302 | 7 797 |
SKUL - Kultur - tilskot kulturbygg | 6 279 | 3 567 | 3 500 | 6 346 |
SNM - Marint miljøsikrings- og verdiskapningsfond | 4 987 | 580 | - | 5 567 |
SNM - Regional Forskningsfond | - | 27 690 | 22 565 | 5 125 |
Øvrige bundne driftsfond | 71 297 | 70 348 | 52 752 | 88 893 |
Sum | 163 273 | 401 900 | 361 138 | 204 035 |
Bundne investeringsfond | ||||
Øyremerka statstilskot - ENOVA-midlar miljøfergeanlegg | 40 188 | 43 438 | 58 950 | 24 676 |
Gåvefond, midlar til Nordøyvegen | 15 000 | - | 15 000 | - |
Øvrige bundne investeringsfond | 2 338 | 6 | - | 2 344 |
Sum | 57 526 | 43 444 | 73 950 | 27 020 |
Note 14 Sal av finansielle anleggsmidlar
Det har ikkje vært sal av aksjar i 2020.
Fylkeskommunen har i 2020 fått innbetala følgande innløysing frå IKS som fylkeskommunen er utmeld frå:
Møre og Romsdal Revisjon IKS | Åknes/ Tafjord Beredskap IKS | |
Innløysingssum | 874 | 298 |
Inntektsført i driftsrekneskapen | - | - |
Inntektsført i investeringsrekneskapen | 874 | 298 |
Sum inntektsført salssum | 874 | 298 |
Note 15 Ytelser til ledande personar
Ytelser til ledande personar | Lønn og anna godtgjersle | Godtgjersle for andre verv | Tilleggs-godtgjersle | Natural-ytelser |
Fylkeskommunedirektør | 1 398 | - | - | - |
Ordførar | 1 229 | - | - | - |
Note 16 Godtgjersle til revisor
Fylkeskommunen sin revisor er Møre og Romsdal Revisjon SA
Godgjersle til revisor | Fylkes-kommunekassa |
Rekneskapsrevisjon | 1 366 |
Forvaltningsrevisjon | 639 |
Eigarskapskontroll | - |
Rådgivingstenester | - |
Samla godtgjersle | 2 005 |
Note 17 Resultatoppstillingar - tannhelsetenesta
Forutan å sørge for tannhelsetenester til prioriterte grupper iht. tannhelsetjenesteloven, behandlar tannhelsetenesta også vaksne betalande pasientar. Behandling av betalande pasientar skjer i konkurranse med privatpraktiserande tannlegar og skal ikkje være subsidiert av fylkeskommunen.
Tannhelsetenestas verksemd kan delast inn som følger:
a) Tannhelsetenester som tilbys helt eller delvis vederlagsfritt til prioriterte pasientar
b) Tannhelsetenester som tilbys vaksne mot betaling i områder der det ikkje føreligger anna tilstrekkeleg tilbod
c) Tannhelsetenester som tilbys vaksne mot betaling i områder med konkurranse frå private tannlegar
Gruppe b) er vurdert å ikkje vere aktuell for tannhelsetenesta i Møre og Romsdal.
Direkte utgifter er delt på grunnlag av kor stor del betalande pasientar utgjer av samla behandla pasientar. I 2020 var andelen 6,94 prosent. Øvrige utgifter er delt med utgangspunkt i kor stor del av netto driftsutgifter (utanom avskrivingar) tannhelse utgjer av netto driftsutgifter på rammeområda samla.
Rekneskapssamandrag for dei ulike delane av verksemda
a) Offentleg tannhelse | b) Tenester av allmenn øk. betydning | c) Konkurranse-utsett | |
Direkte inntekter | 8 688 | 11 601 | |
Direkte utgifter | 163 871 | 11 865 | |
Henførte indirekte utgifter | 6 440 | 210 | |
Kapitalkostnader | 6 696 | 499 | |
Resultat | - 168 320 | - | - 973 |
Året 2020 har vore eit spesielt år, med covid19, periodar med stengde tannhelseklinikkar og auka smittevern. Dette er også ein del av årsaka til ei nedgang i andel betalande pasientar frå 9,07% i 2019 til 6,94% i 2020.
Note 18 Usikre forpliktingar, betinga eigedelar og hendelser etter balansedagen
Usikre forpliktingar
I 2020 har fylkeskommunen fått innbetalt 275,6 mill. kroner som kompensasjon for tapte kollektivinntekter, stimuleringsmidlar til andre (bedriftsintern opplæring, lærlingetilskot og karriererettleiing) og meirkostnadar i vidaregåande opplæring i høve covid19-pandemien. Ved slutten av året er det foreløpig berekna at kompensasjon knytt til tapte kollektivinntekter kan være rundt 36,2 mill. kroner for høg. Det er ikkje avklara om fylkeskommunen vil få behalde midlane, om det blir avregna mot kompensasjon i 2021 eller om det må betalast tilbake.
Fylkeskommunen har ingen andre vesentlege usikre forpliktingar.
Hendelser etter balansedagen
Det føreligg ikkje informasjon om forhold som eksisterte på balansedagen, eller hendelser etter balansedagen som er av ei slik betyding at manglande informasjon vil påverke rekneskapsbrukarens evne til å foreta korrekte vurderingar og beslutningar på bakgrunn av årsrekneskapen.
Note 19 Spesifikasjon av vesentlege postar og transaksjonar
Spesifikasjon av andre sals- og leigeinntekter:
Rekneskap 2020 | Budsjett 2020 | Rekneskap 2019 | ||
Andre sals- og leigeinntekter: | ||||
Inntekter kantine, kost mv vidaregåande skule | 17 589 | 27 420 | 27 013 | |
Inntekter elevarbeid mv vidaregåande skule | 2 091 | 1 826 | 2 412 | |
Sal av kurs mv | 4 764 | 3 180 | 4 729 | |
Husleigeinntekter | 13 826 | 13 499 | 13 487 | |
Kollektivinntekter buss og hurtigbåt | 269 345 | 289 668 | 279 964 | 1) |
Kollektivinntekter ferge | 330 084 | 319 409 | 206 644 | 2) |
Ymse andre inntekter | 60 677 | 27 276 | 62 746 | |
Sum | 698 376 | 682 278 | 596 995 |
1) Kollektivinntekter buss og hurtigbåt består i hovudsak av sal av billettar til persontrafikk.
2) Kollektivinntekter ferge består av både persontrafikk og næringstrafikk.
Note 20 Overføring av SAMS vegadministrasjon til fylkeskommunen
Fylkeskommunane har ansvaret for alle fylkesvegoppgåver etter veglova. Gjennom SAMS vegadministrasjon har fylkeskommunane nytta seg av Statens Vegvesen (SVV) for å utføre dei fleste av sine fylkesvegoppgåver. I forbindelse med regionreform, gjeldande frå 1.1.20, vedtok Stortinget at ordninga med SAMS vegadministrasjon skulle opphøyre, og fylkeskommunane overtok sjølv oppgåvene som tidlegare blei utført av SVV.
I statsbudsjettet for 2020 (Prop. 1 S Tillegg 1 (2019-2020)) har fylkeskommunen fått ei rammeauke på 84,767 mill. kroner. Dette skal dekke kostnadane knytt til overføring av SAMS vegadministrasjon frå Statens Vegvesen til fylkeskommunane. Auka er berekna å utgjere 76 stillingar til ei årsverkskostnad på 1,115 mill. kronar. Konsulentkostnadar og omstillingskostnadar er ikkje finansiert i rammeauka, og er derfor ei underfinansiering av reforma. Rammeaukinga skal finansiere dei tilsette som jobbar med drift og forvaltning av fylkesveg. Tilsette knytt til investeringar har fylkeskommunen dekka sjølv gjennom belastning av timekostnadar frå SVV på investeringsprosjekt.
Tilsette er overført til fylkeskommunen dels gjennom ei verksemdsoverdraging og dels gjennom tilsetting etter ei mønsteravtale, via utlysing først internt i SVV, så i den opne marknaden.
Rekneskapsmessig oppgjer:
I forbindelse med overtakinga har fylkeskommunen overtatt ein del eigedelar knytt til vegadministrasjonen. Eigedelane er antatt å ikkje ha ein vesentleg verdi, og er ikkje ført inn i fylkeskommunen sitt rekneskap.