ÅRSRAPPORT 2020

Samferdsel

Fylkeskommunen har utviklings-, utbyggings- og driftsansvar knytt til fylkesvegar, kollektivtransport og tilrettelagt transport for utvalde grupper. Vi skal tilby framtidsretta, trygge, pålitelege, behovsorienterte og miljøvennlege samferdselsløysingar for innbyggarane i Møre og Romsdal. Frå 01.01.2020 er samferdselssektoren organisert med to fagavdelingar.

  • FRAM kjøper transporttenester innanfor buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, samt har ansvar for skoleskyss, TT-ordninga, FRAM Flexx og drosje. FRAM skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta på ein effektiv og god måte.
  • Fylkesvegavdelinga har ansvar for utvikling, forvaltning og drift av om lag 3000 km fylkesvegar og utbygging av nye fylkesvegprosjekt i Møre og Romsdal. Avdelinga har eit solid byggherremiljø som styrer kontraktar med entreprenørar innan utbygging og drift av vegnettet.
Visste du at Nordøyvegen er landets største fylkesvegprosjekt? I løpet av ein månad jobbar 500 personar med prosjektet.

Resultat

Kollektivandelen skal aukast, og tilbodet skal vere attraktivt, effektivt og tilpassa kundegrunnlaget

Arbeidet møtte store utfordringar i 2020, på grunn av koronapandemien. Det var i overkant av 30 prosent nedgang i bruk av busstilbodet i fylket. Det var også nedgang i bruken av FRAM Flexx, og kundetilfredsheita gjekk ned. På tross av strenge restriksjonar i kollektivtrafikken grunna pandemien, har FRAM oppretthalde kollektivtilbodet (inkludert skoleskyss) i tråd med nasjonale og lokale smitteverntiltak.

FRAM har i 2020 arbeidd med innhald og funksjonalitet i nytt billettsystem. I tillegg til buss og hurtigbåt, ser prosjektet på andre mobilitetsløysingar.

Eit eige utviklingsprosjekt for bestillingstransport er sett i gang i 2020. Prosjektet skal peike på kva bestillingstilbodet skal innehalde, korleis det skal finansierast og kvar i fylket bestillingstransport skal vere tilgjengeleg.

Moglegheitene i ferjetrafikken skal utnyttast og tilbodet skal ha tilpassa kapasitet og enkle betalingsløysingar

Det har gjennom 2020 vore jobba aktivt mot sentrale myndigheiter, både for auka finansiering og enklare betalingsløysingar. Automatisk betalingsløysing (Autopass) blei innført på alle ferjesamband i løpet av 2020. Det er inngått ny kontrakt i to ferjesamband i 2020, Småge–Orta–Sandøya–Finnøya–Ona og Brattvåg- Dryna. Tilbodet for Småge–Orta–Sandøya–Finnøya–Ona er over nasjonal ferjedriftsstandard, mens Brattvåg-Dryna er i samsvar med nasjonal standard.

Transportsystemet skal utviklast og haldast ved like, samt vere effektivt, tilgjengeleg og trafikksikkert for alle typar trafikantar

Vedlikehaldsetterslepet er framleis den største utfordringa på fylkesvegnettet. Kartlegging frå 2019 viser at vedlikehaldsetterslepet i Møre og Romsdal er på om lag 8,6 mrd. kroner. Særleg utfordrande er etterslepet på fylkesvegtunnelane, kor fylkeskommunen er pålagt å innfri krav om sikkerheit i tunnel innan 2025 (tunnelsikkerheitsforskrifta). Om lag 30 fylkesvegtunnelar i Møre og Romsdal må utbetrast for å oppfylle forskriftskrava. Det samla attståande behovet direkte knytt til tiltak for å kunne innfri forskriftskrava er om lag 1,5 mrd. kroner. Dette er særs krevjande både av omsyn til økonomi og kapasitet. I 2020 har vi jobba med plan for vidare arbeid med tunnelsikring, men på grunn av kapasitetsutfordringar er ikkje dette ferdigstilt. Samstundes har vi arbeidd opp mot nasjonale myndigheiter for at det blir oppretta eigne program for å ta igjen vedlikehaldsetterslepet på fylkesveg og at kompensasjon for iverksetjing av krav i tunnelsikkerheitsforskrifta blir vidareført og auka.

På mange av ferjekaiene knytt til fylkesvegferjedrifta har det og vore, og framleis er, ei stor utfordring i forbindelse med utløp av levetid på infrastrukturen. Dette utløyser i seg sjølv behov for opprusting på fleire av kaianlegga i fylket. Vidare er det behov for å tilpasse mange av kaiane til ferjer i nye kontraktar, både med omsyn til miljøferjer og større ferjer som følge av auka trafikk. I 2020 er utbetring av ferjekaiene Sandvika – Edøy og Seivika ferdigstilt. Tømmervåg ferjekai og riving av gammal kai i Seivika blir ferdigstilt i 2021.

Møre og Romsdal har også mange bruer, der det er behov for utskifting eller utbetringstiltak ut over ordinært vedlikehald. I 2020 har vi ferdigstilt arbeidet med ny bru ved Jensholmen i Herøy kommune, arbeidd med ferdigstilling og prosjektering av fleire bruer som skal få auka bereevne, til dømes Brandalsbrua i Hareid kommune, samt vidare klargjering for bygging av ny bru til Nerlandsøya i Herøy kommune.

Det er i tillegg til bru- og ferjekaitiltaka over, gjennomført utbetring av Kranaveien i Kristiansund, med mellom anna nytt fortau og utskifting av rekkverk.

Fylkeskommunen har i samarbeid med Innovasjon Norge og Leverandørutviklingsprogrammet starta eit prosjekt for å finne ein meir effektiv og mindre kostbar måte å handtere vedlikehald og bygging av bruer på i tida framover. Du kan lese meir om prosjektet under Store prosjekt og satsingar.

I 2020 vart det starta opp to nye driftskontraktar på fylkesveg, 1500 Ålesund og 1502 Indre Sunnmøre. Desse kontraktane viser, i likskap med resten av landet, ei kraftig auke i kostnader knytt til drift og vedlikehald. Som ein konsekvens av dette er inngåtte kontraktar kutta vesentleg. Vi har starta arbeidet for å møte kostnadsauken i framtidige kontraktar for eksempel gjennom å endre risikofordeling mellom byggherre og entreprenør, samt å sette riktig driftsnivå på vegnettet og ha hensiktsmessig storleik på kontraktsområda. Måla om lågare kostnader og forenklingar er i fokus, samstundes som dette ikkje skal gå ut over kvaliteten på ein slik måte at vi får vesentleg redusert framkome og/eller trafikktryggleik for trafikantane i Møre og Romsdal.

Det største samferdselsprosjektet til fylkeskommunen er Nordøyvegen

Rassikring

Ny rassikringstunnel mellom Geiranger og Eidsdal på fv. 63 er i gang og tunneldrivinga er starta opp. Planen er at ny tunnel skal opnast hausten 2023.

Transportsektoren skal omstillast mot eit samfunn med lågutslepp og overgang til fornybar energi, og negative miljøkonsekvensar skal minimaliserast

Vi har halde fram arbeidet med å redusere miljøskadelege utslepp frå transportsektoren gjennom miljøvenlege driftsavtalar på ferje og buss. I 2020 blei det sett i drift fem nye miljøferjer; tre på Hareid-Sulesund og to på Sykkylven-Magerholm. Dette gir ein reduksjon i CO2-utslepp på 16 000 tonn per år. Til no har Møre og Romsdal fylkeskommune inngått kontrakt om miljøferjer på totalt 10 ferjesamband og 16 ferjer. Elektrifisering av fylkesvegferjene vil gi ein samla reduksjon i CO2-utslepp på 38 000 tonn per år innan 2024.

Ny busskontrakt i Ålesund, Giske og Sula som starta i januar 2021 omfattar mellom anna elektriske bussar og leddbussar. Elbussane skal køyre 750 000 kilometer utsleppsfritt og vil redusere klimagass-utsleppa med meir enn 560 tonn CO2 per år.

Gjennom fleire prosjekt blir det arbeidd for å sjå på moglegheitene for miljøvenleg teknologi i hurtigbåtsektoren. I prosjektet «Smartere Transport i Norge» samarbeider fylkeskommunen med SINTEF, NTNU, Ålesund og Kristiansund kommune for å greie ut løysingar for eit framtidsretta system for kollektivtransport med autonome passasjerbåtar i byar. Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2020 sluttført pilotprosjektet Batterielektrisk hurtigbåt mellom Langevåg og Ålesund gjennom Grønt Skipsfartsprogram. I 2020 vart det òg starta opp eit forprosjekt på utsleppsfritt hurtigbåtanbod i Møre og Romsdal med tildelte Klimasatsmidlar. Utgreiinga ser mellom anna på seglingsruter, straumnett, ladeinfrastruktur, effektbehov, løysing for automatisk lading og fortøying og tilpassing av anløp og kaier. Den vurderer også aktuelle nullutsleppsalternativ på dei ulike rutene og drøfter visuelle utfordringar og støy frå kaianlegg.

Det har blitt arbeidd med klima-, areal-, og transportplan for Ålesundsregionen i samarbeid med kommunane Ålesund, Sula og Giske.

I dei nye vegdriftskontaktane som blei inngått i 2020 er det stilt miljøkrav (Euro6 og STEG IV) for køyretøy som blir nytta til vinterdrift. Dette vil føre til reduksjon i utslepp av klimagassar og skadelege partiklar. Det er også stilt krav til rapportering av klima-/ miljøutslepp.

Ferjeavløysing kan vurderast på alle fjordkryssingar, då fastlandsamband både er samfunnsnyttige og skapar vekst og utvikling i samfunnet generelt

Prinsipp for fastsetting av ferjemidlar for sjølvfinansierande prosjekt blei vedtatt av fylkestinget (T-50/20). Vi har i løpet av 2020 vore i dialog med fleire av prosjekta som er på uprioritert plass i investeringsprogrammet, kor av to av dei har vore til politisk behandling i tråd med vedtatt prosedyre. I tillegg har det vore jobba vidare med utvikling av kontantstrømsmodell, som no er i testfase.

Fylkeskommunen ferdigstilte arbeid med kommunedelplan for Todalsfjordprosjektet i 2020, og denne er no vedtatt av kommunane. Fylkeskommunen gjekk også inn som aksjeeigar i Todalsfjordprosjektet AS, og auka aksjekapitalen i selskapet med fem millionar kroner.

Transportulykker med drepne og hardt skadde skal reduserast ytterlegare - ned mot det nasjonale målet om under 350 personar i 2030

Fylkeskommunen arbeider kontinuerleg med å bygge, drifte og forvalte vegnettet for å redusere talet på hardt drepne og skadde i trafikken. Ved uttale til aktuelle kommunale planar blir trafikksikkerheit vektlagt.

Vi arbeider også målretta med haldningsskapande arbeid, mellom anna i samarbeid med Trygg Trafikk. På grunn av koronasituasjonen har det vore utfordrande å gjennomføre alle planlagde tiltak i 2020, som til dømes besøk i barnehagar, likevel er fleire tiltak gjennomført.

Kvart år gjennomfører vi ulike mindre trafikktryggingstiltak langs fylkesvegnettet. Samferdselsutvalet er trafikktryggingsutval, og det er dei som vedtar kva tiltak som skal gjennomførast. I 2020 har vi utført følgande tiltak: Gangfeltsikring i Skodje sentrum og Lerstadvegen i Ålesund, belysningstiltak på Sørsundbrua i Kristiansund og på Hollingen i Aukra, utbetring av sikt i kurve på Smøla og oppgradering av fortau på Kviltorp samt signalregulert gangfelt på Bjørset i Molde. I tillegg til dette har vi utført tiltak etter ein trafikktryggingsinspeksjon på Averøy finansiert av koronatiltakspakken. Vi er også i gong med eit varslingssystem for kø og syklistar i Kvalnestunnelen i Ulstein, men dette er enno ikkje ferdigstilt.

Gang- og sykkelvegnettet skal byggast ut som eit verkemiddel for betre framkomme, trafikksikring, folkehelse og klima

Det var ikkje sett av midlar til utbygging av gang- og sykkelvegar i 2020. Det har blitt arbeidd med gang- og sykkelvegtiltak gjennom førebuing av bypakke Ålesund, der har det blitt arbeidd med organisering i bypakken. Det har vore dialog med Ålesund og Molde kommune om tiltak for auka sykkelbruk. I tillegg har fleire eksisterande gang- og sykkelvegar blitt utbetra, finansiert av korona-tiltakspakken, mellom anna på strekningane Hatlane – Ålesund, Furneskrysset – Langevåg og Isfjorden – Åndalsnes.

Visste du at trass i koronapandemien var kollektivtilbodet om lag på same nivå som året før?
Dette for å sikre eit tilbod til dei som har samfunnskritiske funksjonar, og for at det skulle vere lettare å halde avstand om bord på bussane våre.

Dette leverte vi i 2020

Måleindikator Mål for 2020 Resultat for 2020
Kollektivandelen skal aukast, og tilbodet skal vere attraktivt, effektivt og tilpassa kundegrunnlaget
Auke talet på busspassasjerar - heile fylket 1 % - 32 %
Auke talet på busspassasjerar (Ålesund, Giske og Sula) 3 % - 34 %
Kundetilfredsheit - for kundar som reiser kollektivt meir enn ein gong per mnd 68 % 52 %
Moglegheitene i ferjetrafikken skal utnyttast og tilbodet skal ha tilpassa kapasitet og enkle betalingsløysingar
Innføre AutoPASS brikkebetaling i dei kontraktane som har oppstart i 2020 13 21
Transportsystemet skal utviklast og haldast ved like, samt vere effektivt, tilgjengeleg og trafikksikkert for alle typar trafikantar
Ferdigstilt utbedring av ferjekaiene Sykkylven – Magerholm, Edøy – Sandvika, Kvanne - Rykkjem 6 5
Oppfylling av krav i driftskontrakter - del av kontrakter med planlagde stikkprøver 95 % 63 %
Oppfylling av krav i driftskontrakter - gjennomførte kontrollar utan manglar 97 % 100 %
Forholdet mellom talet på utførte stikkprøver og stikkprøver angitt i kontrollplan (SVV) 95 % 125 %
Frekvens for entreprisedriften (F-verdi) <=50 63
Nestenulykkefrekvens for entreprisedriften (N-verdi) >1 500 1 843
Personskadefrekvens for entreprisedrifta ( H2-verdi) <=15,0 10,4
Fråværskadefrekvens for entreprisedriften (H1- verdi) <=5,0 4
Transportsektoren skal omstillast mot eit samfunn med lågutslepp og overgang til fornybar energi, og negative miljøkonsekvensar skal minimaliserast
Mål om redusert CO₂-utslepp frå driftskontraktar buss, ferje og hurtigbåt < 90 000 tonn CO₂ om lag 82.000 tonn CO₂
Transportulykker med drepne og hardt skadde skal reduserast ytterlegare
Barnehageprosjekt "Sikring av barn i bil" - besøk barnehagar 10 4
Barneteateret "Ville veier og vrange skilt" 10 10
Trygg Trafikk i skolene - skolebesøk 2 1
team #- Trafikktryggingsprosjekt for ungdom 48 48
Gang- og sykkelvegnett skal byggast ut som eit verkemiddel for betre framkomme, trafikksikring, folkehelse og klima
Utarbeide plan for realisering av gang- og sykkelvegtiltak i bypakke Ålesund 100 % 50 %

Økonomi

Samferdselssektoren hadde ei samla driftsramme på 2 049 mill. kroner. Av dette brukte vi om lag 1 363 mill. kroner til kjøp av buss-, båt- og ferjetenester og 548 mill. kroner til drift/vedlikehald av fylkesvegane. Totalt har sektoren eit samla mindreforbruk på om lag 19,4 mill. kroner (0,9 % av total driftsramme).

Pandemien har i stor grad prega arbeidet innan samferdselssektoren gjennom nesten heile året, mellom anna ved at billettinntektene har blitt vesentleg redusert. Inntektstapet i høve vedtatt budsjett var 38 % (99 mill kroner) på buss, 29 % (136,5 mill kroner) på fylkesvegferjene og 33 % (19,8 mill kroner) på hurtigbåtane.

Innanfor samferdselsområdet brukte vi 1 965 mill kroner til investeringar. Dei største investeringane skjedde på fylkesvegområdet og der bygging av Nordøyvegen var det klart største prosjektet (1 622 mill kroner).

For detaljar viser vi til rekneskapen.

Satsingar i 2021

  • Ny fylkesstrategi for samferdsel i Møre og Romsdal skal bli vedtatt i 2021
  • Auka trafikktryggleik gjennom planlegging av vegnett og tilstøytande areal og haldningsskapande arbeid i samarbeid med andre
  • Vidareutvikle kostnadseffektive kontraktar på samferdselsområdet, med innovative løysingar
  • Redusere klimagass- og miljøskadelege utslepp frå veg- og transportsektoren
  • Eit tilgjengeleg kollektivtilbod med god kundetilfredsheit, og utvikle nye mobilitetsløysingar (til dømes bestillingstransport). I første omgang vil vi ha fokus på å restarte kollektiv- og mobilitetstilbodet etter at pandemiperioden er over.
  • Oppdatere kunnskap om status for ulike vegobjekt, oppgradere og tilpasse ferjekaier til nye ferjer, og revidert plan for å innfri lovpålagte krav i tunnelsikkerheitsforskrifta.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.