ÅRSRAPPORT 2018

Fylkesplanen - rapportering

Kva er fylkesplanen?

Fylkesplanen er den overordna planen for samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Planen skal gi fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit felles prioriterings- og avgjerdsgrunnlag. Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020 har tre overordna prioriteringar, tre innsatsområde og tre gjennomgåande perspektiv.

Oversikt over overordna prioriteringar, innsatsområde og gjennomgåande perspektiv.

Innsatsområde

Innsatsområda er dei områda der fylkeskommunen har størst kompetanse og verkemidlar til å påverke den regionale utviklinga. I 2018 hadde dei tre innsatsområde kvar sine handlingsprogram. Frå 2019 er dette lagt inn i økonomiplan med budsjett.

Resultata for 2018 er omtala i årsrapporten under «Aktivitetar og resultat». I tillegg finn du ei summarisk rapportering på alle tiltaka i handlingsprogramma på nettsida om handlingsprogram.

Overordna prioriteringar

Dei tre overordna prioriteringane er område der Møre og Romsdal fylkeskommune er utfordra til å ta rolla som regional samordnar. Prioriteringane skal følgjast opp gjennom nokre større felles prosjekt og utviklast i samarbeid med regionale og lokale aktørar.

I 2018 har det vore arbeidd med fleire større utviklingsprosjekt som Møre og Romsdal mot 2025, Campus Kristiansund, Byen som regional motor, Tettstadprogrammet, Samordna klima-, areal- og transportplan for Ålesundsregionen og Verdiskapingsprogrammet «Ein bit av historia». Meir informasjon ligg under «Store prosjekt og satsingar». Også implementering av FoI-strategiane for næringslivet og kommunal sektor er viktige tiltak under prioriteringa Omstilling.

Fylkeskommunen har i 2018 fått betre kompetanse og system for arbeidet med prosjekt. Ei handbok for gjennomføring av prosjekt vart ferdigstilt og er no tatt i bruka av alle avdelingar. Det er gjennomført to kursrekker opplæring i prosjektleiing for våre tilsette.

Integrering er ei prioritering som er følgt opp både i vår tenesteproduksjon og i mindre utviklingstitak. Det har vore arbeidd med betre samordning internt og eksternt, og erfaringsdeling på tvers av forvaltningsnivå og kommunegrenser. Du kan lese meir om fylkeskommunen sitt arbeid med integrering her.

Gjennomgåande perspektiv

Dei gjennomgåande perspektiva er nasjonalt prioriterte samfunnsomsyn som fylkeskommunen, kommunane og statsetatane, skal vurdere i alle planar og tiltak. Dette er omsyn som er med i plan- og bygningslova sin formålsparagraf.

Det er etablert ei intern arbeidsgruppe for likestilling og inkludering der alle avdelingane er representert. Arbeidsgruppa hadde i fellesskap ansvar for gjennomføring av ein fagdag om likestilling saman med kultur- og folkehelseutvalet i juni. Oppsummering med forslag til tiltak finn du under Dokument på nettsida om dei gjennomgåande perspektiva.

I 2018 er handboka for oppfølging av dei gjennomgåande perspektiva i fylkesplanen oppdatert. Den er delt ut til alle tilsette og følgt opp i opplæring av nye saksbehandlarar.

Eksempel på tiltak i 2018 for å ta omsyn til barn og unge sine interesser, universell utforming og klima og miljø er:

Barn og unge

  • Utarbeidd statistikknotat om Barn og unge i Møre og Romsdal.
  • Kartlagt rammevilkåra for ungdomsråda i Møre og Romsdal, questback-undersøking.
  • Følgt opp barn og unge sine interesser i kommunale plansaker – reist motsegn til 19 planar på dette grunnlaget.
  • Gjennomført VIP og VIP makkerskap for å førebygge mobbing og sosial utestenging.
  • Tre skolar har gjennomført eit pilotprosjekt med innsatsteam mot mobbing i samarbeid med læringssenteret i Stavanger.
  • Etablering av formelt samarbeid mellom fleire vidaregåande skoler og NAV. Målsetning om at elevane lettare kan få tilgang til NAV sine tenester og rettleiing, gjennom at NAV er til stades på skolane.
  • Har utarbeidd rutinar og samarbeidsavtaler mellom den kommunale barneverntenesta og den offentlege tannhelsetenesta for å førebygge og avdekke omsorgssvikt hos barn og unge.
  • I samband med prosjektet "Ein bit Historia» er det sett i gang eit delprosjekt for å skape eit digital formidlingsunivers, med særleg fokus på å nå ut til barn og unge.
  • Frå skuleåret 2018/2019 gikk vi over til eit nytt system for registrering av skoleskysselevar. Ein av mange positive konsekvensar er at elevane no får tildelt elektroniske skoleskysskort.
  • Tettstadprogrammet har gjennomført tre parallelloppdrag i Elnesvågen, Sjøholt og Tingvoll der medverknad frå barn og unge har vore eit sentralt tema.
  • «Høyr oss!»- ungdomspolitisk konferanse.
  • Fekk innvilga søkand til Erasmus+ Aktiv Ungdom-for prosjektet «Høyr oss!». Det resulterte i ein medverknadskonferanse av, for og med ungdom i Molde i juni 2018.

Miljø og klima:

  • 18 av 23 vidaregåande skolar, 1 av 2 fagskolar og 4 av 4 av tannhelsetenesta sine kompetanseregionar, sentraladministrasjonen og fylkesbiblioteket er miljøfyrtårn-sertifisert og følger opp krava som ligg for dette.
  • Nybygget på Romsdal vgs har medført ein reduksjon i energiforbruk på 12 prosent for skolen.
  • Miljøkrava i dei nye ferjekontraktane gjer at fylkeskommunen har ein reduksjon på om lag 36 000 tonn CO2 årleg når dei nye ferjene er i trafikk.
  • ENOVA har gitt tilsagn om støtte til ladeinfrastrukturen for el- ferjer for Sulapakken, Nordmørspakken, Romsdalspakken og Indre Sunnmøre.
  • Miljøkrav i nytt bussanbod i Ålesundsområdet. Anbodet blir lyst ut med krav om eit gitt tal på bussar med miljøvenleg teknologi.
  • Støtta prosjektet «Blå-grønt samarbeid: Verdiskaping gjennom blå-grønne synergiar hos regionale forskningsmiljø» med 1 mill. kr.
  • Etablert EØS prosjekt «Youth Employment Network for Energy Sustainability in Islands» i partnerskap med ti partnarar frå åtte europeiske land. Fokus er mellom anna entreprenørskap og grønne arbeidsplassar.
  • Engasjert ungdom i klima og miljø gjennom prosjektet "Klimaarbeid på tvers med elevar som drivkraft". Arrangert fire innovasjonscampar i regi av Ungt entreprenørskap og dei tre fornybarsentra.
  • Utarbeidd beredskapsplan for kartlegging og sikring av arkeologiske funn i snøfonner ved varmare klima.

Likestilling og inkludering

  • På bybussane i Ålesund, Kristiansund og Molde er det innført sanntid med innvendig og utvendig opprop (skjerm og høgtalarar). Bussane i heile fylket har no universelt utforma informasjon under bussreisene.
  • Herøy vgs, Romsdal vgs og Spjelkavik vgs er skilta i tråd med fylkeskommunen sin skiltmal med krav til universell utforming.
  • Prosjektet «Trillevennlege turar» - morotur.no er tilrettelagt med turar som er tilgjengelege for funksjonshemma.
  • Tildelt midlar til fem moglegheitsstudier for utvikling av bibliotekrommet som inkluderande møteplass.
  • Arrangert konferanse i Ørsta saman med Ørsta kommune om inkluderande lokalsamfunn.
  • Gjennomført prosjekt om sosialt entreprenørskap i skolen.
  • Starta prosjektet «Jenter i elektro».
  • Vidareutvikla tiltaket «I Ung», eit alternativt skoleår med motivasjonsaktivitetar, arbeidspraksis og trening i grunnleggande ferdigheit.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.