ÅRSRAPPORT 2018

Hendingar i 2018

Januar

Fjord1 AS fekk kontrakt for ferjesamband på Nordmøre

Fjord1AS fekk kontrakten for ferjesambanda Edøya – Sandvika, Arasvika – Hennset, Seivika – Tømmervåg og Kvanne.

Hovudkontrakten for Nordøyvegen er lyst ut

Det er den største innan vegbygging i Møre og Romsdal nokon sinne. Statens vegvesen bygger Nordøyvegen på oppdrag frå fylkeskommunen.

Kulturtorget 2018 blei arrangert i Molde

To dagar med musikk, scenekunst, litteratur, visuell kunst og film for tilsette i skole og kultur.

Februar

Regionale kulturinstitusjonar fekk 68 millionar kroner i driftstilskot

Kultur- og folkehelseutvalet tildelte 68 millionar kroner til regionale organisasjonar og institusjonar.

NCE iKuben fekk støtte til ny produksjonsteknikk

Fylkeskommunen løyvde 350 000 kroner til eit prosjekt som skal undersøke behovet for eit regionalt senter for additiv produksjon (3D-printing).

hoppid.no fekk 15 EU-millionar

Millionane skal bidra til å utvikle gründerhjelpa, i samarbeid med seks andre europeiske land.

Mars

Fleire søker naturbruk, færre vil ha medier og kommunikasjon

3459 ungdomar søkte om skoleplass på Vg1 for skoleåret 2018/2019. Dette er 175 færre enn året før. Mindre årskull er ei forklaring på endringa.

Ja til fleire og ungdomsbedrifter

Fylkeskommunen løyvde 1,19 mill. kroner til innovasjonscamp i vidaregåande skole.

1,33 mill kroner til nye Elnesvågen sentrum

Arkitektteam skal gi forslag til sentrumsutvikling i Elnesvågen. Fræna er med i Tettstadprogrammet

April

Seminar om fossilfrie anleggsmaskiner

Vi arrangerte seminar for dei som er interesserte i å teste ut fossilfrie anleggsmaskinar eller kjøretøy gratis i ein periode.

Filmom fekk bronsjemedalje

På skole-NM i Trøndelag var det konkurranse i restaurant- og matfag. Filmom Teweldemedhin frå Fræna vgs, fekk bronse.

The North West arrangert for første gong

Konferansefestivalen har ambisjonar om å skape ein arena for samfunnsutvikling og bygge ein attraktiv og bærekraftig region, med foredrag, workshops, debattar og kultur aktivitetar, fire dagar til endes.

Mai

Slutt på trykte rutehefte 1. mai

1. mai var det slutt på trykte rutehefte for buss og ferjer. All informasjon er no digital.

Samarbeid om integrering med IMDi

For første gong har fylkeskommunen og IMDi lag utarbeida ein felles handlingsplan for integreringsarbeidet i fylket.

Fleire jenter i elektrofag

Fylkeskommunen sette i gang tiltak for å få fleire jenter til å velje elektrofag. Prosjektet skal gå frå 2018-2020.

1,3 mill. kroner til landbrukstiltak

Mentorordning for bønder, traktorkurs for kvinner, avløysarkurs for nybyrjarar og nettbasert agronomkurs for vaksne var nokre av tiltaka som fekk støtte.

Juni

Fleire gjennomfører vidaregåande opplæring

Stadig fleire elevar gjennomfører og består vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, viste tal frå SSB.

Over 81 millionar til idrettsanlegg

Kultur- og folkehelseutvalet tildelte 81,4 millionar kroner i spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i fylket. Det er ny rekordsum for Møre og Romsdal.

Støtte til Helseinnovasjonssenteret

Fylkeskommunen løyvde inntil 1,5 mill. kroner til Helseinnovasjonssenteret i Kristiansund og gjekk inn som samarbeidspart.


Arrangerte Campuskonferansen 2018

Kva skal Campus Kristiansund bli best på i Noreg, kva for faglege moglegheiter har vi og kor langt har vi kome? Dette var tema på Campuskonferansen 2018, som samla over 100 deltakarar.

Juli

Ny fagskolelov

Ny fagskolelov trådde i kraft 1. juli og ga ny status for både studentar og Fagskolen i Kristiansund.


Fru Guri av Edøy: transport og musikk i same billetten
FRAM og Gurisentret samarbeidde om å kunne tilby transport og førestilling i ein og same billett. Interessa var stor.

Inviterte studentar til jazztreff

KS og fylkeskommunen inviterte studentar til jazztreff for å høyre kva som skal til for at dei skal bli verande i fylket når dei er ferdig utdanna.

August

Ekstra kapasitet på Jugendfest

Under Jugendfest vart det sett opp ekstraavgangar med hurtigbåten til Valderøya og Godøya og auka busskapasitet.

Storfint besøk på Nor-Fishing

Både kronprins Håkon Magnus og fiskeriminister Harald Tom Nesvik besøkte Møre og Romsdal sin stand på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim i august.

Sterk snøsmelting avdekker arkeologiske funn i fjellet

Vi starta opp ein beredskapsplan for å kartlegge og sikre arkeologiske funn som dukkar opp i snøfonner ved sterk snøsmelting.

September

Natalie Sandtorv og Møremusikarane presenterte lyden av Møre og Romsdal

LARM, Møremusikarane og Nathalie Sandtorv, baud på ei musikalsk nyskaping i Molde, Ålesund og Volda.

Lærlingar førebudde seg til arbeidslivet

Hundrevis av lærlingar og elev- og lærlingombodet møttest på Nordmøre, Sunnmøre og i Romsdal for å få meir informasjon om kva som ventar dei i læretida.

Opning av nye Romsdal vidaregåande skole

Med snorklipping, talar, konsert og kakefest vart det nye hovudbygget erklært for opna.

Den nasjonal BYLIVkonferansen i Ulsteinvik

Konferansen tok opp spørsmål som: Korleis kombinerer vi byliv, arbeidsliv og kvardagsliv i sentrum? Korleis skape gode lokalsamfunn gjennom målbevisst næringsutvikling? I samarbeid med BYLIVsenteret.

Oktober

Kven er den dyktigaste lærlingen i fylket?

Fylkeskommunen inviterte til kåring av ‘Årets lærling’ for første gong.

Fylkesstatistikken melder om lågare vekst og færre fødslar

Den generelle tendensen var lågare vekst i folketalet.

Klimasamling for å redusere utslepp av klimagassar

Vi tilbaud kommunane starthjelp til å kome i gang med oppfølging av Parisavtalen.

November

Fylkespolitikarane er positive til regjeringsforslag om nye oppgåver

Men dei forventar meir, heiter det i ein uttale frå fylkesutvalet.

Ungdommens fylkesting kåra Ulstein kommune til årets ungdomskommune

80 ungdommar frå heile fylket kåra Ulstein til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. Det var totalt fire kommunar som kjempa om tittelen: Surnadal, Skodje, Nesset og Ulstein.

Kontaktlaus betaling i bussane

Frå november kunne passasjerar betale kontaktlaust med bankkort i alle bussane til FRAM.

Fylkeseldrekonferansen

Med slagordet 'Aktiv alderdom - leve heile livet'' inviterte Fylkeseldrerådet i Møre og Romsdal, Norsk pensjonistforbund - Møre og Romsdal og Nasjonalforeningen for folkehelsen til fylkeseldrekonferansen.

Desember

Sunnmøre fekk traineeordning

Fylkeskommunen løyvde 1,22 mill. kroner til Næringsforeininga Ålesundsregionen til utvikling av «Trainee på Sunnmøre»

1001 søkarar fekk læreplass

I 2018 vart det inngått 106 fleire lærekontraktar enn i 2017.

Vedtok Nordøyvegen

Med 26 mot 21 stemmer vedtok Fylkestinget tysdag å inngå kontrakt K5 for bygging av vegar, bruer, sjøfyllingar og tunnelar, og dermed halde fram arbeidet med å bygge Nordøyvegen. Fylkestinget vedtok å gjennomføre bygging av Nordøyvegen innanfor ein kostnad på 5,1 mrd kroner.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.