ÅRSRAPPORT 2018

Årsmelding

Driftsresultat

Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2018 eit positivt netto driftsresultat korrigert for bundne fond på 37,9 mill. kroner (tabell 1). Dette er ein auke 52,2 mill. kroner samanlikna med rekneskapet for 2017. Dette skyldas i hovudsak at Møre og Romsdal fylkeskommune fekk ein auke i spesielt skatteinntektene og statlege overføringar, medan auken i driftsutgiftene har vore meir moderat.

(i 1000 kroner) Rekneskap 2018 Rekneskap 2017 Endring 2017-2018
Driftsinntekter 5 441 731 5 224 732 216 999
Driftsutgifter (inkl. avskrivingar) 5 372 040 5 228 879 143 161
Brutto driftsresultat 69 691 -4 147 73 838
Netto finansutgifter -283 088 -259 133 -23 955
Motpost avskrivingar 278 866 255 752 23 114
Netto driftsresultat 65 469 -7 528 72 997
Netto bruk av bundne fond -27 548 -6 747 -20 801
Netto driftsresultat korrigert for bundne fond 37 921 -14 275 52 196
i prosent 0,7 % -0,3 %  
Tabell 1

Eit positivt netto driftsresultat viser at fylkeskommunen sine løpande utgifter er mindre enn dei løpande inntektene. Fylkeskommunen har ei målsetjing om å auke netto driftsresultat til om lag 2 prosent i løpet av den neste 4-års periode for å bygge opp reservar for auken i investeringar som ein veit kjem i denne perioden.

Meir-/ mindreforbruk i forhold til budsjett

Meir-/mindreforbruk i forhold til budsjett (rekneskapsmessig resultat) er netto driftsresultat, fråtrekt netto avsetjingar (tabell 2). Sidan budsjettet er sett opp i balanse, er det rekneskapsmessige resultatet lik summen av alle avvik mellom budsjett og rekneskap.

(i 1000 kroner) Rekneskap 2018 Rekneskap 2017 Endring 2017-2018
Netto driftsresultat 65 469 -7 528 72 997
Netto avsetjingar -25 734 141 384 -167 118
Rekneskapsmessig mindreforbruk 39 735 133 856 -94 121
Tabell 2

Møre og Romsdal fylkeskommune hadde i 2018 eit samla mindreforbruk på 39,7 mill. kroner i forhold til budsjett. Dette er 94,1 mill. kroner mindre enn i 2017.

Dei største avvika i forhold til budsjett kan ein sjå i Skjema 1A i Årsrekneskapet 2018 for Møre og Romsdal Fylkeskommune. Tabell 3 viser eit samandrag av dei største avvika.

Rekneskap 2018 Budsjett 2018 Avvik (B - R) Rekneskap 2017
Skatteinntekter 1 529 781 1 499 800 -29 981 1 457 791
Rammetilskot 2 598 028 2 614 000 15 972 2 568 004
Andre direkte eller indirekte skattar 9 494 9 200 -294 9 018
Andre generelle statstilskot 54 141 49 583 -4 558 13 876
Generelle overføringar frå andre 7 013 5 000 -2 013 5 813
Sum frie disponible inntekter 4 198 457 4 177 583 -20 874 4 054 502
Netto finansutgifter -286 275 -294 854 -8 579 -262 256
Overføringar til investeringsrekneskapen -11 400 -11 400 0 -10 799
Netto avsetjingar 18 906 18 906 0 164 746
Ufordelte utgifter/inntekter 20 890 35 981 15 091 -2 567
Frie inntekter til bruk på rammeområda 3 940 578 3 926 216 -14 362 3 943 626
Sum fordelt rammeområda (skjema 1B) 3 900 843 3 926 216 25 373 3 809 770
Sum budsjettavvik (mindreforbruk) 39 735 0 -39 735 133 856
Tabell 3

Nedanfor er dei største avvika mellom budsjett og rekneskap på skjema 1A kommentert.

Frie disponible inntekter

Sum frie disponible inntekter er i 2018 inntektsført med 4 198,5 mill. kroner, som er 20,9 mill. kroner meir enn budsjettert og 144,0 mill. kroner meir enn rekneskapet i 2017.

Skatteinntektene var på 1 529,8 mill. kroner. Det er ein vekst på 4,9 prosent frå året før, og 30,0 mill. kroner meir enn budsjettert.

Rammetilskotet var på 2 598 mill. kroner inkl. skatteutjamninga. Det er ein vekst på 1,2 prosent frå året før, men 15,9 mill. kroner mindre enn budsjettert. Mindreinntekta i samanheng med budsjett skyldast i hovudsak at skatteutjamninga som var lågare enn forvente.

Netto finansutgifter

Netto finansutgifter var på 286,3 mill. kroner, dvs. ei mindreutgift på 8,6 mill. kroner samanlikna mot budsjett. Mindreutgifta skyldast ei kombinasjon av høgare renteinntekter som følgje av betre likviditet enn føresett i budsjettet, noko lågare rentenivå på lån og ei negativ avkastning på kapitalfondet på 0,5 mill. grunna dårlig utvikling i aksjemarknaden i desember.

Ufordelte utgifter/inntekter

For 2018 fekk fylkeskommunen ei meirutgift på 15,1 mill. kroner knytt til premieavviket i forhold til budsjettet. Fylkeskommunen budsjetterer premieavviket etter oppgåver frå Statens pensjonskasse og KLP, og har ingen mogelegheit verken til å påverke eller på førehand sjå avvik i forhold til budsjett.

Budsjettavvik på rammeområda

Fylkestinget har fordelt disponible frie inntekter på ti fylkestingsrammer utanom reservepost. Driftsbudsjettet blir vedtatt som nettorammer, og hovudutvala kan omdisponere mellom sine utvalsrammer. I resultatet for rammeområda inngår bruk av driftsmidlar til investeringar, bruk av avsetjingar frå tidlegare år og avsetjingar i året til bundne fond.

Netto utgifter på driftsrammene var samla 3 900,8 mill. kroner, som er 25,4 mill. kroner lågare enn budsjettert (sjå tabell 4). Driftsrammene har auka med 91,1 mill. kroner (2,4 prosent) frå 2017.

Driftsrammer

(i 1000 kroner) Rekneskap 2018 Budsjett 2018 Avvik (B - R) Rekneskap 2017
D01 Fellesutgifter og utgifter til fordeling 59 133 69 705 10 572 42 701
D02 Politisk verksemd 25 959 28 595 2 636 27 169
D03 Stabsfunksjonar 132 840 141 668 8 828 86 729
D04 Reservepost 0 -2 943 -2 943 0
D05 Vidaregåande opplæring 1 700 437 1 743 703 43 266 1 699 164
D06 Fagskolane i Møre og Romsdal 13 574 14 560 986 47 561
D09 Tannhelsetenester 155 342 149 984 -5 358 144 916
D10 Kulturtenester 130 623 131 322 699 140 192
D11 Regional- og næringsutvikling 100 653 108 356 7 703 95 573
D12 Samferdselstenester 1 574 766 1 531 026 -43 740 1 518 950
D14 Sentrale kontrollorgan 7 516 10 240 2 724 6 816
SUM FORDELT TIL DRIFTSRAMMER 3 900 843 3 926 216 25 373 3 809 770
Tabell 4

Dei fleste av rammene viser eit mindreforbruk i forhold til budsjett bortsett frå Reservepost, Tannhelsetenester og Samferdsel, som har eit meirforbruk.

På reservepost er det eit meirforbruk på 2,9 mill. Dette skuldast mellom anna at det ikkje var satt av nok til å dekke heilårsverknad av lønnsjustering for 2017. 1,1 mill. kroner vart også tatt ut av budsjettet i behandlinga av økonomiplan/budsjett for 2018.

Samla sett har Vidaregåande opplæring eit mindreforbruk på 43,3 mill. kroner i forhold til budsjett, fordelt på 19 av 23 skolar. 4 av skolane hadde eit meirforbruk.

Tannhelsetenester har for 2018 eit meirforbruk på 5,4 mill. kroner. Det skuldast fleire forhold, men hovudårsaka er dårlegare inntening enn føresett.

Samferdselstenester sit meirforbruk er på 43,7 mill. kroner. 24,6 mill. kroner skuldast i høgare indeksutvikling enn forventa i budsjettet. Etter dom i Oslo tingrett av 12. oktober 2018, aksepterte Møre og Romsdal fylkeskommune Norled si berekning av vederlag for opsjonsåret 2014, knytt til ei tidlegare ferjepakke på Ytre Sunnmøre. Dommen medførte ein ekstra kostnad på totalt 11,305 mill. kroner.

Investeringsrekneskap

Investeringsrekneskapen hadde i 2018 eit samla finansieringsbehov på 957,3 mill. kroner mot budsjettert 1 088,9 mill. kroner, dvs. 131,6 mill. kroner mindre enn budsjett (sjå tabell 5). Investeringane i anleggsmidlar (inkl. mva.) var på 936,2 mill. kroner, som er 126,5 mill. kroner mindre enn budsjettert og 258,8 mill. kroner meir enn i 2017.

(i 1000 kroner) Rekneskap 2018 Budsjett 2018 Avvik (B - R) Rekneskap 2017
 I02 - Sentrale styringsorgan/fellesutgifter 29 011 35 600 6 589 22 803
 I03 - Vidaregåande opplæring 145 450 160 683 15 233 279 374
 I04 - Tannhelse 8 016 18 635 10 619 1 578
 I07 - Samferdsel 741 790 840 156 98 366 361 618
 I08 - Fagskolane i Møre og Romsdal 11 981 7 640 -4 341 12 121
Investeringar i anleggsmidlar (inkl. mva) 936 248 1 062 714 126 466 677 494
Utlån, forskoteringar 628 0 -628 550
Aksjekjøp og andelar 6 505 26 100 19 595 28 989
Avsetjingar 13 910 89 -13 821 5 839
Årets finansieringsbehov 957 291 1 088 903 131 612 712 872
Bruk av lån 539 028 643 141 104 113 469 631
Inntekter frå sal av anleggsmidlar 109 89 -20 3 936
Tilskot til investeringar 14 807 0 -14 807 3 029
Kompensasjon for meirverdiavgift 163 541 174 800 11 259 115 292
Mottatte avdrag på utlån og ref. 208 230 226 773 18 543 64 232
Andre inntekter 1 676 0 -1 676 2 732
Overført frå driftsrekneskapen 17 527 11 400 -6 127 17 441
Bruk av tidlegare års avsetjingar 12 373 32 700 20 327 36 579
Sum finansiering 957 291 1 088 903 131 612 712 872
Tabell 5

Nedanfor er nokre av dei største avvika kommentert.

Sentrale styringsorgan og fellesutgifter hadde eit avvik på 6,6 mill. kroner, som i hovudsak skyldast seinare framdrift enn føresett i budsjettet.

Vidaregåande opplæring har investert til saman om lag 145,4 mill. kroner i bygningsmassen i 2018. Prosjekta viser totalt eit mindreforbruk på om lag 15,2 mill. kroner. Det er forsinka framdrift på fleire prosjekt i høve til det som var føresett i budsjettet, som til dømes Romsdal vidaregåande skole (vgs) og Spjelkavik vgs.

Tannhelse har investert til saman om lag 8,0 mill. kroner i opprusting av klinikkar og tannlegeutstyr i 2018. Det er totalt eit mindreforbruk på investeringsprosjekta til tannhelse på 10,6 mill. kroner, som skyldast forseinkingar i høve til det som var føresett i budsjettet.

Samferdsel har investert til saman om lag 741,8 mill. kroner i 2018. Av dette utgjer 732,2 mill. kroner investeringar i fylkesvegar og 9,6 mill. kroner investeringar i ruteinformasjon, elektronisk billetteringsutstyr, sanntidsinformasjon og business intelligence/datavarehus. Avviket mellom budsjett og rekneskap på til saman 98,4 mill. kroner skyldast forseinka framdrift.

Fagskolane i Møre og Romsdal har investert for til saman 12,0 mill. kroner i utstyr i 2018, noko som er 4,3 mill. kroner lågare enn budsjettert. Mindreforbruket skuldast at nokre av innkjøpa vart forsinka. Deler av investeringane er finansiert gjennom løyvingar frå Kunnskapsdepartementet.

Det er brukt 539,0 mill. kroner av lånemidlar til å finansiere investeringar i anleggsmidlar. Behaldninga av ubrukte lån har auka frå 87,4 mill. kroner i 2017 til 100,4 mill. kroner ved utgangen av 2018.

Finansielle måltall

Formålet med finansielle måltall er å synleggjere kva som skal til for å ha ein sunn økonomi over tid. I dette punktet har Møre og Romsdal fylkeskommune følgande måltall som ein ønsker å sette fokus på.

Netto driftsresultat korrigert for bundne fond

Det tekniske berekningsutvalget (TBU) for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) har anbefalt at fylkeskommunane bør ha eit måltall for netto driftsresultat på om lag 4 prosent, som ein buffer mot:

  • svingingar i rentenivået, oljepris (drivstoffpris)
  • kapitalslit (avskrivingar) - spesielt viktig sett i samanheng med fylkesreforma i 2010 (vedlikehaldsetterslep)
  • for å bygge opp reservar til framtidige investeringar

Møre og Romsdal fylkeskommune hadde i 2018 eit netto driftsresultat korrigert for bundne fond på 0,7 prosent av brutto driftsinntekter (sjå tabell 1). I 2017 var andelen på -0,3 prosent, dvs. at vi har hatt ei positiv utvikling frå 2017 til 2018 (figur 1).

Figur 1

Netto driftsresultat korrigert for bundne fond - i prosent

Disposisjonsfond

Den finansielle handlefridomen i drift kan styrkast gjennom å auke frie driftsfond/ disposisjonsfond, ved at fondsmidlane kan nyttast til uventa meirutgifter i enkelte år. Størrelsen på disposisjonsfondet er eit uttrykk for kor stor økonomisk buffer fylkeskommunen har for si løpande drift, og kor stor økonomisk handlefridom fylkeskommunen har. TBU og Kommunenes Sentralforbund (KS) si anbefaling er at størrelsen på driftsfondet bør helst være minst 10 prosent av brutto driftsinntekter. Figur 2 viser utviklinga til disposisjonsfondet til Møre og Romsdal Fylkeskommune dei siste fem åra. Per 31.12.2018 var disposisjonsfondet på 8,0 prosent, mot 6,1 prosent i 2017.

Figur 2

Disposisjonsfond i prosent

Langsiktig lånegjeld og gjeldsgrad

Ved utgangen av 2018 var Møre og Romsdal fylkeskommune si lånegjeld på 5 072,0 mill. kroner. Dette er ei auke på 340,0 mill. kroner frå året før. Figur 3 nedanfor viser utviklinga i Møre og Romsdal fylkeskommune si lånegjeld frå 2011 til 2018. I denne perioden har lånegjelda vakse med 2,5 mrd. kroner, dvs. at den er dobbelt så stor som for 8 år sidan.

Figur 3

Lånegjeld

Netto lånegjeld var ved utgangen av 2018 på 93,2 prosent av brutto driftsinntekter. Dette er ein auke på 5,3 prosent frå 2017. Kommunenes Sentralforbund (KS) og Kommunaldepartementet ved Teknisk berekningsutval (TBU), anbefaler at ein fylkeskommune bør ligg omtrent på 60 % for å ha økonomisk handlerom til investeringar. Ei lånegjeld på over 90 % definerer dei som «rød sone», og gir fylket lite handlingsrom til investeringar. Gjennomsnittleg nettolånegjeld for fylkeskommunane var i 2017 på 75,3 prosent

Høg lånegjeld inneber at fylkeskommunen sin økonomi blir låst i eit 30-års perspektiv, og i tillegg være økonomisk sårbar knytt til ein auke i lånerenta. Sjølv om rentenivået nå er historisk sett veldig lågt, må vi ikkje gløyme at det ikkje er mange år sidan nivået var eit heilt anna. Ei renteauke på eitt prosentpoeng vil medføre auka driftsutgifter på omlag av 30 mill. kroner.

Oppsummering finansielle måltal

De økonomiske indikatorane for Møre og Romsdal fylkeskommune er svake. Faktiske nøkkeltal avvik stort frå anbefalte nivå gitt frå Teknisk berekningsutval (TBU).

Fylkestinget vedtok i juni 2018 eigne måltal for Møre og Romsdal fylkeskommune:

  • netto driftsresultat (1,0 % i 2019 – 1,5 % i 2020 – 2,0 % i 2021 – 2,0 % i 2022)
  • disposisjonsfond (10 %)

Møre og Romsdal fylkeskommune sine nøkkeltal avviker også frå eigne handlingsreglar. Konsekvensen av svake økonomiske nøkkeltal vil over tid svekke økonomiske handlingsrom og slik påverke tenestetilbodet.

Tvistar

Fylkeskommunen har tre tvistesaker kor utfall er uavklart. Ei sak er knytt til rehabilitering av Fannefjordtunellen, kor fylkeskommunen og entreprenør er ueinige om sluttoppgjer. Fylkeskommunen har mottatt krav frå Torghatten knytt til ekstra bemanning på ferjer. I tillegg er det ei mindre sak knytt til tilleggsarbeid på eit vegprosjekt på Nordmøre, som ikkje er avklart.

Likestilling, inkludering og mangfald

Tiltak som sikrar inkludering og deltaking for alle, er prioritert av fylkeskommunen. Universell utforming handlar om at alle skal kunne delta på ein likeverdig måte. Våre rådgivande utval eldrerådet, ungdomspanelet og rådet for likestilling av

funksjonshemma er viktige for å lykkast med dette. Desse har jamlege møte gjennom året og gir råd til utviklinga av fylkeskommunen.

Fylkesplan for Møre og Romsdal er overordna plandokument for all regional utvikling. Eit av resultatmåla er likestilling og inkludering med mål om reelle valmoglegheiter innanfor utdanning og arbeidsliv for alle.

All rekruttering til Møre og Romsdal Fylkeskommune skal legge vekt på likestilling mellom kjønn og mellom minoritetar og majoritetar i alle delar av organisasjonen.

Grunnlaget for vurdering i all rekruttering skal vere:

  • Utdanning, kompetanse, erfaring, kjønn og mangfald, jf Hovudtariffavtalen kap. 1, §2, pkt. 2.2, Likestillingsloven og Diskrimineringsloven.
  • Likestilling og mangfald skal være ein del av vurderinga ved samansetting av team og organisasjon.

Leiarar med ansvar for rekruttering har ansvar for å arbeide for rekruttering i tråd med krava.

Ved utgangen av 2018 var det i Møre og Romsdal fylkeskommune totalt 2 516 tilsette fordelt på 2 252 årsverk. Av dei tilsette var 1 514 kvinner (60,2 prosent) og 1 002 menn (39,8 prosent). Av totalt 8 leiande stillingar i fylkeskommunen, var det 3 kvinner.

På driftssida er det arbeidd med universell utforming av alle lokalar som tilbyr fylkeskommunale tenester, slik som dei vidaregåande skolane, tannhelseklinikkane, trafikkterminalar og administrasjonsbygg.

Tettstadprogrammet har arbeidd med å sikre at stadsutviklingsprosjekta blir inkluderande møteplassar. Tilgjenge for alle er også følgt opp gjennom krav til søkjarar og rettleiing om utforming av anlegg ved søknad om spelemidlar.

HMS-system

Arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) er eit leiaransvar som skal kanaliserast mest mogeleg gjennom kvalitetssystemet for HMS. Lokal HMS-dokumentasjon til alle verksemder i organisasjonen er tilgjengeleg for dei tilsette i alle driftseiningane gjennom fylkeskommunen sitt intranett.

Via faste årlege evalueringar av HMS-dokumentasjonen på einingane har vi siste året sett ei stor betring av kvaliteten. I 2018 var det nær 80 prosent av dokumentasjonen som fyller krava. I avvikssystemet vart det i 2018 registrert 515 saker, 412 av desse var innan HMS-området. HMS-avvika blir følgt opp gjennom handlingsplanar.

Sjukefråveret i Møre og Romsdal fylkeskommune var på 5,5 prosent i 2018, som er 0,3 prosent høgare enn i 2017.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.