- Forside
- Aktivitetar og resultat
- Regional- og næringsutvikling
Regional- og næringsutvikling
Fylkeskommunen jobbar med nærings- og samfunnsutvikling, i samarbeid med kommunar, næringsliv, utdannings- og forskingsmiljø. Vi jobbar særleg med by- og tettstadutvikling, berekraftig bruk av naturressursane, styrking av kompetansemiljøa, entreprenørskap og fleire innovative bedrifter.
Kort oppsummert
|
Aktivitetar og resultat
Møre og Romsdal skal ha attraktive byregionar og tettstadar
I 2018 støtta vi utviklingsprosjekt i Ålesund, Molde og Kristiansund med 23,6 mill. kroner gjennom Byutviklingsfondet. I tillegg utløyste tildelinga over 49 mill. kroner frå andre samarbeidspartar. I prosjektet Byen som regional motor, har vi deltatt i konkrete utviklingsprosjekt og lagt til rette for at byane kan dele kompetanse og erfaring med kvarandre.
Gjennom Tettstadprogrammet har vi gitt arkitektfagleg hjelp, delt ut 6,5 mill. kroner i støtte og vore medspelar i prosjekt i seks kommunar. I prosjekta legg vi vekt på at det offentlege og private skal samarbeide, og at innbyggarar skal delta i utvikingsarbeidet. Barn og unge er ei viktig målgruppe, og i 2018 har vi utvikla ein rettleiar for korleis vi kan involvere barn og unge i arbeidet.
Visste du at vi henta inn 48 mill kroner til utviklingsprosjekt i fylket gjennom nasjonale og internasjonale konkurransar?
Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv
Fylkeskommunen arbeider vi for at fleire bedrifter og kommunar skal sette i gang forskingsbasert innovasjon. Gjennom MobPro-ordninga har 22 bedrifter og 4 kommunar i 2018 starta forskings- og innovasjonsprosjekt i samarbeid med forskingsmiljø. Fleire av desse prosjekta blir vidareført i større forskingsprosjekt. For å hjelpe kommunane i gang med forskings- og innovasjonsprosjekt, har vi saman med helseføretaket i 2018 etablert eit ‘idémottak’ der tilsette i helse- og omsorgssektoren og andre kan melde inn behov og idear til nye løysingar
Gjennom Regionalt-Forskningsfond Midt-Norge fekk 16 prosjekt i Møre og Romsdal 13,5 mill. kroner i støtte.
Vi har jobba med å utvikle næringsretta utdanningstilbod ved Campus Kristiansund. I 2018 utløyste vi 1,7 mill. kroner til to utviklingsprosjekt for Fagskolen i Kristiansund.
Fylkeskommunen støttar utvikling av bedriftsnettverk og klyngeprosjekt i heile fylket. I 2018 fekk Blue Legasea NCE-status, som er viktig for å bygge opp under Møre og Romsdal sin posisjon som nasjonalt og internasjonalt tyngepunkt i biomarin næring.
I 2018 har vi henta inn 48 mill. kroner frå eksterne finansieringskjelder:
- For å utvikle tenestene våre og samtidig legge til rette for innovasjon i næringslivet, henta vi mellom anna inn 8 mill. kroner frå Innovasjon Norge til nye løysingar for vedlikehald og bygging av fylkeskommunal bruer.
- Vi fekk tilslag på 12,5 mill. kroner frå Samferdselsdepartementet til å utvikle framtidsretta persontransport på sjø, og lage løysingar for å koble autonome båtar i byområda til kollektivtransporten på land.
- Vi søkte og fekk 14 mill. kroner frå EU for å leie det internasjonale prosjektet One Stop Shop som skal utvikle gründertenesta.
- Vi henta 3,7 mill. kroner frå EU til eit prosjekt om ungdom og grøne arbeidsplassar.
Møre og Romsdal skal ha ein berekraftig bruk av naturressursane
Vi løyser fleire forvaltningsoppgåver for berekraftig bruk av naturressursar, som planmyndigheit for Vassområde Møre og Romsdal, og vi forvaltar oppgåver etter akvakulturlova, havressurslova og andre miljøoppgåver. I 2018 ga vi 25 konsesjonar for oppdrettsanlegg, og heile 53 lærlingkvotar for fiskeri.
Fylkeskommunen er pådrivar for å redusere marin forsøpling, og i 2018 henta vi, saman med våre samarbeidspartar, inn 5,5 mill. kroner frå Miljødirektoratet til arbeidet rundt om i fylket.
Vi leier prosjektet «Pilot for marin naturtypekartlegging på Søre Sunnmøre», som utviklar ny metodikk for å kartlegge plante- og dyreliv og miljø i sjøen, og vil gje unike kart over den marine naturen på Søre Sunnmøre. Resultatet vil danne grunnlag for vidare kartlegging av marin natur i Noreg.
Visste du at vi har tildelt over 20 mill. kroner til breibandsutbygging?
Økonomi
Regional og næringsavdelinga hadde i økonomiplan 2018 ei driftsramme på 108,3 mill. kroner. Av denne er 63,7 mill. kroner løyvingar til å støtte byutvikling, forskingsutvikling, organisasjonar og reiseliv. Fylkeskommunalt tiltaksfond, som går til utviklingsprosjekt i fylket, utgjorde 13,2 mill. kroner. Inklusive tidlegare overføringar har vi eit mindreforbruk på 7,7 mill. kroner, men 4,7 mill. kroner av dette er disponert gjennom politiske vedtak, men har enno ikkje blitt utbetalt. Det betyr at det reelle mindreforbruket er 3 mill. kroner
Mottakar /tiltak | Beløp |
---|---|
Innovasjon Norge til bedriftsretta utvikling | 26,6 mill. kroner * |
Kommunale næringsfond | 6 mill. kroner * |
Regionale utviklingsprosjekt | 30,5 mill.kroner * |
Rekruttering og kompetanseheving landbruk | 1,3 mill. kroner |
Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond | 0,4 mill.kroner |
Viltfond | 0,4 mill. kroner |
Vassmiljøtiltak | 1,1 mill. kroner |
Tilskot til breibandutbygging | 20,8 mill.kroner |
Satsingar i 2019
- Utlyse 26,6 mill. kroner til utviklingsprosjekt i Ålesund, Molde og Kristiansund gjennom prosjektet Byen som regional motor
- Teste ut digital rettleiingsteneste for nyetablerarar i Møre og Romsdal
- Starte opp arbeidet med fire pilotprosjekt der bedrifter innan mat, kultur og reiseliv går saman for å utvikle totalopplevingspakkar
- Førebu ansvaret for nye oppgåver til fylkeskommunen frå 1.1.2020 innanfor næringsutvikling, kompetanse og integrering
- Etablere Kompetansealliansen som møteplass mellom utdanningsmiljø og arbeidsliv for å utvikle arbeidslivsretta utdanningstilbod