ÅRSRAPPORT 2018

Store prosjekt og satsingar

Fylkeskommunen har mange ulike prosjekt og satsingar. Her finn du ei oversikt over nokre av dei største satsingane og prosjekta som det blir arbeidd med no.

Campus Kristiansund

I 2018 har vi jobba med fagleg profil, med å bygge nettverk mellom FoU-aktørar, sikre statlege løyvingar og å vise fram prosjektet i møte, media og på internett. Det har også vore jobba aktivt mot verksemder som kan vere leigetakarar på campus, og mot dei private utbyggarane av Campusområdet.

Regjeringa har dei siste to åra løyvd til saman 150 nye studieplassar som er øyremerka høgskuletilbod i Kristiansund. Høgskulen i Molde har etablert nye utdanningar, og andre høgskular er og med. Næringslivet etablerte i 2018 ein tidleg versjon av vekstmiljøet i Campus Kristiansund. Campusprosjektet har skipa faglege møteplassar og bidrege i arbeidet med å rekruttere nye studentar.

Du kan lese meir om Campus Kristiansund her

Møre og Romsdal som eigen region mot 2025

Prosjektet Møre og Romsdal 2025 vart vedtatt i fylkesutvalet i april 2018. Målet for prosjektet er at offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal skal vere godt samordna og vere ein sterkare utviklingsaktør for fylket. Prosjektet er eit samarbeid med Fylkesmannen, regionale statlege aktørar og kommunar.

Hovudinnsatsen i arbeidet har vore prosjektutvikling, forankring, medverknad og etablering av møteplassar for utvikling av nye samarbeid. Prosjektet og prosjektaktivitetane har fått god mottaking, og aktivitetsnivået i prosjektet har vore høgare enn forventa. Foreløpig høgdepunkt i prosjektet var Nyttårskonferansen i januar 2019, med mange deltakarar og stort engasjement. Du kan lese meir om prosjektet og Nyttårskonferansen 2019 her

Ein bit av historia

Vi skal jobbe for at kulturturisme skal bli heilårsnæring: Verdiskapingsprogrammet ‘Ein bit av historia’ skal stimulere til at det veks fram nye tilbod, opplevingar og arbeidsplassar som bygger på historia og kulturarven vår langs historiske strekningar i Møre og Romsdal, som Valldalsleia, Den Trondhjemske postvei, og Kystpilegrimsleia.

4. desember vart det arrangert avspark for satsinga, og i 2019 blir det mogeleg å søke om støtte til tiltak og prosjekt. Du kan lese meir om satsinga på kulturturisme og kulturarv her

Reiseliv, mat og kultur 2018 -2020

Møre og Romsdal er eit attraktivt reisemål, og turistane spør etter det autentiske og "det lille ekstra". Lokale mattradisjonar er ein viktig del av kulturen vår. Å kunne tilby tilreisande og lokalbefolkninga gode matopplevingar, er viktig for auke lønsemda i reiselivsnæringa og styrke Møre og Romsdal som opplevingsfylke.

Prosjektet skal bidra til auka lønsemd og verdiskapning i lokalt næringsliv. Det skal også bidra til fleire tilrettelagte opplevingar gjennom riktig og auka samhandling mellom mat-, kultur- og reiselivsaktørar, der mat og drikke blir produsert med lokale råvarer og basert på lokale mattradisjonar.

I 2018 har vi sett i gang fire samarbeidsprosjekt for å kombinere mat, kultur- og naturopplevingar og utvikle reiselivsprodukt; «Smaken av Smøla», «Opplevelser i fossenes rike», «Opplev Tingvoll» og «Smaken av Sunnmøre».

Du kan lese meir på prosjektsida til reiseliv, mat og kultur 2018-2020

Fleire statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen har derfor tatt initiativ til å etablere eit eige prosjekt som skal arbeide med å få fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal. Formålet er at eit større innslag av statlege arbeidsplassar i arbeidsmarknadane i Møre og Romsdal, vil gjere dei både meir attraktive og robuste.

Bakgrunnen for prosjektet er at Møre og Romsdal treng fleire statlege arbeidsplassar. Fylket har 4.000 færre statlege arbeidsplassar enn snittet for dei andre fylka, målt etter storleik på arbeidsmarknaden. Dette utgjer nesten like mange arbeidsplassar som Møre og Romsdal mista i nedturen i olje- og leverandørnæringane dei siste 2-3 åra. 4.000 arbeidsplasser representerer ei direkte årleg innsprøyting i den regionale økonomien i fylket på 2 milliardar.
Les meir om prosjektet her

Nordøyvegen

Nordøyvegen er det største utbyggingsprosjektet for Møre og Romsdal fylkeskommune nokon gong. Nordøyvegen vil etablere fast vegsamband til Lepsøya, Haramsøya, Skuløya/Flemsøya og Fjørtofta og Harøya/Finnøya, og gi fastlandssamband til om lag 2700 personar.

Prosjektet er vedtatt av fylkestinget i 2018 med ei kostnadsramme på 5,1 mrd kroner. Fylkeskommunen er vegeigar, og Statens vegvesen har prosjektansvaret for utbygginga. Nordøyvegen er planlagt ferdigstilt i 2022.

Les meir om prosjektet

Byen som regional motor

Arbeidet med utvikling av byane i fylket, skjer gjennom prosjektet "Byen som regional motor".

Målet er å styrke attraktiviteten i byane Kristiansund, Molde og Ålesund og stimulere til vekst og utvikling. Det er også eit mål at byane tek rolla som regional motor og trekk med seg omlandet i utviklinga. Attraktive bysentra, samferdsel og kollektivsatsing, og kompetansemiljø og utdanning er satsingsområde for byutviklingsprosjektet. Du kan lese meir om prosjektet her

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.