- Forside
- 2018 i korte trekk
- Prisar og stipend
Prisar og stipend
Årets bedrift
Fylkesprisen Årets Bedrift vart tildelt Volda Maskin. –Selskapet tek eit tydeleg samfunnsansvar gjennom å satse på lærlingar, fagleg utvikling og støtte til frivillig arbeid. Vi er imponert over kva dei har fått til, sa leiar av regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim under utdelinga av prisen. Her kan du sjå intervju med Volda maskin etter prisutdelinga.
Trafikktryggingsprisen
Trafikktryggingsprisen 2018 gjekk til Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) ved Bjerkelund skole i Kristiansund kommune. –Dei har sett søkelyset på den svært utfordrande og utrygge trafikksituasjonen rundt skolen, og engasjementet deira har vore avgjerande for at dei fysiske tiltaka no er på plass , sa Iver Nordseth, leiar i trafikktryggingsutvalet i fylket. Her ser du intervju med Linda Odde Godø etter prisutdelinga.
Likestillingsprisen
I 2018 vart prisen tildelt Bygdepride i Ørsta og Volda. 10.-13. mai 2018 vart det for første gong arrangert eit Pride-arrangement i Ørsta og Volda. Arrangementet hadde stor oppslutning med om lag 5000 personar. Du kan sjå intervju med styreleiar Anbjørn Steinhom Frislid her.
Årets ungdomskommune
Ulstein kommune vart kåra til årets ungdomskommune under Ungdommens fylkesting i november. Kommunen har utmerka seg med særskilte tiltak som ikkje berre gagnar ungdom, men heile lokalbefolkninga. Ulstein kommune har eit svært godt fungerande ungdomsråd som ofte blir tatt med under planlegging og tilrettelegging. Her kan du sjå intervju med Henrikke Antonsen og Erica Solhjem frå Ulstein ungdomsråd.
Miljøprisen
–Miljø og klima er viktig for oss og har vore ein raud tråd i alt vi held på med, sa ein glad og overraska dagleg leiar Rannveig Nyheim då tildelinga av miljøprisen vart kjent. –Sødahlhuset er eit godt eksempel på korleis det er mogleg å drive næring basert på berekraftprinsipp, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim. Her kan du sjå opptak frå prisutdelinga
Fylkeskulturprisen
I 2018 gjekk prisen til Smøla janitsjar. I grunngjevinga stod det at Smøla Janitsjarorkester kan vise både til eit sterkt lokalt og regionalt engasjement og at dei er ein viktig kulturbærar for regionen. Dei markerer seg kvart år under arrangementet «Smølabonan» i Kristiansund. Då sett Smøla sitt preg på heile Kristiansund, og orkesteret toppar arrangementet med konsert i Braathallen. Her engasjerer dei artistar frå heile nordmøre og artistar med nordmørske røter. Her kan du sjå film frå utdelinga under fylkestinget i desember
Stipend
Namn | Kommune/stad | Sum |
---|---|---|
Ane Vik Eines | Mjosundet | 200 000 |
Ine Harrang | Molde | 50 000 |
Jon Arne Mogstad | Surnadal | 50 000 |
Joakim Hunnes | Ålesund | 80 000 |
Åshild Moldskred | Måndalen | 30 000 |
Jorunn Marie Kvernberg | Volda | 80 000 |
Øyvind Weiset | Halsa | 30 000 |
Jan Otto Ertesvåg | Ålesund | 80 000 |
Namn | Kommune | Sum |
---|---|---|
Ståle Johan Aklestad | Molde | 50 000 |
Karin Augusta Nogva | Ålesund | 45 000 |
Namn | Kommune | Sum |
---|---|---|
Silje Knutsen Kippernes | Kristiansund | 40 000 |
IL Braatt | Kristiansund | 10 000 |
Toralv Opsal | Ulstein | 40 000 |
Dimna IL | Ulstein | 10 000 |
Vestnes-Varfjell IL | Vestnes | 50 000 |
Namn | Kommune | Sum |
---|---|---|
Karin Augusta Nogva | Ålesund | 45 000 |
Elida Brenna Linge | Valldal | 25 000 |
Bjørn Vatne | Ålesund | 15 000 |
Rune Tafjord | Ålesund | 15 000 |