ÅRSRAPPORT 2020

Kva for oppgåver har fylkeskommunen?

Vi kan dele oppgåvene i fire:

1. Det regionale demokratiet

Fylkeskommunen er ein del av det norske demokratiet, der innbyggarane i fylket kan vere med å påverke kva prioriteringar som skal gjerast for vårt område av landet.

Fylkeskommunen blir styrt av fylkestinget, som består av 47 folkevalde politikarar. Tinget vedtar planar, saker og budsjett for arbeidet til fylkeskommunen.

2. Vi bidrar til å utvikle regionen

Vi er ein pådrivar for berekraftig regional samfunnsutvikling, i tett samarbeid med kommunar, næringsliv, akademia og organisasjonar. Vi jobbar mellom anna for nyskaping, vekst og arbeidsplassar, by- og tettstadutvikling, kulturtilbod og folkehelse.

3. Vi leverer tenester til alle som bor og arbeider i fylket

Kvar dag leverer vi viktige velferdstenester som vidaregåande opplæring, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesvegar og kulturformidling.

4. Vi forvaltar oppgåver på vegner av staten

Vi skal forvalte mynde på vegner av staten på område som kulturminne, vassforvaltning, friluftsliv og forvaltning av naturressursar.