ÅRSRAPPORT 2020

Utdanning

2020 var prega av koronapandemien, noko som gjorde at skolane måtte stenge ned i mars og innføre digital undervisning, til dei gradvis kunne opne igjen. Trass pandemien var det gode resultat i sektoren. Over 91 prosent av elevane i vidaregåande skolar fullførte og bestod skoleåret. Færre enn nokon gong tidlegare slutta, og gjennom godt samarbeid med næringslivet blei det inngått om lag like mange lærekontraktar som i 2019. Det var ein liten auke på talet vaksne som fekk vidaregåande opplæring. Fagskolane i Kristiansund og Ålesund starta prosessen med samanslåing med målsetting om å vere Fagskolen i Møre og Romsdal i august 2021. Fylkeskommunen har om lag 2 500 lærlingar og 10 000 elevar og studentar, fordelt på 23 vidaregåande skolar og fagskolen.

Visste du at elevane i Møre og Romsdal er blant dei med lågaste fråvær i landet?

Resultat

Møre og Romsdal skal ha betre gjennomføring i vidaregåande opplæring

  1. Fullført og bestått skoleår. I 2020 var det 91,4 % som fullførte og bestod skoleåret. Det er det høgaste talet som har fullført og bestått skoleåret, og målet på 86, 7% er meir enn nådd. Å auke talet på elevar som fullfører og består skoleåret og utdanninga er det viktigaste satsingsområdet i sektoren.
  2. Elevar som har slutta. Færre enn nokon gong tidlegare slutta i løpet av skoleåret 2019/2020. Berre 2,3 % av elevane slutta dette året, og Møre og Romsdal er det fylket som har færrast elevar som sluttar.
  3. Fråvær elevar. Skoleåret 2019/2020 var fråværet blant elevar på 3,5 %, noko som er ein stor reduksjon frå året før og godt under det som var mål for året. Reduksjonen skuldast i hovudsak at fråvær frå 13. mars og ut skoleåret ikkje skulle førast på grunn av pandemien.
  4. Elevdemokrati og medverknad. Sjølv om målet som var sett for elevdemokrati og medverknad er nådd, er dette eit område vi arbeider systematisk med for å bli betre. Dette held fram også i 2021.
  5. Meistring. Målet for området meistring er nådd. Dette er ein viktig føresetnad for fagleg utvikling for elevane.
  6. Trivsel. Trivselen blant elevar i vidaregåande opplæring er god, målet er nådd, men vi må likevel arbeide for at den skal bli betre. Trivselen er viktig for læringsmiljøet og det psykososiale miljøet og for å få gode læringsprosessar.
  7. Fullført og bestått vidaregåande opplæring etter 5/6 år. Det er sett eit høgt mål for fullført og bestått etter 5/6 år. Sjølv om målet er eit stykke unna, er gjennomføringsprosenten den høgaste nokon gong for Møre og Romsdal.
  8. Greidd fag-/sveineprøve. For 2020 fekk 93,8 % av lærlingane som gjekk opp til fag-/sveineprøve bestått og målet er derfor ikkje nådd. Det blir arbeidd med kvalitetssikring og oppfølging av opplæringa som skjer i skole og bedrift slik at flest mogleg får ei god opplæring og kan beståfagprøva.
  9. Første kursønske innfridd ungdomsrett. For søkarar med ungdomsrett har så mange som 92 % fått innfridd sitt første ønske om kurs/utdanningsprogram.
  10. Søkarar til læreplass som får læreplass. I 2020 var det fleire som fekk læreplass enn året før, men fordi fleire søkte, gjekk prosenten ned til 83,5. I 2019 fekk 91,3 % av dei som søkte læreplass.
  11. Tal på lære- og opplæringskontraktar. Talet på inngåtte lære- og opplæringskontraktar gjekk opp til 1328 i 2020 (1307 i 2019) på trass av utfordringar i enkelte bransjar som følge av pandemien.
  12. Karriererettleiingstenesta for vaksne. Aktiviteten i karriererettleiingstenesta blei kraftig redusert i mars då landet stengte ned på grunn av pandemien. I etterkant av nedstenginga er aktiviteten auka igjen, men målet for 2020 blei likevel ikkje nådd.
Visste du at heile 91,4 prosent av dei som starta på vgs i 2019 fullførte og bestod skoleåret i 2020?

Dette leverte vi i 2020

Måleindikator Mål for 2020 Resultat for 2020
Møre og Romsdal skal ha betre gjennomføring i vidaregåande opplæring
Elevar som har fullført og bestått skoleåret 86,7 % 91,4 %
Elevar som har slutta i løpet av skoleåret under 4 % 2,3 %
Fråvær elevar under 4,5 % 3,5 %
Elevdemokrati og medverknad 3,5 3,5
Meistring 4,0 4,0
Trivsel 4,2 4,2
Gjennomføring av vidaregåande opplæring i løpet av 5/6 år 84 % 79,1 %
Lærlingar: greidd fag-/sveineprøve 96,0 % 93, 8 %
Første kursønske innfridd ungdomsrett 90,0 % 92,0 %
Del av elevar frå vg2 yrkesfag som søker lærekontrakt skal få ønsket oppfylt 90 % 83,5 %
Auke i talet på inngåtte lærekontraktar 1 300 1 328
Karriererettleiingstenesta for vaksne - rettleiingssamtalar 400 328

Omboda våre

Mobbeombod

Mobbeombodet skal følge barn og unge i heile utdanningsløpet frå barnehage til og med grunnskole. Oppgåvene til mobbeombodet er å støtte og rettleie barn, elevar og foreldre i saker om psykososialt miljø, jobbe førebyggande med informasjon og opplæring til barn, elevar og foreldre og skape dialog og bidra til god tverrfagleg oppfølging etter at saker er handtert.

Elev- og lærlingombod

Elev- og lærlingombodet er til for å sikre unge sine rettar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Ombodet skal hjelpe elevar og lærlingar om dei har spørsmål eller utfordringar knytt til vidaregåande opplæring på skole eller i bedrift. Elev-og lærlingombodet er mobbeombod for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring. Dette er eit gratis og uforpliktande tilbod for alle i vidaregåande opplæring.

Studentombod
Studentombodet for fagskolen i Møre og Romsdal er ein uavhengig ressursperson som skal vareta interessene og rettane til fagskolestudentar. Studentombodet har teieplikt, og er meint som et gratis lågterskeltilbod til studentar i fagskolen i fylket.

Du kan lese meir om omboda på nettsidene våre.

Økonomi

Utdanningssektoren hadde ei samla driftsramme på 1 795 mill. kroner, der 1429 mill. kroner var løn (inkl. sosiale utgifter). Totalt har sektoren eit samla mindreforbruk på 36,8 mill. kroner. I 2019 var mindreforbruket 56,7 mill. kroner. Samla har sektoren i 2020 brukt 19,9 mill. kroner av tidlegare års mindreforbruk. Dei vidaregåande skolane hadde eit samla mindreforbruk på 32,7 mill. kroner, men åtte av 23 vidaregåande skolar hadde eit meirforbruk. Fagskolane inkludert fagskolestyret hadde eit mindreforbruk på 2,6 mill. kroner. For dei vidaregåande skolane og fagskolane utgjer løn (inkludert sosiale utgifter) 98,5 % av driftsutgiftene. Når det gjeld dei andre rammene under utdanning, viser vi til rekneskapen for detaljar.

Satsingar i 2021

  • Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring
  • Betre elevdemokrati og medverknad i vidaregåande opplæring
  • Det skal finnast tilbod om vidaregåande opplæring til vaksne i alle delar av fylket, slik at alle vaksne søkarar kan ha mogelegheit til å delta i opplæringsløp som gir dei ønska sluttkompetanse
  • Fagskoleutdanninga i Møre og Romsdal fylkeskommune skal tilby fagutdanning av høg kvalitet i samsvar med behovet i arbeidslivet i fylket
  • Styrke samarbeidet knytt til integrering av flyktningar