ÅRSRAPPORT 2020

Store prosjekt og satsingar

Fylkeskommunen har mange ulike prosjekt og satsingar. Her finn du ei oversikt over nokre av dei største satsingane og prosjekta som det blir arbeidd med no.

Nordøyvegen

Nordøyvegen er det største fylkesvegprosjektet i Noreg og det største utbyggingsprosjektet i Møre og Romsdal fylkeskommune nokon gong. Vegen skal knyte Ålesund kommune saman gjennom fastlandssamband til Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya/Skuløya, Fjørtofta og Harøya. Prosjektet inneheld tre undersjøiske tunnelar, tre bruer, ein demning på Lepsøyrevet, nye vegar på sjøfylling og ny veg over Fjørtofta. Kostnadsramma er 5,6 milliardar 2020-kr.

Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått kontrakt med Skanska om bygginga av Nordøyvegen. Kraftmontasje AS frå Vestnes prosjekterer og gjennomfører elektro- og automasjonsarbeida i prosjektet. I 2020 var det tunneldrift frå fem stadar og bygging på alle øyene og på sjø. Den store milepålen i brubygginga skjedde i september da dei sju stålseksjonane på Lepsøybrua vart kopla saman over Lepsøyrevet.

Hausten 2020 var det kvar månad om lag 500 menneske som jobba med bygginga av Nordøyvegen hos Møre og Romsdal fylkeskommune, Skanska og underentreprenørar. Kvar tredje tilsett hadde postadresse i Møre og Romsdal. 39 lærlingar har hatt læretida si på Nordøyvegen. Over 100 underleverandørar har vore involvert i prosjektet så langt, mange av dei lokale bedrifter.

Per i dag ser det også ut til at prosjektet kan gjennomførast innanfor vedtatt kostnadsramme. Dette på tross av at dårleg fjell og mykje vatn i Nogvafjordtunnelen har skapt utfordringar med framdrifta. Koronapandemien har også gitt utfordringar i form av restriksjonar, heimekontor og innreisekarantene for arbeidarar hos entreprenør. Pandemien har gitt og gir framleis vesentlege ekstrakostnadar for prosjektet, men per no har det ikkje skapt forseinkingar i framdrifta.

I november vart fylkeskommunen og Skanska einige om ein forseringsavtale som inneber at Nordøyvegen opnar til Lepsøya, Haramsøya og Flemsøya/Skuløya allereie 18. desember 2021. Dette er meir enn eit halvt år før tida og dermed kan ferjesambandet Skjelten- Lepsøy- Haramsøy leggast ned frå same dato. Resten av Nordøyvegen til Fjørtofta og Harøya skal opne sommaren 2022 som planlagt.

Les meir om prosjektet her.

Byen som regional motor

Kristiansund, Molde og Ålesund har dei siste fire åra samarbeidd om byutvikling gjennom prosjektet Byen som regional motor. Målet har vore å utvikle attraktive byer og stimulere til vekst og utvikling, både i byane og omlandet.

Det har vanlegvis vore gjennomført fire fellesmøte i året for å heve kompetansen på byutvikling. I 2020 vart dei fysiske fellesmøta og styringsgruppemøta avlyst på grunn av pandemien, og i staden gjennomført digitalt.

Også i 2020 har byene søkt og fått økonomisk støtte til konkrete og berekraftige tiltak frå ein pott på 25 millionar kroner. Eksempel på tiltak som har fått støtte er: Smart mobilitet, byromsutvikling, Smart sirkulær by, leikeplassar og skateparkar, sykkelprosjekt, gang- og sykkelstiar, gratis sundbåt, lyssetting og aldersvennleg sentrum.

Prosjektet vart avslutta ved utgangen av 2020. Året 2021 skal brukast til å ferdigstille igangsette prosjekt, og til å utvikle ein ny prosjektplan for BRM 2021 – 2024.

Ler meir om prosjektet her

Innovasjonpartnarskap om nye bruløysingar

Innovasjonspartnarskap er offentleg-private partnarskap der norske kommunar og etatar går saman med næringslivet for å saman utvikle heilt nye løysingar på dagens og framtidas samfunnsutfordringar.

I 2020 inngjekk vi avtalar om to innovasjonsprosjekt for bygging av bruer i framtida. Begge partnarskapa er godt i gang med utviklingsarbeidet.

I det eine partnarskapet skal Aas-Jakobsen AS utvikle ein rettleiar for bygging av segmentbruer i betong for norske forhold.

Med denne rettleiar vil betongelementfabrikkar kunne oppnå kortare byggetid, lågare pris, betre kvalitet og meir haldbare kassebruer/element i produksjonen.

I det andre partnarskapet skal Prodtex AS i samarbeid med dr. Techn. Olav Olsen AS utvikle miljøvennleg og kostnadseffektiv byggemetode for stålbruer. Dette prosjektet baserer seg på lokal produksjon i brufabrikken til Prodtex Industri i Vanylven kommune. Det vil bli brukt automatiserte produksjonsprosessar med mellom anna laserteknologi i sveiseprosessen. Det blir og testa ut ein ny metodikk for overflatebehandling.

Les meir om prosjektet her.

Smartare transport

Prosjekt skal utgreie løysingar for eit framtidsretta system for kollektivtransport med autonome og utsleppsfrie passasjerbåtar i byar.

Måla for prosjektet er mellom anna å:

· Nytte vassvegen som avlastning til vegnettet

· Bidra til eit framtidsretta og fleksibelt kollektivtilbod i byane

· Gi kollektivreisande betre oversikt, mobilitet og brukarvennlegheit

· Skape nærings- og kunnskapsutvikling

Med Ålesund og Kristiansund som case har prosjektet gjennomført transportfaglege analysar og gjort ei grundig kartlegging av status for autonomi til sjøs i dag.

Basert på dette grunnlaget har prosjektet arbeidd med ulike fartøykonsept, framdriftssystem, seglingsfrekvensar og –mønster, smarte styringssystem og nødvendig landbasert infrastruktur.

Passasjertryggleik, regulatoriske utfordringar og datatryggleik er også viktige tema som blir belyst gjennom dei pågåande aktivitetane i prosjektet.

Prosjektet blir utvikla i samarbeid mellom SINTEF, NTNU, Ålesund og Kristiansund kommune.

Les meir om prosjektet her.

Berekraftfylket Møre og Romsdal

Berekraftfylket Møre og Romsdal er eit svar på regjeringa sine forventningar og med dette prosjektet ønsker Møre og Romsdal å ta ei tydeleg rolle i å utvikle eit berekraftig samfunn for framtida.

I følge dei nasjonale forventningane skal:

  • Berekraftsmåla vere det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største utfordringane i vår tid.
  • Fylkeskommunar og kommunar vere nøkkelaktørar for å realisere berekraftsmål i Norge.
  • Berekraftsmåla bli ein del av samfunns- og arealplanlegginga, og dermed fylkeskommunane og kommunane si verksemd.

Fylkeskommunen har tatt ansvaret for å samordne aktørane i Berekraftfylket Møre og Romsdal. I 2020 har alle kommunane vore med på omfattande kartleggingsarbeid som gjer kunnskap om lokal status på berekraft gjennom FN-programmet U4SSC. Eit regionalt fellesskap som legg til rette for vidare samarbeid mellom kommunane er etablert.

Regional stat, næringsliv, frivillig sektor og akademia har blitt invitert med i prosjektet, og aktiviteten er aukande.

Møre og Romsdal fylkeskommunen har og ein sentral plass i det nasjonale bærekraftnettverket og samarbeider tett med andre norske fylkeskommunar og kommunar for eit nasjonalt bærekraftløft.

Les meir om berekraftsfylket på mrfylke.no

Campus Kristiansund

Campus Kristiansund skal samle høgare utdanning, forsking og innovasjon på ein felles campus i Kristiansund sentrum. Prosjektet koordinerer dei ulike samfunnsaktørane som jobbar for dette.

Dugnaden for å utvikle CKSU har mellom anna resultert i

  • ei nær dobling av studenttalet og ei rekke nye studietilbod
  • samling av innovasjons- og utviklingsmiljø
  • statleg finansiering av 150 studieplassar
  • mytt studenthus og øvingslab for helsefag
  • etablering av Møreforsking i Kristiansund og løyving på 4,2 mill. kroner over tre år frå fylkeskommunen til oppbygging av biomarint forskingsmiljø på campus.
  • fleire faglege møteplassar

I 2020 har Campusprosjektet jobba tett med fagmiljø og utbyggarar for å utvikle konseptet for første byggetrinn. Planane for Campusutbygginga vart presentert i november, og reguleringsplana er til behandling hos Kristiansund kommune. Det er og lagt ned mykje ressursar i arbeidet med eit felles innovasjonsmiljø på Campus, der Vindel skal leie forprosjektet. Campus Kristiansund vil etter planen vere klar for innflytting ved årsskiftet 2023/24.

Les meir om prosjektet på mrfylke.no

Møre og Romsdal 2025

Møre og Romsdal 2025 er eit program for samarbeid i offentleg sektor med mål om å styrke Møre og Romsdal. Programmet er leia av Fylkeskommunen i Møre og Romsdal, og samarbeidspartnarane er Statsforvaltaren, kommunar og statlege aktørar med ansvar for fylket.

Hovudaktivitetane i programmet er å skape gode møteplassar for å legge til rette for samarbeid og fasilitere fellessatsingar mellom deltakarane.

I 2020 arrangerte vi den årleg nyttårskonferanse og fleire statsetatsmøter. Vi fasiliterte fellessatsingane Levekårsnettverket, Styrking av Ungt Entreprenørskap og Nullvisjon for Utanforskap.

I 2020 etablerte vi i tillegg dei to største satsingane så langt under paraplyen Møre og Romsdal 2025; Berekraftfylket og Digi Møre og Romsdal.

Berekraftfylket, som blei lansert under Nyttårskonferansen, er eit samarbeid mellom kommunane i fylket og fylkeskommunen om systematisk arbeid for å nå berekraftmåla. Digi Møre og Romsdal er eit digitaliseringssamarbeid mellom kommunane i fylket og fylkeskommunen.

Les meir om prosjektet på mrfylke.no

Ein bit av historia

Verdiskapingsprogrammet Ein bit av historia skal stimulere til at det veks fram nye tilbod, opplevingar og arbeidsplassar som bygger på historia og kulturarven vår langs historiske strekningar i Møre og Romsdal. I 2019 – 2021 set vi søkelyset på Valldalsleia, Kystpilegrimseleia og Den Trondhjemske postvei.

Også i 2020 har vi arbeidd med å utvikle digital historieformidling, og på bakgrunn av dette er det starta ei forskings- og utviklingsklynge mellom fylkeskommunen, NTNU vitenskapsmuseet, NIKU – norsk institutt for kulturminneforsking, Kulturtanken og Tidvis utvikling as. Klynga samarbeider blant anna om ny digital formidling i samband med sikringsundersøking av Edøyskipet. Regionalt pilegrimssenter Smøla er no etablert som eiga avdeling i Stiftelsen Nordmøre museum, det skjedde i samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune og Smøla kommune. Senteret får også tilskot frå staten via Nasjonalt pilegrimssenter.

Den Trondhjemske postvei går gjennom åtte kommunar i Møre og Romsdal, og no er heile strekninga registrert og funna digitalisert. Alle kommunane fekk eigne rapportar frå registreringa, der det også vart lagt inn forslag til vidare utvikling i den enkelte kommune. Tilskott til utvikling, skjøtsel og skilting vart lyst ut på slutten av 2020.

I året som gjekk lyste vi ut midlar til digital kulturproduksjon kobla til måla i Ein bit av historien. Dermed fekk vi sett i gang fleire kulturelle- og kunstnariske produksjonar med utgangspunkt i kulturarven langs strekningane, til dømes innan foto, film, design og musikk.

Les meir om prosjektet på mrfylke.no

Reiseliv, mat og kultur 2018 -2020

Møre og Romsdal er eit attraktivt reisemål, og turistane spør etter det autentiske og "det lille ekstra". Lokale mattradisjonar er ein viktig del av kulturen vår. Å kunne tilby tilreisande og lokalbefolkninga gode matopplevingar, er viktig for auke lønsemda i reiselivsnæringa og styrke Møre og Romsdal som opplevingsfylke.

Reiselivsprosjektet har jobba for å bidra til auka lønsemd og verdiskapning i lokalt næringsliv. Det har også vore eit mål å bidra til fleire tilrettelagte opplevingar gjennom riktig og auka samhandling mellom mat-, kultur- og reiselivsaktørar, der mat og drikke blir produsert med lokale råvarer og basert på lokale mattradisjonar.

I 2020 har Covid-19 ført til nokre utfordringar for prosjektet og har resultert i at dette blir forlenga med eit halvt år, det vil seie ut 2021. Det vart arrangert Opplevingsfestival i Kristiansund i februar med rundt 100 reiselivsbedrifter, matprodusentar og kulturaktørar. Dei fire pilotane (bedriftsnettverka) viser god progresjon, held fram med halvårlege fellessamlingar og det blir ytt individuell rettleiing til kvart enkelt nettverk.

Les meir om prosjektet på mrfylke.no

Fleire statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal

Prosjekt arbeider med å få fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal. Formålet er at eit større innslag av statlege arbeidsplassar i arbeidsmarknadane i Møre og Romsdal, vil gjere dei både meir attraktive og robuste.

Bakgrunnen for prosjektet er at Møre og Romsdal har ein lågare del statlege arbeidsplassar enn snittet for dei andre fylka, målt etter storleik på arbeidsmarknaden.

I 2020 vart det gitt innspel til fleire omorganiseringsprosessar i statleg sektor med konsekvens for arbeidsplassar i Møre og Romsdal: Mellom anna forslag til omorganisering av Kystverket og domstolstrukturen i Noreg. I tillegg har det blitt jobba med å få Tindesenteret på Åndalsnes inn på lista over autoriserte besøkssenter for nasjonalparkar og å fremme Volda sitt kandidatur som vertskommune for det statlege pilotprosjektet Statens hus.

Les meir om prosjektet på mrfylke.no