ÅRSRAPPORT 2020

Regional- og næringsutvikling

Koronapandemien gjorde 2020 til eit utfordrande år for næringslivet i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen svarte med tiltak for omstilling i bedriftene. 72 bedrifter fekk til saman 32,6 mill. kroner i tilskot til bedriftsintern opplæring. Det gjorde dei i stand til gi medarbeidarane ny kunnskap, i staden for å permittere eller seie opp. Reiselivet fekk ekstra støtte til innanlands marknadsføring, noko som redda sommarsesongen for mange. Auka rammer til Regionalt forskingsfond har gitt rekordmange bedrifter høve til å starte forskingsprosjekt for å kome styrka ut av krisa.

Visste du at Regionalt forskingsfond for Møre og Romsdal i sitt første driftsår var det regionale fondet i Noreg som støtta flest prosjekt?

Resultat

Møre og Romsdal skal ha attraktive byregionar og tettstader

Vi har jobba med by- og tettstadutvikling gjennom Byen som regional motor og tettstadprodgrammet. I siste år av satsinga Byen som regional motor vart det tildelt til saman 23,4 mill. kroner til byutviklingstiltak i Ålesund, Molde og Kristiansund. Det bidrar til å planlegge og realisere nye byrom, aktivitetsområde og miljøvenlege transportløysingar. Samla skal dette utløyse investeringar på 65 mill. kroner i dei tre byane.

Tettstadprogrammet har bidratt med til saman 9,7 mill. kroner i støtte til sentrumsutvikling i kommunane Volda, Ørsta, Herøy, Sykkylven, Vestnes, Tingvoll, Ulstein og Fjord. Dette skal gi samla investeringar på til saman 40 mill. kroner. Vi har deltatt med etterspurt kompetanse i utviklingsprosessar i desse og i fleire kommunar.

Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv

For å støtte næringslivet under koronapandemien, har vi forvalta støtteordninga til bedriftsintern opplæring (BIO-midlane). Med midlane har bedrifter kunna gi medarbeidarar ny kunnskap, i staden for permittering eller oppseiing. Det vart til saman brukt 32,6 mill. kroner på dette i 2020, fordelt på 72 bedrifter.

Vi har jobba med å styrke entreprenørskap i fylket, og fornya partnarskapet i hoppid.no gjennom avtalar med alle kommunane. Den digitale gründerhjelpa er tatt i bruk, og 552 personar har deltatt på kurs for nyetablerarar.

Regionalt forskingsfond for Møre og Romsdal fordelte 29,8 mill. kroner til 34 bedrifter og 3 kommunar som skal utvikle innovative produkt eller tenester ved hjelp av forsking.

Vi støtta både Møreforsking og NORSØK med koronatiltaksmidlar, til prosjekt som er strategisk viktige for næringslivet og til å bygge forskingskompetanse for framtida og til vitskapleg publisering.

Vi har jobba for ei sikker og effektiv kraftforsyning. Dette er ein føresetnad for næringsutvikling, utvikling av transportinfrastrukturen og for å kunne oppfylle klimakrava. Vi har arbeidd for at Statnett skal sikre eit betre nett i fylket.

Møre og Romsdal skal ha levande lokalsamfunn med lokalt forankra næringsliv og gode bu- og oppvekstmiljø

For å nå målet om betre breiband til fleire, var det finansiert og sendt ut tilbodskonkurranse om utbygging av breiband på minst 100 Mbit/s til 1 891 husstandar i område der kommersiell utbygging ikkje er lønsam. Til saman vart det løyvd 38 mill. kroner til utbygging i 11 kommunar med ein samla prislapp på 111 mill. kroner.

For å dempe effektane av koronapandemien, gav fylkestinget reiselivet ein krisepakke på 10 mill. kroner. 7 mill. kroner vart brukt til marknadsføring av fylket for norske gjestar. Det gav effekt. Møre og Romsdal hadde 100 prosent auke i norske besøkande i juli, og 8,7 prosent fleire overnattingar i juli 2020 enn i juli 2019. Det har trass i krise vore starta fleire utviklingsprosjekt, og det har vore jobba med kompetanseprogram og bedriftsnettverk gjennom prosjektet Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal.

Fylkeskommunen har frå 2020 fått eit utvida ansvar for utvikling på landbruksområdet, der målet er eit berekraftig og aktivt landbruk over heile fylket. Det er gitt 4,6 mill. kroner i støtte til 25 utviklingsprosjekt, arbeid til ein samla verdi på 14,3 mill. kroner.

Møre og Romsdal skal ha eit fleksibelt utdanningssystem som møter utfordringane i arbeidslivet og fører til verdiskaping, nytenking og inkludering

Fylkeskommunen fekk i 2020 støtte på 4,4 mill. kroner frå kompetansepilot-ordninga, til eit prosjekt som skal sjå på korleis fagskulane og næringslivet i distrikta kan jobbe saman for å utvikle eit relevant etter- og vidareutdanningstilbod.

Saman med fagskolen i Kristiansund har vi utvikla eit studietilbod innan digital kompetanse for fagarbeidaren. Dette vart prøvd ut i 2020, med opptak av 16 studentar. Erfaringane skal brukast for å opprette eit akkreditert fagskolestudie innan digital kompetanse.

Basert på initiativ og forprosjekt utført av utviklingsselskapet Nordveggen og industrien i Rauma, fekk Fagskolen i Kristiansund saman med Fagskolen Innlandet 5 mill. kr frå Kompetanse Norge. Midlane skal gå til å utvikle ei modulbasert fagskuleutdanning i tråd med behovet i industrien.

Møre og Romsdal skal ha ein berekraftig bruk av naturressursane

I 2020 har vi deltatt i den nasjonale piloten for marine grunnkart på Nordre Sunnmøre. Vi har støtta oppstart av to interkommunale planar i sjø, og gitt forskingsmiljøa eit løft på forsking knytt til kliniske undersøkingar. Nofima og Norsøk har fått støtte til forskingsinfrastruktur.

Vi har rullert regional plan for vassforvaltning for 2022-2027 og utarbeidd tiltak, miljømål og plandokument. Totalt vart det starta opp 58 tiltak i vassregionen. Sjøaureprosjektet Mange bekkar små skal kartlegge og ta vare på mindre sjøaurevassdrag og sette i verk tiltak om nødvendig.

For å jobbe mot reduserte klimautslepp, har vi arbeidd saman med Miljødirektoratet, statsforvaltaren og Gassco for å kunne utnytte spillvarmen frå Nyhamna-anlegget. Vi har arrangert to dialogmøte om hydrogen, med over 80 deltakarar. I det internasjonale samarbeidsprosjektet G-PaTRA blir det laga eit businesscase for hydrogenproduksjon og bruk på Smøla. Vi har vore i dialog med moglege biogassaktørar og støtta prosjekt som skal utvikle bruk av solceller i energiproduksjon til fiskeoppdrett. Vi har også støtta forprosjekt om bruk av hydrogen i asfaltproduksjon.

Dette leverte vi i 2020

Måleindikator Mål for 2020 Resultat for 2020
Møre og Romsdal skal ha attraktive byregionar og tettstadar
Utløyste investeringar gjennom tildeling av 25 mill. kroner i «Byen som regional motor» 69,0 65, 0
Samla investeringar i tettstadutvikling utløyst gjennom økonomisk støtte frå Tettstadprogrammet 24 mill. kr 40, 1 mill. kr
Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv
Etablerarar som har gjennomført kompetanseprogram gjennom hoppid.no 500 552
Tal kommunar med hoppid.no partnerskapsavtale, i prosent 100 % 96 %
Innvilga søknader om forskingsbaserte innovasjonsprosjekt frå kommunar og bedrifter frå MobPro og RFF 40 54
Sum ny fornybar energi, energieffektivisering og energiomlegging i TWh, 2009-2020 2TWh ikkje målt
Skattefunn i Møre og Romsdal i MNOK 320 208
Tal nye bedriftsnettverksprosjekt innan reiselivsnæringa 2 3
Møre og Romsdal skal ha levande lokalsamfunn med lokalt forankra næringsliv og gode bu- og oppvekstmiljø
Tal søknader om forskingsbaserte innovasjonsprosjekt frå kommunane til MobPro og RFF 9 9
Nye husstandar som har fått tilbod om breiband på minst 30 Mbit, i område utan kommersiell utbygging 1200 1891
Del av totalt tal sysselsette i Møre og Romsdal sysselsett i statleg forvaltning 8, 40 % Statistikk kjem frå SSB i mars
Samla investeringar i utviklingsprosjekt og kompetansetiltak i landbruket, utløyst av tilskot frå fylkeskommunen 10 mill. kroner 14,305 mill. kroner
Møre og Romsdal skal ha berekraftig bruk av naturressursane
Tal på kommunar som er omfatta av interkommunale sjøarealplaner i fylket 53 % 39 %
Tiltak starta årleg for å sikre god eller betre miljøtilstand i ein vassførekomst 80 58
Reduksjon i klimagassutslepp i Møre og Romsdal (som heilskap) frå nivået i 2009 10 % Manglar tal

Økonomi

Regional og næringsavdelinga hadde i økonomiplan 2020 ei driftsramme på 92,804 mill. kroner, der 65,168 mill. kroner var sett av til å støtte prosjekt innan blant anna byutvikling, forsking, bedriftsintern opplæring, reiseliv og til det fylkeskommunale tiltaksfondet. Tildeling av tiltakspakkar etter utbrot av covid-19 gjorde at denne ramma auka til 98,14 mill. kroner. Totalbudsjettet for regional- og næringsutvikling 2020 vart dermed på 169,337 mill. kroner.

Inklusive tidlegare overføringar har vi eit mindreforbruk på 8,882 mill. kroner, men 8,367 mill. kroner av dette er allereie disponert gjennom politiske vedtak, men har enno ikkje blitt utbetalt. Det betyr at det reelle mindreforbruket er 0,515 mill. kroner

Satsingar i 2021

  • Starte arbeidet i program for langsiktig omstilling av næringslivet - ny vekst med grøne løysingar
  • Fleire bedrifter og kommunar skal ta i bruk systematisk og forskingsbasert innovasjon
  • Skape Noregs beste miljø for nyetablering, vekst og internasjonalisering
  • Kartlegge dei marine ressursane og oppnå meir heilskapleg planlegging i sjø
  • Minst 96 prosent av lærlingane skal bestå fag-/sveineprøva, og mindre enn 3 prosent av lærlingane skal heve kontrakten kvart kalenderår.