ÅRSRAPPORT 2020

Gjennomgåande perspektiv - fylkesplanen

Fylkesplan 2017 - 2020

Fylkesplanen er den overordna planen for samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Planen skal gi fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit felles prioriterings- og avgjerdsgrunnlag. I 2020 vart det vedtatt ny fylkesplan som gjeld frå 2021.

Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020 var bygd opp med tre overordna prioriteringar, tre gjennomgåande perspektiv og tre innsatsområde. Resultat for dei overordna prioriteringane finn de under Store prosjekt og resultat for dei tre innsatsområda er omtalt under kvar av fagområda.

Under finn du resultat for dei gjennomgåande perspektiva. Dette er nasjonalt prioriterte samfunnsomsyn som fylkeskommunen, kommunane og statsetatane, skal vurdere i alle planar og tiltak. Dette er omsyn som er med i plan- og bygningslova sin formålsparagraf.

Eksempel på tiltak i 2020 der vi har tatt omsyn til barn og unge sine interesser, universell utforming og klima og miljø:


Miljø og klima:

  • Straumforbruk i fylkeskommunale bygg er redusert med ca 22 % sidan 2009. Noko som tilsvara 6,65 Gwh. Det er i 2020 etablert jordvarmeanlegg på Kristiansund vgs, Volda vgs og Molde vgs som vil gi betydeleg lågare energiforbruk.
  • I 2020 blei det sett i drift fem nye miljøferjer; tre på Hareid-Sulesund og to på Sykkylven-Magerholm. Dette gir ein reduksjon i CO2-utslepp på 16 000 tonn per år. Til no har Møre og Romsdal fylkeskommune inngått kontrakt om miljøferjer på totalt 10 ferjesamband og 16 ferjer. Elektrifisering av fylkesvegferjene vil gi ein samla reduksjon i CO2-utslepp på 38 000 tonn per år innan 2024.
  • Ny busskontrakt i Ålesund, Giske og Sula som starta i januar 2021 omfatta mellom anna elektriske bussar og leddbussar. Elbussane skal køyre 750 000 kilometer utsleppsfritt og vil redusere klimagassutsleppa med meir enn 560 tonn CO2 per år.
  • Prosjektet Smartere transport i Norge går over fleire år, og skal resultere i ein moglegheitsstudie for autonome fartøy i byområda. Miljøvenleg teknologi er ein del av løysinga. I 2020 er arbeidspakke 2, 3 og 4 starta opp.
  • Fylkeskommunen har gjennom året involvert kommunar, sektormyndigheiter, næringsaktørar og privatpersonar i rulleringa av regional plan for vassforvaltning for 2022-2027. Dette har vore gjort gjennom dialogmøte og felles arbeidsmøte der det har blitt utarbeidd tiltak, miljømålsettingar og plandokument. I 2020 vart det starta opp 58 tiltak i vassregionen. Sjøaureprosjektet Mange bekkar små kom i gang, prosjektet skal kartlegge mindre sjøaurevassdrag slik at dei kan takast vare på og sette i verk tiltak om nødvendig.
  • I 2020 har fylkeskommunen deltatt i den nasjonale piloten for marine grunnkart i kystsona på Nordre Sunnmøre, og vi har posisjonert fylket inn mot det nasjonale programmet for kartlegging som skal etablerast frå 2023. Fylkeskommunen har støtta oppstart av to interkommunale planar i sjø (Hustadvika og Aukra, og Fjord, Stranda og Sykkylven). Vi har også gitt forskingsmiljøa eit løft på forsking knytt til kliniske undersøkingar og gitt støtte til forskingsinfrastruktur hos Nofima og Norsøk. I tillegg har vi støtta Møre Havlab hos Atlanterhavsparken.
  • Tatt vare på kulturminne og kulturmiljø gjennom arealplanarbeid, sikring og skjøtsel

Barn og unge

  • Ungdomspanelet har hatt ni møte (til saman 21 møtedagar) og behandla 43 saker, deltatt i hovudutvalsmøte og deltatt med innlegg på fleire konferansar.
  • Ungdomspanelet og ungdom i URG (ungdommens ressursgruppe i UKM, ung kultur møtes) medverka i arbeidet med å delvis iverksette ny driftsmodell for UKM i Møre og Romsdal, tilpassa covid-19.
  • Vi har arrangert Barnebokbad-kurs for bibliotektilsette og pedagoger frå fire kommunar
  • I samband med prosjektet Ein bit Historia er det sett i gang eit delprosjekt for å skape eit digital formidlingsunivers, med særleg fokus på å nå ut til barn og unge.
  • Kampanjen for å skaffe fleire læreplassar Tenk framtid - bli lærebedrift vart vidareført i 2020. Det var reklame på bussar og terminalar, og informasjon om det å vere lærebedrift på fylkeskommunen sine heimesider og i sosiale media. Denne satsinga var spesielt viktig dette året for å bidra til at fleire ungdommar fekk seg læreplass på tross av ein usikker arbeidsmarknad
  • Alle vidaregåande skolar har etablert innsatsteam mot mobbing (SIM). Alle tilsette ved skolane har gjennomført fagdag om mobbing i regi av læringssenteret ved universitetet i Stavanger
  • Barnas transportplan har vore ein del av prioriteringane til Nasjonal transportplan. Prioritering frå fylkestinget i Møre og Romsdal til Nasjonal transportplan 2022-2033 er at 'Barnas transportplan bør fremme god folkehelse blant barn og unge, gjennom tiltak knytt til trafikktrygging og utbygging av gang- og sykkelvegar både i by og distrikt'.
  • Vi er tydelege på trafikktrygging i våre høyringsuttaler med tanke på rekkefølgekrav og arealbruk i arbeidet med regulerings- og kommuneplanar. Trafikksikkerheit står i førarsetet når det gjeld våre høyringsuttaler.
  • Gjennom nye midlar og tiltakspakkar har vi utbetra eksisterande gang- og sykkelvegnett.
  • Det helsefremmande, førebyggande arbeidet og tannbehandling til barn og ungdom har i 2020 omfatta 51 015 personar. Koronapandemien, med smitteverntiltak og restriksjonar på behandlingsomfanget, har medført at færre pasientar har fått behandling.
  • Ny Strategi og tiltaksplan for folkehelsearbeidet i den offentlege tannhelsetenesta er utarbeidd i 2020. For gruppa 0-18 år er det sett opp tiltak på klinikknivå og tiltak i det utadretta arbeidet, samt oppfølging av barn og unge med høg risiko for tannsjukdom.
  • Fylkeskommunen har ansvar for å tildele skule- og lærlingekvotar til fiskerinæringa. Dette er ei ordning for å mobilisere fiskerinæringa til å ta inn fleire lærlingar. Møre og Romsdal har ei stor fiskeflåte, og denne ordninga er godt kjent i næringa. I 2020 vart det innvilga 51 lærlingekvotar og 4 skulekvotar. Samanlikna med våre nabofylke har Møre og Romsdal eit vesentleg høgare tal med lærlingar som søker lærlingekvote.
  • Å utvikle byrom i tettstadane som er attraktive for bruk og opphald for barn er eit overordna og grunnleggande mål. Tettstadprogrammet oppmodar kommunane til å gjere barnetrakkregistrering og sørge for god medverknad frå barn og unge som grunnlag for fysiske opparbeidingar.

Likestilling og inkludering

  • Rådgivarar for integrering blei tilsett frå 01.01.20. Ansvar for oppgåver på integreringsfeltet som kjem av regionreforma og ny integreringslov med forskrift er klar, og samhandling med kommunane er i godt gang.
  • Den offentlege tannhelsetenesta har samarbeidsavtalar med flyktningtenesta i kommunane om å gi eit godt tilbod til denne gruppa; førebyggande tiltak, tilpassa tiltak og betre informasjon.
  • Prosjektet Jenter i elektro vart avslutta sommaren 2020 og rapporten lagt fram for yrkesopplæringsnemnda og utdannings- og kompetanseutvalet.
  • Tannklinikkane er viktige kvinnearbeidsplassar, og over 90 % av dei tilsette i 2020 er kvinner. Delen høgt utdanna unge kvinner (tannlegar) har auka dei siste åra som følge av generasjonsskifte i denne yrkesgruppa med avgang av mannlege tannlegar.
  • Innan vidaregåande utdanning er alle nybygg og rehabiliteringar gjennomført i samsvar med gjeldande lover og forskrifter og bruk av tredjepartskontroll for å verifisere at alle krav er følgde
  • I alle funksjonsprogram for nye/rehabilitering av tannklinikkar er det stilt krav om universell utforming for å imøtekomme krav og behov hos ulike brukargrupper i den offentlege tannhelsetenesta.
  • Det er krav til universell utforming i alle nye kontraktsinngåingar for buss og ferje.
  • Fylkeskommunen har følgt opp at alle kommunale planar tar omsyn til kollektiv, særskilt i arbeidet med bypakkar. Det gjeld også universell utforming og ganglenker. Vi har kontinuerleg søkelys på kollektiv og mjuke trafikantar i høyringsuttaler til kommunale planar, spesielt med fokus på bypakkane.
  • Det har vore arbeidd med å gjere fylkeskommunal informasjon forståeleg og tilgjengeleg. Det har mellom anna vore gjennomført kurs for tilsette og for kommunane i universell utforming av dokument.
  • Det er tilrettelagt og prosjektert kulturstiar ved gravminne og andre arkeologiske funn, mellom anna Hareid, Holskeidet/Sunndal, Bjørset/Molde og Eidet i Surnadal.
  • Det er lagt til rette for leseopplevingar for dei som av ulike grunnar ikkje kan lese sjølve gjennom leseombodsordninga, kor frivillige les. Over 20 kommunar har et Bok til alle-bibliotek.


Fleire eksempel på tiltak innanfor miljø og klima, barn og unge og likestllling og inkludering finn du på mrfylke.no