ÅRSRAPPORT 2020

Bygg og eigedomstenester

Møre og Romsdal fylkeskommune eig 227 195 m² bygningsmasse fordelt på 164 bygningar. I hovudsak er dette bygningsmassen til dei vidaregåande skolane. I tillegg leiger fylkeskommunen mykje areal til tenestene våre innanfor kultur, utdanning, tannhelse og samferdsel. Bygg- og eigedomstenester har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av den fylkeskommunale bygningsmassen.

Du kan lese meir i Bygg og eigedom sin eigen årsrapport for 2020

Dei fylkeskommunale skolebygga

Dei siste åra har det vorte gjennomført tilstandsregistreringar på dei fylkeskommunale skolebygga. Tilstandsregistreringa frå 2020 viser at dei fleste bygga har ein god standard, men at nokre bygg er i svært dårleg tilstand. Av dei 215 787 m² av skolebygg som vart tilstandsregistrert i 2020, er 9 prosent rekna å vere i svært dårleg tilstand (tilstandsgrad dårlegare enn 2,25). Dette er bygg der det må gjerast tiltak dei neste åra for å hindre at bygga vert stengt. I snitt har bygningsmassen ein tilstandsgrad på 1,34, noko som er dårlegare enn målet sett i eigedomsstrategien som er på 1,2. Tilstandsgraden for dei bygga som skal behaldast over tid (B-bygg) er på 1,14. Det er tilstandsgraden til bygg som skal rivast eller avhendast (C-bygg) som gjer at målet i eigedomsstrategien ikkje blir oppnådd, dette utgjer 11 prosent av bygningsmassen.
Du kan lese meir om forvaltning av eigedomsmassen i Eigedomsstrategien

Dei 11 lokasjonane med dårlegast teknisk tiltandsgrad. Dette er i høve NS 3424 der 0 er best og 3 er dårlegast.

Skolane med dårlegast teknisk tilstandsgrad

Dei fylkeskommunale skolebygga er fordelt på tre bygningskategoriar for å sikre at vedlikehaldsmidlane blir disponert optimalt.

  • A-bygg er bygg det er planlagt omfattande ombyggings- eller rehabiliteringstiltak på innan relativt kort tid.
  • B-bygg er bygg vi skal behalde over tid, og derfor vil det bli gjennomført verdibevarande vedlikehald på desse bygga.
  • C-bygg er bygg som skal rivast eller avhendast.
Bygnings-kategori Del av total bygningsmasse Mål tilstandsgrad Tilstandsgrad 2020 Vedlikehalds-behov 0-5 år Vedlikehalds-behov 5-10 år
A-bygg 10 % 1,4 2,04 156 mill. kr 118 mill. kr
B-bygg 80 % 1,1 1,14 308 mill. kr 516 mill. kr
C-bygg 10 % 1,6 2,40 263 mill. kr 79 mill. kr

Tiltakspakke 2020

Bygg- og eigedomstenester vart i 2020 tildelt 50 mill. kroner i tiltakspakke for å gjennomføre små og mellomstore byggeprosjekt. Tildelinga skulle bli brukt til å stimulere det lokale næringslivet. Bygg- og eigedomstenester har i 2020 gjennomført, eller starta opp, 5 mellomstore og 61 små prosjekt med tildelinga frå tiltakspakka. Oppdraga vart lyst ut, og over 90 forskjellege entreprenørar/underentreprenørar, over heile fylket, har deltatt i prosjekta. Til saman 44,2 mill. kroner vart utbetalt i 2020 og resterande vil bli utbetalt første kvartal 2021.

Byggeprosjekt som er vedtatt av fylkestinget og er under bygging/planlegging

Kvar Kva Areal BTA Totalt budsjett Rekneskap 2020 Totalt rekneskap
Romsdal vgs** Nybygg i massivtre 12 400 m² 520 mill. kr 0,35 mill. kr 510,8 mill. kr
Spjelkavik vgs Tilbygg og rehabilitering 8 314 m² 225 mill. kr 4,9 mill. kr 217,8 mill. kr
Fagerlia vgs Nybygg 3 004 m² 146 mill. kr 39,3 mill. kr 141,5 mill. kr
Ørsta vgs * Nybygg 9,4 mill. kr 4,7 mill. kr 6,1 mill. kr
Spjelkavik Arena* Ny idrettshall 8 mill. kr 4,3 mill. kr 7,5 mill. kr
Volda vgs TPO-base 420 m² 18,6 mill.kr 1 mill. kr 1 mill. kr
Fræna vgs Bygg marinefag 36,5 mill. kr 5,8 mill. kr 6,7 mill. kr
Felles Televarslingsystem alle skolar 10 mill. kr 0,4 mill. kr 0,4 mill. kr
*For prosjekt utan vedtatt totalramme, er det budsjett så langt som er oppgitt.
** Avslutta 2020

ENØK-tiltak starta i 2020

Kvar Kva Totalt budsjett Rekneskap 2020
Atlanten vgs* Nytt anlegg jordvarme 4,3 mill. kr 0,4 mill. kr
Kristiansund vgs* Utviding av brønnpark til varmepumpe 3,7 mill. kr 1,6 mill. kr
Molde vgs* Nye varmepumper 6,23 mill. kr 5,7 mill. kr
Ulstein vgs* Oppgradering SD-anlegg 2,4 mill. kr 1,6 mill. kr
Volda vgs Nytt SD-anlegg 1,5 mill. kr 0,1 mill. kr
Volda vgs* Brønnboring og varmepumper 6,3 mill. kr 4,7 mill. kr
* Arbeid påbegynt i 2019 med utvida budsjettramme i 2020.

Redusert energiforbruk i skolebygga

Det har blitt gjennomført mange ENØK-tiltak på dei fylkeskommunale skolebygga. Det gjer at det totale energiforbruket har blitt redusert med 21,6 prosent (6,65 Gwh) sidan 2009. I 2017 vedtok fylkestinget eit mål om å redusere energiforbruket med 25 prosent (om lag 7,8 GWh) innan 2020, samanlikna med energibruken i 2009.