ÅRSRAPPORT 2020

Årsmelding

Her kan du laste ned signert utgåve av årsmeldinga (pdf)

Fylkeskommunen er ein politisk styrt organisasjon med fylkestinget (47 representantar) som det øvste folkevalde organet. Leiar for fylkestinget er fylkesordføraren. Andre sentrale utval med medlemer oppnemnd av fylkestinget er:

  • fylkesutvalet
  • utdannings- og kompetanseutvalet
  • kultur-, næring og folkehelseutvalet
  • samferdselsutvalet
  • kontrollutvalet

Fylkeskommunen sine ulike roller og planverk er omtalt i årsrapporten.

Fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver i dag er:

  • Vidaregåande opplæring (vidaregåande skoler, fagopplæring, vaksenopplæring mm.)
  • Samferdsel (fylkesvegane, fylkesvegferjer, kollektivtrafikk i fylket, ruteopplysning mm.)
  • Offentleg tannhelseteneste
  • Regional planlegging
  • Næringsutvikling (tilretteleggande verkemiddel for næringsutvikling og entreprenørskap)
  • Forvalte regionale utviklingsmidlar (strategisk bruk av nærings- og distriktspolitiske virkemidlar)
  • Kultur (fylkesbibliotek, spelemidlar til idrettsanlegg, midlar til kulturbygg, driftstilskot mm.)
  • Folkehelse (pådrivar for regionalt og lokalt folkehelsearbeid)
  • Internasjonalt arbeid

1. Driftsrekneskap

Driftsresultat

Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2020 eit positivt netto driftsresultat korrigert for bundne fond på 47,1 mill. kroner i 2020 (tabell 1). Dette er ein auke på 209,8 mill. kroner samanlikna med budsjett for 2020, og ein reduksjon på 243,3 mill. kroner samanlikna med rekneskap for 2019.

(i 1000 kroner) Rekneskap 2020 Budsjett 2020 Avvik Rekneskap 2019
Brutto driftsinntekter 6 421 451 6 064 858 356 593 5 646 888
Brutto driftsutgifter 6 390 110 6 249 847 -140 253 5 365 070
Brutto driftsresultat 13 341 -184 989 216 330 281 818
Netto finansutgifter 292 196 327 195 34 999 272 731
Motpost avskrivingar -348 749 -355 400 -6 651 -304 426
Netto driftsresultat 87 894 -156 784 244 678 313 513
Netto bruk av bundne fond -40 762 -5 893 -34 869 -23 117
Netto driftsresultat korrigert for bundne fond 47 132 -162 677 209 809 290 396
i prosent av bruttoinntekter 0,7 % -2,7 % 5,1 %
Tabell 1

Netto driftsresultat korrigert for bundne fond i prosent av brutto driftsinntekter er på 0,7 prosent, som er 4,4 prosentpoeng lågare enn i 2019.

Avviket mellom rekneskapen og budsjett for 2020, skyldast i hovudsak lågare finansutgifter på 34,9 mill. kroner, auka rammetilskot og fylkesskatt på om lag 22,8 mill. kroner og sektorane sitt mindreforbruk på om lag 135 mill. kroner.

Netto driftsresultat disponerast på følgande måte:

(i 1000 kroner) Rekneskap 2020 Budsjett 2020 Avvik Rekneskap 2019
Netto driftsresultat 87 894 -156 784 244 678 313 513
Disponering eller dekking av netto driftsresultat: 0 0
Overføring til investering 27 681 32 800 -5 119 3 778
Netto avsettingar til eller bruk av bundne driftsfond 40 762 5 893 34 869 23 117
Netto avsettingar til eller bruk av disposisjonsfond 19 451 -195 477 214 928 286 618
Sum disp. eller dekking av netto driftsresultat 87 894 -156 784 244 678 313 513
Framført til inndekking i seinare år (meirforbruk) 0 0 0 0

Brutto driftsinntekter

(i 1000 kroner) Rekneskap 2020 Budsjett 2020 Avvik Rekneskap 2019
Rammetilskot 3 209 927 3 193 312 16 615 2 745 313
Inntekts- og formueskatt 1 550 411 1 544 200 6 211 1 606 410
Andre generelle driftsinntekter 69 467 70374 -907 38 014
Andre inntekter 1 591 646 1 256 972 334 674 1 257 151
Brutto driftsinntekter 6 421 451 6 064 858 356 593 5 646 888
Tabell 2

Brutto driftsinntekter var i 2020 på totalt 6421,5 mill. kroner, som er 356,6 mill. kroner høgare enn budsjett og 774,6 mill. kroner høgare enn i 2019.

Rammetilskotet
Rammetilskotet var på 3209,9 mill. kroner inkl. skatteutjamninga i 2020, som er 16,6 mill. kroner høgare enn budsjett.

Rammetilskotet har i løpet av året vorte påverka av regjeringa sin kompensasjon av tapte inntekter sett i samanheng med covid-19. Avviket mot budsjett skyldast auka utbetaling av korona-midlar i desember med 31,7 mill. kroner, samt lågare skatteutjamning på 15,0 mill. kroner. Skatteutjamninga har samanheng med skatteinngangen i Møre og Romsdal fylkeskommune sett i samanheng med skatteinngangen i landet for øvrig.

Inntekts- og formuesskatt

Inntekts- og formuesskatt var på 1 550,4 mill. kroner i 2020, som er 6,2 mill. kroner høgare enn budsjettert. Inntekts- og formuesskatten vart redusert med 56 mill. kroner i forhold til 2019, dvs. en reduksjon på 3,5 prosent.

Andre inntekter (inkl. øyremerka statlege overføringar

Denne posten viser alle inntektene til fylkeskommunen sette i samanheng med sal av tenester (ferje, buss, hurtigbåt m.m.), samt overføringar av statlege ordningar for regional utvikling på ymse områder (spelemidlar, Innovasjon Norge, kulturtanken, regionalt forskingsfond m.m.). Pandemien har førte til lågare sal av tenester, men inntektene har likevel auka pga. at dei statlege overføringane har auka. I sum har posten auka med 334,7 mill. kroner i 2020 sett i samanheng med budsjett.

Brutto driftsutgifter

(i 1000 kroner) Rekneskap 2020 Budsjett 2020 Avvik Rekneskap 2019
Sum bevillingar drift, netto 4 445 844 4 637 480 191 636 3 798 068
Avskrivingar 348 749 355 400 6 651 304 426
Andre utgifter 1 595 516 1 256 967 -338 549 1 262 576
Brutto driftsutgifter 6 390 110 6 249 847 -140 263 5 365 070
Tabell 3

Brutto driftsutgifter var i 2020 på totalt 6 390,1 mill. kroner, som er 140,3 mill. kroner høgare enn budsjett.

Sum bevillingar drift, netto

Sum bevillingar drift netto, består av driftsrammene til avdelingane korrigert for overføring til investering, bruk av bundne fond, premieavvik, pensjonspremien m.m. (tabell 4).

Budsjettavvik på rammeområda

Fylkestinget har fordelt disponible frie inntekter på ti fylkestingsrammer utanom reserveposten. Driftsbudsjettet vert vedtatt som nettorammer, og hovudutvala kan omdisponere mellom sine utvalsrammer.

Driftsrammene (sum netto bevillingar drift på rammeområda) var på 4 541,4 mill. kroner i 2020, som er 135,8 mill. kronar lågare enn budsjett. Held ein utanom reserveposten på 40,7 mill. kroner, så gir dette eit mindreforbruk på 95,1 mill. kroner.

(i 1000 kroner) Rekneskap 2020 Budsjett 2020 Avvik Rekneskap 2019
D01 Fellesutgifter og utgifter til fordeling 37 792 42 225 4 433 30 290
D02 Politisk verksemd 24 879 24 612 -267 27 285
D03 Stabsfunksjonar 199 544 225 604 26 060 165 746
D04 Reservepost 0 40 658 40 658 0
D05 Vidaregåande opplæring 1 738 710 1 771 639 32 929 1 715 063
D06 Fagskolane i Møre og Romsdal 19 063 22 932 3 869 15 274
D09 Tannhelsetenester 155 498 152 355 -3 143 155 660
D10 Kulturtenester 148 222 150 363 2 141 131 528
D11 Regional- og næringsutvikling 160 455 169 337 8 882 100 378
D12 Samferdselstenester 2 049 118 2 068 564 19 446 1 512 985
D14 Sentrale kontrollorgan 8 109 8 859 750 6 555
Sum netto bevillingar drift på rammeområda 4 541 390 4 677 148 135 758 3 860 763
Overføring til investering frå rammeområder -22 833 0 22 833 -3 778
Bruk av bundne fond rammeområder -40 762 -5 893 34 869 -23 117
Ufordelte utgifter (premieavvik) 26 544 -22 312 -48 856 -35 800
Ufordelte utgifter (premiereduksjon KLP/SPK) -47 032 0 47 032 0
Ufordelte utgifter (red. aga) -11 463 -11 463 0 0
Sum bevillingar drift, netto 4 445 844 4 637 480 191 636 3 798 068
Tabell 4

Alle rammene bortsett frå politisk verksemd og tannhelsetenester viser eit mindreforbruk sett i forhold til budsjett.

Reserveposten har eit mindreforbruk på 40,7 mill. kroner. Av reserveposten disponerer fylkesutvalet 1,5 mill. kroner. I budsjettet for 2020 var det føresett at lønnsoppgjeret skulle gi ein årslønnsvekst på 3,6 prosent frå 2019 til 2020. Det faktiske lønsoppgjeret gav ein årslønsvekst 1,7 prosent. For Møre og Romsdal fylkeskommune utgjorde dette ei samla innsparing på om lag 39,2 mill. kroner for lønsoppgjeret i 2020. I tillegg var det eit mindreutgift på 1,5 mill. kroner, på fylkesutvalet sin reservepost.

Stabsfunksjonar har totalt sett et mindreforbruk på 26,1 mill. kroner. Av dette utgjer Bygg- og eiendomstenester (BYE) 13,7 mill. kroner.

Av mindreforbruket til BYE skriv om lag 10,5 mill. kroner seg frå starta men ikkje avslutta vedlikehaldsprosjekt medan om lag 3,2 mill. kroner gjeld meirinntekter knytt til kjøp/sal av konsesjonskraft.

Vidaregåande opplæring har eit mindreforbruk på 32,9 mill. kroner sett i samanheng med budsjett. 15 av 23 skolerammer hadde eit mindreforbruk, medan 8 hadde eit meirforbruk. Mindreforbruket kan forklarast med reduserte kostnader som følje av lågare reise- og kursutgifter, lågare prisvekst samt covid-19.

Dei 8 skolane med meirforbruk vil dekke dette inn gjennom trekk på rammene i 2021.

Samferdsel har eit samla mindreforbruk på 19,4 mill. kroner sett i samanheng med budsjett. Inntektsbortfallet på sal av tenester vart i løpet av 2020 dekt av auka rammetilskot og skjønnsmidlar frå regjeringa. Utbetalingane var basert på innrapporterte prognoser frå fylkeskommunane. Sjølv om evalueringa for 2020 er ennå ikkje ferdigbehandla av samferdselsdepartementet, så kan det sjå ut som Møre og Romsdal fylkeskommune har fått utbetalt noko meir enn det faktiske inntektsbortfallet. Kor mykje veit ein først når evalueringa er ferdig. Det ein veit er at effektane av pandemien også vil påverke kollektivinntektene negativt i 2021, dvs. at det endelege reknestykket for inntektsbortfallet, vil ein først få oversikt over når samfunnet er tilbake til det normale.

Andre utgifter (inkl. øyremerka statlege overføringar)

Posten viser utgiftsføringa av bruken av Andre inntekter (inkl. øyremerka statlege overføringar) i kap. 1.1, siste avsnitt. Dersom ein ikkje brukar alle statlege overføringane i løpet av kalenderåret, så er det mogleg å avsetje desse midlane til seinare år som bundne fond. I 2020 vart netto avsetjinga til bundne fond på 40,8 mill. kroner. Sidan dette ikkje frie midlar til fylkeskommunen sin eigen disposisjon, så kjem dette som ein korreksjon til netto driftsresultatet når ein skal finne det eigentleg netto driftsresultatet, jf. tabell 1. Avsettinga til bundne fond er ikkje kjent før ved avsluttinga av årsrekneskapen.

Netto finansutgifter

Netto finansutgifter var på 292,2 mill. kroner (tabell 1), dvs. 35 mill. kroner lågare enn budsjett. Dette skuldast i hovudsak lågare renteutgifter på 26,4 mill. kroner som følgje av lågare rentenivå. I tillegg auka renteinntektene med 8,6 mill. kroner i løpet av året.

2. Investeringsrekneskap

Investeringsrekneskapen hadde i 2020 eit samla finansieringsbehov på 2 122,2 mill. kroner mot budsjettert 2 324,8 mill. kroner.

i 1000 kr. Rekneskap 2020 Budsjett 2020 Avvik Rekneskap 2019
Investeringar i varige driftsmidlar 2 098 874 2 286 225 -187 351 1 774 539
Tilskot til andres investeringar 1 722 0 1 722 1 034
Investeringar i aksjar og andelar i selskap 21 129 38 600 -17 471 4 843
Utlån av eigne midlar 495 0 495 832
Avdrag på lån 0 0 0 0
Sum investeringsutgifter 2 122 220 2 324 825 -202 605 1 781 248
Kompensasjon for meirverdiavgift 370 898 359 227 11 671 321 914
Tilskot frå andre 268 741 344 301 -75 560 538 520
Sal av varige driftsmidlar 5 552 0 5 552 155
Sal av finansielle anleggsmidlar 1 172 0 1 172 1
Utdeling frå selskap 0 0 0 0
Mottatte avdrag på utlån av eigne midlar 6 247 6 247 0 0
Andre inntekter 670 0 670 3 961
Bruk av lån 1 389 624 1 502 283 -112 659 933 003
Sum investeringsinntekter 2 042 904 2 212 058 -169 154 1 797 554
Videreutlån 0 0 0 0
Bruk av lån til videreutlån 0 0 0 0
Avdrag på lån til videreutlån 0 0 0 0
Mottatte avdrag på videreutlån 0 0 0 0
Netto utgifter videreutlån 0 0 0 0
Overføring frå drift 27 681 32 800 -5 119 3 778
Netto avsettingar til eller bruk av bundne investeringsfond 30 506 41 367 -10 861 -24 926
Netto avsettingar til eller bruk av ubunde investeringsfond 21 129 38 600 -17 471 4 842
Dekking av tidlegare års udekka beløp 0 0 0 0
Sum overføring frå drift og netto avsettingar 79 316 112 767 -33 451 -16 306
Framført til inndekking i seinare år (udekka beløp) - - - -
Tabell 5

Nedanfor har vi kommentert nokon av dei største investeringsavvika.

Vidaregåande opplæring

Det er investert til saman om lag 91,3 mill. kroner i utstyr og bygningar for vidaregåande opplæring i 2020. Prosjekta viser totalt eit mindreforbruk på om lag 24 mill. kroner. Det er forsinka framdrift på fleire prosjekt i høve til budsjett. I hovudsak skyldast dette:

  • - forseinking i leveranse av avfallsløysing og på grunn av vasslekkasje på Spjelkavik vidaregåande skole
  • - forseinking på vedlikehaldsprosjekt på Fagerlia vidaregåande skole på grunn av covid-19
  • - endra framdrift i planlegginga av prosjekt Ørsta vidaregåande skole.
  • - utfordringar på å halde budsjettert framdrift på prosjekta «Utstyr/universell utforming/ped.ombygging» på grunn av covid-19

Samferdsel

Samferdsel har investert for om lag 1 966 mill. kroner i 2020, som er 167 mill. kroner lågare enn budsjetter. Av dette utgjer 1 957 mill. kroner investeringar i fylkesvegar medan om lag 9 mill. kroner er system og utstyr knytt til Fram.

Avviket mellom budsjett og rekneskap skyldast i hovudsak periodiseringsavvik på prosjekta knytt til Fylkesvegar og prosjekt Nordøyvegen.

Fylkesvegar er eit samlebegrep for prosjekt vedrørande fylkeskommunen sine fylkesvegar utanom rassikring og prosjekt Nordøyvegen. Totalt hadde posten eit mindreforbruk på 269,2 mill. kroner i 2020. Meirforbruket skriv seg frå netto meir- og mindreforbruk på fleire prosjekt. Dei største avvika kan forklarast som følgjer:

  • Prosjekta knytt til planlegging av bypakkar og bestillingstransport er forsinka og vart ikkje starta i 2020 og har eit mindreforbruk på til saman 6,6 mill. kroner.
  • Lade- og infrastruktur knytt til Sulapakken, Nordmørspakken og Romsdalspakken viser eit samla mindreforbruk på om lag 236 mill. kroner. Sulapakken vart avslutta i 2020, med eit mindreforbruk på 3,3 mill. kroner. Nordmørspakken og Romsdalspakken er forsinka på grunn av forsinka leveransar pga. covid-19, og det er ikkje blitt belasta noko på desse prosjekta i 2020. Totalt er det behov for å overføre 232 mill. kroner av mindreforbruket på Nordmørspakken og Romsdalspakken til 2021.
  • «Mindre utbetringa ferjekaier» viser eit meirforbruk på om lag 15 mill. kroner. På Nordmørspakken har det vore eit meirforbruk på 2,6 mill. kroner knytt til auka prosjekteringskostnad, peling og omprosjektering. På Sulesund ferjekai har det vore eit meirforbruk på om lag 8,8 mill. kroner som skuldast tilleggsarbeid på entreprise, prosjektering og anleggsskade bak rasvoll. Når det gjeld Romsdalspakken og Indre Sunnmørspakken, har det vore meirforbruk på om lag 4 mill. kroner knytt til grunnboring og prosjektering.
  • «Mindre utbetringar, bruer» viser eit samla mindreforbruk på om lag 51,4 mill. kroner, der 28,8 mill. kroner skuldast at bygging av ny bru Vassend og Folla, på grunn av kapasitetsproblem, ikkje vert starta opp før i 2021. Resten av mindreforbruket er knytt til bruene i Geiranger og Vikelv, Nerlandsøybrua og Bruvollbrua der arbeidet blir starta opp eller fullført først i 2021.
  • «Grunnerverv» viser eit meirforbruk på 12,5 mill. kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune overtok vederlagsfritt ein kulvert frå utbyggar Elvebakken AS i 2020. Denne er verdsett og ført i rekneskapen med om lag 12,5 mill. kroner og samtidig bokført som finansiert med ein overføring frå andre (dette er ein rekneskapsteknisk føring). Vi tek derfor omsyn til dette i samband med overført beløp til 2021.

Nordøyvegen

Nordøyvegen består av tre undersjøiske tunnelar, ein landtunnel og tre bruer og vil gi fast vegsamband til Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta og Harøya/Finnøya. I løpet av 2020 er prosjektet over halvferdig og den sørlege delen av sambandet med bruene til Lepsøya og tunnelen til Haramsøya kan opnast før jul 2021. Dette er meir enn eit halvt år før tida og dermed kan ferjesambandet Skjelten- Lepsøy- Haramsøy leggast ned frå same dato. Heile Nordøyvegen er planlagt opna sommaren 2022.

Prosjektet viser eit meirforbruk på 110,3 mill. kroner i 2020. Hovudårsaken til meirforbruket er tidlegare stålleveranse til bru enn føresett i budsjettet. Dette auka kostnaden i 2020 og vil bli dekt inn på budsjettramma til prosjektet i 2021. Covid-19 har gitt og gir framleis ekstrakostnadar for prosjektet, men per no har det ikkje skapt forseinkingar i framdrifta. Utover periodiseringsavviket så går prosjektet som planlagt innanfor gjeldande kostnadsramme gitt av fylkestinget.

Prosjektet vert følgt tett opp med rapportering og kontroll av prosjektansvarlig, prosjekteigar og Utbyggingsutval for bygg og vegsaker.

Prosjektadministrasjon vart frå 01.01.2020 flytta frå Statens vegvesen til Møre og Romsdal fylkeskommune, og prosjektet er no organisert i Vegavdelinga under Samferdsel.

Finansiering

Det er brukt 1 389,6 mill. kroner av lånemidlar til å finansiere investeringar i anleggsmidlar i 2020, som er 112,7 mill. kroner lågare enn budsjettert. Dette skyldast lågare finansieringsbehov, som i stor grad skyldast periodisering.

3. Finansielle måltall

Kommunelova set krav til at fylkestinget sjølv skal vedta sine finansielle måltal for fylkeskommunen sin økonomi. Formålet med finansielle måltal er å synleggjere fylkestinget sitt ansvar for å ivareta det økonomiske handlingsrommet i eit langsiktig perspektivet. Møre og Romsdal fylkeskommune har følgande måltal som ein ønsker å sette fokus på:

Netto driftsresultat

Teknisk beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) har anbefalt at fylkeskommunane bør ha eit måltal for netto driftsresultat på om lag 4,4 prosent (korrigert for bundne midlar) som ein buffer mot:

  • svingingar i rentenivået, oljepris (drivstoffpris)
  • kapitalslit (avskrivingar) - spesielt viktig sett i samanheng med fylkesreforma i 2010 (vep+ådlikehaldsetterslep)
  • for å bygge opp reservar til framtidige investeringar

Møre og Romsdal fylkeskommune sitt måltal for 2020 var på 2,0 prosent på sikt. Frå og med 2021 er dette endra til 2,5 prosent.

Figur 1 viser netto driftsresultat dei siste 5 åra, samt budsjett for neste økonomiplanperiode.

Figur 1

Møre og Romsdal fylkeskommune hadde i 2020 eit netto driftsresultat korrigert for bundne midlar på 0,7 prosent av brutto driftsinntekter. I 2019 var tilsvarande tall på 5,1 prosent. Fylkeskommunen ligger dermed under eiga målsetting for netto driftsresultat i 2020. Figuren viser også at fylkeskommunen sannsynlegvis ikkje vil nå målsettinga sin på 2,5 prosent i komande økonomiplanperiode.

Disposisjonsfond

Den finansielle handlefridomen i drift kan styrkast gjennom å auke frie driftsfond/ disposisjonsfond, slik at fondsmidlane kan nyttast til dekke uventa meirutgifter i enkeltår.

Størrelsen på disposisjonsfondet er eit uttrykk for kor stor økonomisk buffer fylkeskommunen har for den løpande drifta, og kor stor økonomisk handlefridom fylkeskommunen har i åra som kjem. TBU og Kommunenes Sentralforbund (KS) anbefaler at størrelsen på driftsfondet helst bør være minst 10 prosent av brutto driftsinntekter. Dette er det same som måltalet til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Figur 2 viser utviklinga til disposisjonsfondet til Møre og Romsdal fylkeskommune dei siste fem åra, samt budsjett for neste økonomiplanperiode.

Figur 2

Per 31.12.2020 var disposisjonsfondet på 12,1 prosent mot 9 prosent i 2019.

Disposisjonsfondet per 31.12.2020 er noko større enn tidlegare år på grunn av ny reglar i samband med rekneskapsavslutning for 2020 (jf. § 4-3 i forskrift om økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og årsmelding for kommuner og fylkeskommuner mv.). Der står det at resultatet må regulerast mot det sentrale disposisjonsfondet i samband med rekneskapsavslutninga. Tidlegare har ein venta med disponeringa av det rekneskapsmessige meir- eller mindreforbruket til framlegg av resultatvurderingssaka på fylkestinget i april. Dette betyr at disposisjonsfondet per 31.12.2020 er om lag 3 prosent i til høgare enn etter gamal forskrift, dvs. omtrent på same nivå som i 2019.

Langsiktig lånegjeld og gjeldsgrad

Ved utgangen av 2020 var Møre og Romsdal fylkeskommune si lånegjeld på 6 998 mill. kroner. Dette er ei auke på 1 237 mill. kroner frå året før.

For å berekne den korrekte gjeldsgraden som fylkeskommunen kan bere, har vi korrigert for ubundne investeringar og for ekstraordinære inntekter som er spesielle for Møre og Romsdal fylkeskommune. Ferjeavløysingsmidlar er ei slik ekstraordinær inntekt.

Figur 3 nedanfor viser utviklinga i Møre og Romsdal fylkeskommune sin korrigerte lånegjeld dei siste 5 åra, samt budsjett for neste økonomiplanperiode.

Figur 3

Gjeldsgraden var ved utgangen av 2020 på 96 prosent av brutto driftsinntekter. KS og TBU, anbefaler at fylkeskommunane bør ligg på omtrent 60 prosent for å ha økonomisk handlerom til investeringar. Ei lånegjeld på over 90 prosent definerer dei som «rød sone», dvs. at fylkeskommunen ha lite handlingsrom til investeringar. Figur 3 viser at Møre og Romsdal allereie i 2019 var over 90 prosent. Lånegjelda vil auke i komande økonomiplanperiode.

Den høge lånegjelda inneber at fylkeskommunen vil være økonomisk sårbar sett i samanheng med ein auke i lånerenta. Ein renteauke på 2 prosent vil føre til at finansutgiftene vil auke med om lag 37,6 mill. kroner. Sjølv om rentenivået no er historisk lågt, så må ein ikkje gløyme at bere for få år sidan, var rentenivået eit heilt anna.

Av renteeksponert gjeld utgjer fastrenteavtalar 45 prosent. Finansreglementet krev at minst 30 prosent av fylkeskommunale innlån skal vere til fast rente. Alle lån der rentebindingstida er kortare enn eitt år, blir å betrakte som lån med flytande rente, jf. finansreglementet pkt. 2.b.5.

Oppsummering finansielle måltal

Netto driftsresultat gjekk betydeleg ned frå 2019 til 2020, men er likevel positivt. Rekneskapen i 2020 og økonomiplan 2021-2024 viser at fylkeskommunen sannsynlegvis ikkje vil nå måltalet på 2,5 prosent. Disposisjonsfonda har auka og er over måltalet på 10 prosent, og vil truleg halde seg på dette nivået både i 2021 og 2022. Deretter vil dei låge netto driftsresultata i 2023 og 2024 føre til at disposisjonsfonda vert redusert. Dette skyldast i at netto driftsresultat inneheld rammeoverføringar både til rassikring og tunnelsikring. Desse midlane skal overførast til investeringar i ras- og tunnelprosjekt. Dette fører til at netto driftsresultat kan sjå betre ut enn det det faktisk er.

Lånegjelda har auka betydeleg dei siste 5 åra. I økonomiplan 2021-2024 er det budsjettert med investeringar på om lag 7 mrd. kroner, og dette fører til at korrigert lånegjeld vil vere på om lag 8 mrd. kroner (133 prosent) i 2024. Fylkeskommunen vil då vere svært sårbar for eventuelle endringar i rentenivået.

4. Covid- 19

I 2020 har fylkeskommunen i høve covid-19 pandemien motteke 275,6 mill. kroner som kompensasjon for inntektsbortfall på kollektivtransport, stimuleringsmidlar til andre (bedriftsintern opplæring, lærlingtilskot og karriererettleiing) og meirkostnadar i vidaregåande opplæring. Av dette har samferdselsområdet motteke 247,1 mill. kroner.

Det vert gjennomført ein evaluering av tapa for 2020 i løpet av våren 2021 for å sikre at utbetalingane er i tråd med tapa. Det kan sjå ut som at inntektsbortfallet på kollektivtransport for Møre og Romsdal er noko lågare enn det som har vorte innrapportert, dvs. at fylkeskommunen har motteke for mykje i 2020. Men pandemien er ikkje over og fylkeskommunane har er allereie innrapportert nye tap for første halvår 2021. Men det kan kome ei avrekning av utbetalingane for 2020 og 2021, og dette kan ha ein påverking på netto driftsresultat i 2021.

5. Handlingsprogram

År 2019 var første året at ein innlemma avdelingane sine handlingsprogram i økonomiplanen. Alle avdelingar har knytt måleindikatorar til hovudmål og resultatmål.

Det har vore utfordrande skulle levere på fleire av hovudmåla i 2020 pga. covid-19. Dette gjeld spesielt mål knytt til auke av kollektivandelen på samferdsel, men også mål knytt til dekningsgrad på prioriterte pasientgrupper på tannhelsetenester. Kultur har også måtta avlyst fleire av sine arrangement i 2020. I positiv retning vil vi trekke fram Utdanning som har levert sterke tal på gjennomføring i vidaregåande opplæring i 2020, og er blant dei beste i landet. Måloppnåinga på måla i handlingsprogrammet kan ein lese meir om i årsrapporten.

I 2020 vart det vedteke ein ny fireårig tverrsektorial plan som går på tvers av avdelingane. Frå og med 2021 vil måla vere samla under:

  • Samarbeidsfylket: Møre og Romsdal skal vere eit føregangsfylke på samarbeid
  • Miljøfylket: Møre og Romsdal skal vere miljøfylke nr. 1
  • Inkluderings- og kompetansefylket: Møre og Romsdal skal vere eit attraktivt og mangfaldig fylke der folk vel å bu
  • Verdiskapingsfylket: Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt leiande næringsliv og ein innovativ offentleg sektor

6. Tvistar

Fylkeskommunen har på noverande tidspunkt ingen tvistesaker.

7. Likestilling, inkludering og mangfald

Tiltak som sikrar inkludering og deltaking for alle er prioritert av fylkeskommunen. Universell utforming handlar om at alle skal kunne delta på ein likeverdig måte. Våre rådgivande utval; eldrerådet, ungdomspanelet og rådet for likestilling av funksjonshemma er viktige for å lykkast med dette. Desse har jamlege møte gjennom året og gir råd til utviklinga av fylkeskommunen.

På driftssida er det arbeidd med universell utforming av alle lokalar som tilbyr fylkeskommunale tenester, slik som dei vidaregåande skolane, tannhelseklinikkane, trafikkterminalar og administrasjonsbygg.

Fylkesplan for Møre og Romsdal er overordna plandokument for all regional utvikling. Eit av resultatmåla er likestilling og inkludering med mål om reelle valmoglegheiter innanfor utdanning og arbeidsliv for alle.

All rekruttering til Møre og Romsdal Fylkeskommune skal legge vekt på likestilling mellom kjønn og mellom minoritetar og majoritetar i alle delar av organisasjonen.

Grunnlaget for vurdering i all rekruttering skal vere:

  • Utdanning, kompetanse, erfaring, kjønn og mangfald, jf. Lov om likestilling og forbud mot diskriminering.
  • Likestilling og mangfald skal være ein del av vurderinga ved samansetting av team og organisasjon.

I rekrutteringsprosessen nemnes ikkje enkeltgrupper, men ved utlysinga av stillingar oppfordrar fylkeskommunen om at alle med relevant kompetanse er velkomne til å søke på alle stillingar. Leiarar med ansvar for rekrutteringa er også pålagt, og har ansvaret for, at all rekruttering er i tråd med krava i lova. Dette vert også poengtert ved tilsetting av nye leiarar.

Ved utgangen av 2020 var det i Møre og Romsdal fylkeskommune totalt 2 627 tilsette fordelt på 2 385 årsverk. Av desse var 1 565 kvinner (59,6 prosent) og 1 062 menn (40,3 prosent). Toppleiargruppa i fylkeskommunen, består av 2 kvinner og 6 menn. Kjønnsfordelinga mellom andre leiande stillingar i fylkeskommunen er på 50 prosent kvinner og 50 prosent menn.

Møre og Romsdal fylkeskommune har som målsetjing at likt arbeid skal gi lik lønn uavhengig av kjønn.

Oversikt over tilsette og årsverk i tal finn du kapittelet Organisasjonen

HMS- system
Arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) er eit leiaransvar som skal kanaliserast mest mogeleg gjennom kvalitetssystemet for HMS. Lokal HMS-dokumentasjon til alle verksemder i organisasjonen er tilgjengeleg for dei tilsette i alle driftseiningane gjennom fylkeskommunen sitt intranett.

Via faste årlege evalueringar av HMS-dokumentasjonen på einingane har vi dei siste åra sett ei stor betring av kvaliteten. I 2020 var det nær 81 prosent av dokumentasjonen som fyller krava, om lag 5 prosentpoeng lågare enn i 2019. I avvikssystemet vart det i 2020 registrert 680 saker, 528 av desse var innan HMS-området. HMS-avvika vert følgt opp gjennom handlingsplanar.

Sjukefråværet i Møre og Romsdal fylkeskommune var på 5,5 prosent i 2020, som er 0,3 prosent lågare enn i 2019. Sjukefråværet vert rapport kvartalsvis lokalt og sentralt gjennom året, og samanlikna mot den enkelte eining si målsetjing. Ved større avvik vil den enkelte eining i samråd med Bedriftshelsetjenesta (BHT) vurdere å sette i verk tiltak.

8. Styring og kontroll

Fylkeskommunedirektøren er etter kommunelova pålagt å innrette verksemda på ein slik måte at den er underlagt ein forsvarleg kontroll. I det daglege har kvar direktør ansvar for å etablere og følge opp rutinar innanfor eige fag- og tenesteområde som sikrar etterleving av lover og reglar. Fylkeskommunedirektøren har regelmessige møter (kvar 14 dag) med toppleiargruppa og stab. Fylkeskommunen har fleire system med faste rutinar, prosedyrar og planar for å sikre internkontroll i tenester og støtteprosessar.

I 2020 vedtok fylkestinget ein ny organisasjonsstrategi for Møre og Romsdal. Organisasjonsstrategien er den felles plattforma vår for korleis vi som organisasjon skal løyse samfunnsoppdraget vårt best mogleg, slik at vi når måla i den regionale planstrategien (RPS) og FN sine berekraftsmål. Den gjer greie for visjon, verdigrunnlag og innsatsområde med prinsipp for korleis vi skal arbeide og lære saman, og korleis vi skal styre og leie Møre og Romsdal fylkeskommune som organisasjon for å nå måla.

Organisasjonsstrategien omtalar:

  • Samfunnsoppdrag, visjon og verdiar
  • Plansystem og verksemdstyring
  • Organisasjons- og tenesteutvikling
  • Leiar- og medarbeidarskap i ein lærande organisasjon
  • Arbeidsmiljø og HMS.

For å følgje opp strategien er det laga ein eigen tiltaksplan der det er oppretta arbeids- og referansegrupper som mellom anna skal :

  • Ferdigstille årshjul for politiske og administrative prosessar og vedtak
  • Klargjere roller, ansvar og rutinar i verksemdstyringa med utgangspunkt i årshjulet, her også utvikle rutinar og grunnlag for leiardialog i organisasjonen

Det er vidare oppretta eit eige «Program for nye digitale arbeidsformer» som inneheld fleire prosjekt som er gjensidig avhengige av kvarandre. Dei har eit felles mål om å forbetre våre arbeids- og samhandlingsformer i heile organisasjonen, samt løyse våre lovpålagt krav knytt til saksbehandling, arkiv, personopplysningar m.m.

Førebels inngår desse prosjekta i programmet, men fleire kan kome til undervegs:

  • Innføring av nytt intranett og nettsideutvikling
  • Innføring av nytt sak- og arkivsystem
  • Verksemdsstyringssystem
  • Internkontroll og forvaltning av kvalitetsdokumentasjon
  • Kompetansestyring

Ved inngangen til programmet blir det gjennomført eit forprosjekt som skal ta opp i seg:

  • Utvikling av prinsipp/retningslinjer for informasjonsforvaltning og lagring
  • Revisjon av kommunikasjons- og kanalstrategi

Prosjekta i programmet skal gje oss grunnlag til å kunne lage spesifikasjonar som kan nyttast i innkjøpsprosessar for val av digitale løysingar, her også legge rette for eventuelle innovative innkjøp.

I plan- og styringssystemet er det lagt opp til tertialvis rapportering av økonomien i fylkeskommunen. Hovudmåla med resultatmål og tilhøyrande måleindikatorar vert rapportert tertialvis til administrasjonen og årleg til fylkestinget. I årsrapporten for 2020 vil ein finne meir informasjon om måloppnåinga i 2020.

Fylkeskommunedirektøren er også opptatt av å følge opp anbefalingane frå kontrollutvalet på bakgrunn av dei revisjonshandlingar og forvaltningsrevisjonar som vart gjennomført i løpet av året. I 2020 starta kontrollutvalet ved KPMG ei undersøking av verksemdstyring og intern kontroll i fylkeskommunen, som skal leggast fram i 2021. Dette arbeide vert gjennomført parallelt med fylkeskommunen sitt eige utviklingsarbeid for verksemdstyring og internkontroll, jf. tiltaksplan med tilhøyrande program og prosjekt for oppfølging av organisasjonsstrategien (sjå over).

9. Etikk

I 2018 vedtok fylkestinget, etter ein brei prosess internt i fylkeskommunen, dei nye etiske retningslinjene. Desse legg eit godt grunnlag for forståing av kva som er god etisk praksis. Ein god etisk standard på alt vi gjer er avgjerande for at dei som tek i mot våre tenester, eller som vi samarbeider med, skal ha tillit til oss.

Det er gjennomgåande positive tilbakemeldingar på retningslinjene. Det blir mellom anna peika på at dei sett tydelege forventingar til alle tilsette i fylkeskommunen, og at dei blir opplevd som ryddige og eigna til bruk i arbeidskvardagen.

10. Utfordringane framover

Møre og Romsdal fylkeskommune vil ha store økonomiske utfordringar i åra som kjem. Dei viktigaste utfordringane kan vi summere opp slik:

  • Korona-pandemien og følgjene dette vil få for 2021, og eventuell effektar på seinare år
  • Sterk prisvekst sett i samanheng med utlysing av nye anbod driftskontrakter
  • Aukande vedlikehaldsetterslep for investeringar og vedlikehald av fylkesvegnettet (asfalt, vegforsterkning og liknande)
  • Manglande statleg dekning av auka ferjekostnader(m.a. som følgje av overgangen til miljøteknologi)
  • Omfattande behov for investeringar i ferjekaier, som følgje av overgangen til miljøferjer
  • Risiko knytt til stor svingingar i kostnadsindeksar på buss-, hurtigbåtar- og ferjekontraktar
  • Risiko knytt til klimaendringar, dvs. auka skredaktivitet (jordskred, flaumskred og sørpeskred)
  • Omfattande behov for investeringar i og vedlikehald av skolebygg
  • Etterleve tunnelsikkerheitsforskrifta
  • Aukande lånegjeld som belastar drifta. Sjølv om rentesatsen f.t. er låg, så vil auka lånegjeld føre til fylkeskommunen er sårbar for framtidige renteauke
  • Utbygginga av Nordøyvegen

Med bakgrunn i dei utfordringane som Møre og Romsdal fylkeskommune stod overfor i økonomiplan 2020-2023 så vedtok Fylkestinget i desember 2019 betydelege innsparingstiltak for å redusere det samla kostnadsnivået og betre netto driftsresultat. Målsetjinga med tiltaka var at økonomien i Møre og Romsdal fylkeskommunen skal vere styrka nok til å bere dei aukande kostnadane i åra som kjem. Omstilling tek tid, og i dette arbeidet må fylkeskommunen ha eit langsiktig perspektiv. Nokre gevinstar kan hentast ut på kort sikt, medan andre krev arbeid over fleire år før dei kan realiserast.

Desse tiltaka har bidratt til at fylkeskommunen no har fått en betre økonomi. Men ein ser at med dei utfordringane fylkeskommunen står overfor dei komande åra, så vil det likevel verte press på økonomien i slutten av gjeldande økonomiplan 2021-2024 (kap. 3, netto driftsresultat).