ÅRSRAPPORT 2020

Hendingar i 2020

Januar

Fylkeskommunen fekk eigen vegadministrasjon

Den 1. januar tok Møre og Romsdal fylkeskommune over ansvaret for drift, vedlikehald og forvaltning av 3240 kilometer fylkesvegar frå Statens vegvesen.

Møre og Romsdal har fått eige forskingsfond

Frå 1. januar 2020 følger fondsregionane dei nye fylkesgrensene. I 2020 har Regionalt forskningsfond Møre og Romsdal 29,8 mill. kroner til å støtte gode forskingsprosjekt til kommunar og bedrifter i fylket.

Stor interesse for bruk av hydrogen

Fylkeskommunen arrangerte dialogmøte om hydrogen, både i Ålesund og i Molde. Den store diskusjonen gjekk på korleis vi skal kommersialisere teknologien og få på plass infrastrukturen.

Februar

Testa taredyrking

På oppdrag frå fylkeskommunen sette Sintef ut to riggar utanfor Kristiansund for å teste kvar taren veks best. Havområda utanfor fylket har potensiale for storskala dyrking av tare.

Møre og Romsdal best i landet på læreplassar

85,7 % av dei som søkte fekk lærekontrakt i fylket. På landsbasis var delen 78 %.

Ferjefylka gjekk saman om ei betre finansiering av ferjetilbodet

Møre og Romsdal, Vestland, Troms og Finnmark og Nordland fylkeskommune og KS vil samarbeide for å få ei betre finansiering av ferjetilbodet i kyst-Noreg.

74,5 millionar til 68 kulturorganisasjonar i fylket

Pengestøtta skal gjere det lettare for kulturlivet å tenke langsiktig og planlegge aktiviteten sin.

Mars

Kva utdanningsprogram var mest pop på vidaregåande skole?

3808 ungdommar søkte om skoleplass på Vg1. 55 prosent av desse søkte yrkesfag. Yrkesfaga har ein auke på sju prosent med helse og oppvekstfag og teknikk og industriell produksjon på topp. Stor nedgang for medier og kommunikasjon.

Møre og Romsdal fylkeskommune sette krisestab

11. mars sette Møre og Romsdal fylkeskommune krisestab og innførte tiltak for å hindre smitte og spreiing av koronaviruset: Stopp for tenestereiser og skoleturar, avlyste arrangement og møte.

1,5 mill. til Møre Havlab på Atlanterhavsparken

Atlanterhavsparken, Ålesund Akvarium, fekk støtte til å etablere Møre Havlab i forbindelse med senteret sin status som marint vitensenter.

April

Fylkeskommunen la fram tiltakspakke på 187 millionar til nærings- og samfunnsliv

For å bidra til å berge arbeidsplassar og bedrifter, vart det løyvd midlar til veg, vedlikehald av skolebygg, næringsutvikling og kulturfeltet.

Inviterte innbyggarane til digital workshop for Ørsta vidaregåande skole

Alle ørstingar vart invitert til å gi innspel om kva nye Ørsta vidaregåande skole og området kan brukast til. Målet er at Ørsta vgs skal gi gevinstar for og meirverdi for heile lokalsamfunnet

Fylkestinget vedtok å etablere 40 fylkeskommunale stillingar i Kristiansund

Fylkestinget vedtok å etablere fylkeskommunale arbeidsplassar i eit fagmiljø i Kristiansund frå hausten 2020.

Tolv søkarar fekk ungdomsmidlar

Ungdomspanelet delte ut 125 000 kronar til ulike tiltak for ungdom i heile Møre og Romsdal: lavo, instrument, paintballbane, skredkurs, biljardbord og bordtennisbord og mykje meir.

Mai

Vedlikehald av skolebygga for å støtte lokalt næringsliv

For å stimulere til næringsaktivitet i fylket, starta fylkeskommunen opp eit omfattande vedlikehaldsarbeid på dei vidaregåande skolane i fylket. 15 mill. gjekk til 70 ulike jobbar, og 35 mill. kr til større prosjekt.


Gav gass på breibandutbygging

Fylkespolitikarane vedtok at skal minst 90 prosent av husstandar og bedrifter i Møre og Romsdal ha tilgang til breiband med kapasitet på minst 100 Mbit/s innan 2022. Og innan 2025 er målet full dekning.

Kommunane skal digitalisere Møre og Romsdal

Kommunane i Møre og Romsdal gjekk saman om å satse på digitalisering for å betre tenestetilbodet. Det regionale digitaliseringssamarbeidet er ein del av det prosjektet Møre og Romsdal 2025.

Stifta utbyggingsselskap til opera, museum og kulturhus i Kristiansund

Det er Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune som står bak utbyggingsselskapet, og styret til OMKK Eiendom AS er representert med både kommune, opera, museum og fylkeskommune.

Juni

Fekk inn over 250 søknadar om krisehjelp frå kulturlivet

For å dempe effekten av koronaepidemien, lanserte fylkeskommunen ein tiltakspakke for kultur, idrett og frivillig sektor, på totalt 22 mill. kr.

Krisepakke til gründerar i kommunane

Fylkeskommunen fordelte 5 mill. kroner til nyetableringar av bedrifter og til omstillingstiltak i kriseramma kommunar.

Juli

42,1 mill. ekstra til kommunale næringsfond i Møre og Romsdal

Som eit ekstraordinært tiltak har Stortinget løyvd 600 mill. kroner til kommunale næringsfond. Av desse går 42,1 mill. kroner til Møre og Romsdal.

Sjøauren trong hjelp

Det står ikkje bra til med sjøaurebestandane, og derfor bestemte Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal seg for å få gjennomføre ei omfattande kartlegging av leveområda til sjøauren

August

92 prosent av søkarane fekk oppfylt ønsket om utdanningsprogram

Etter andreinntaket til vidaregåande skole i Møre og Romsdal fekk alle søkarar med ungdomsrett tilbod om skoleplass, men ikkje alle har fått det første ønsket sitt oppfylt.

Fleire fekk tilrettelagt transport

Fylkeskommunen fekk over fem millionar kroner frå staten til å utvide tilrettelagt transport (TT-ordninga).

Tomme pultar, full undervisning om digitale industriar

Tysdag 25. august var det oppstart for pilotstudiet Digitale industriar ved Fagskolen i Kristiansund med koronatomt auditorium. Fagskolen ønsker å bygge opp kompetanse på området.

September

21,2 mill. kroner til Ålesund, Molde og Kristiansund

Fylkespolitikarane fordelte millionstøtten til ulike utviklingsprosjekt gjennom prosjektet Byen som regional motor.

Sette noregsrekord på Lepsøyrevet

I september starta monteringa av ståloverbygginga på den 800 meter lange Lepsøybrua starta. Resultatet vil bli stålbrua med lengst spenn i Noreg.

Fylkesutvalet godkjente intensjonsavtalen om Sørsida i Ålesund

Intensjonsavtalen mellom Ålesund kommune, Sørsida utviklinga og Møre og Romsdal fylkeskommune omhandlar utvikling av delar av Sørsida i Ålesund. Fylkeskommunen vil leige areal til utdanning, administrasjon og kulturaktivitetar.

Oktober

Innførte koronabillett på bussen

FRAM lanserte ein ny måte å betale på bussen, for dei som ikkje har moglegheit til å betale med mobil.

13,6 mill. kroner til forsking

Kamp mot gråskimmel på jordbær, robothjelp på varelageret, sildemelke som helsekost og digital formidling av kulturarv. Ei rekke forskingsprosjekt fekk støtte frå Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal.

Ny organisering på plass i fylkeskommunen

Fylkeskommunen vedtok ny administrativ organisering i forbindelse med prosjektet Omstilling 2020. Det er fleire større endringar, og mellom anna vart ansvaret for vidaregåande opplæring, fagskole og næringsutvikling samla i ei kompetanse- og næringsavdeling.

November

–Overføringane frå staten må gjenspeile dei faktiske kostnadene fylkeskommunane har til ferjer

Dette sa fylkesordførar Tove-Lise Torve på ein digital nasjonal ferjekonferanse. Saman med KS og tre andre fylkeskommunar sette Møre og Romsdal søkelyset på dei økonomiske utfordringane med ferjedrifta.

Bygging av skredsikringstunnelen til Geiranger i gang

Den første salva på skredsikringstunnelen på fv. 63 mellom Korsmyra og Indreeide vart sprengt 11. november.

Millionstøtte til Fagskolen i Møre og Romsdal

Rekordhøge tal: Aldri før har fleire fullført og bestått vidaregåande opplæring

Fylkeskommunen fekk 4,4 mill. kroner frå Staten til eit prosjekt som skal styrke samarbeidet mellom næringslivet og Fagskolen i Møre og Romsdal.

Fylket var best i landet på gjennomføring per skoleår, og låg over landssnittet for kor mange elevar og lærlingar som gjennomfører heile det vidaregåande løpet. Færre elevar sluttar, og fleire får lærekontrakt.


Desember

1,27 mill. kroner til innovasjonsarenaen på Campus Kristiansund

Pengane skal gå til å utvikle innovasjonsarenaen slik at både gründerar, bedrifter og aktørar i offentleg tenesteproduksjon har tilgang til verktøy og metodikk.

Vi er i rute: 40 frå fylkeskommunen på plass i Kristiansund etter nyttår

Lokala i Kristiansund var i rute med oppussing snart klare til innflytting for 40 medarbeidarar. Her skal tilsette frå alle fagområda til fylkeskommunen ha arbeidsplassen sin med kurs, møteverksemd og fleksible arbeidsplassar.