ÅRSRAPPORT 2020

Prisar og stipend

Årets bedrift

Fylkesprisen Årets Bedrift vart tildelt Aas Mek. Verksted AS. Bedrifta bygger brønnbåtar og har hand om alt frå design og konstruksjon til service og vedlikehald. Bedrifta er opptatt av rekruttere lokalt og har om lag 60 - 70 tilsette. Det ligg også i strategien å utvikle bedrifta og båtane i lag med oppdrettsnæringa og lokale firma. -Det er veldig fint å bli sett og verdsett for det vi driv med og har bygd opp over mange år, sa dagleg leiar Halvard Aas. Intervju og video frå utdelinga

Fylkeskulturprisen

Fuglset mannskor fekk fylkeskulturprisen i 2020. –Dei har spreidd mykje glede over fleire år og der koraktiviteten har falt i heile Noreg, har Fuglset mannskor prestert og satt tydelege spor. Dette vert lagt godt merke til og gjer koret til ein verdig vinnar av Fylkeskulturprisen 2020, sa leiar i kultur, næring- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter. Du kan lese meir om tildelinga på mrfylke.no

Miljøprisen

Miljøprisen 2020 gjekk til familiebedrifta Vartdal Plast AS i Ørsta. I grunngjevinga står det at bedrifta har teke på seg produsentansvaret og har funne løysingar som er sirkulære og reduserer bruken av plast. Jan Endre Vartdal, dagleg leiar i Vartdal Plastindustri AS, uttalte at han prisen gav dei motivasjon til å arbeide vidare mot å bli 100 prosent sirkulære. Du kan lese meir på mrfylke.no

Årets lærling

Otilie Løckra fekk prisen som årets lærling 2019. Prisen vart delt ut i februar 2012.
- Ho har vist stor kreativitet i val av løysningar og god orden på dei arbeidsoppgåvene ho har gjennomført. Ho er ein dyktig problemløysar både som fagarbeidar og i kommunikasjonen ho har med kundane, heiter det i uttalen frå juryen. Les meir på mrfylke.no

Inkludering- og mangfaldprisen

Kultur,- næring- og folkehelseutvalet endra november 2020 Likestillingsprisen til Inkludering- og mangfaldsprisen. Første tildeling av prisen vil skje i 2021.

Trafikktryggingsprisen

Denne prisen vart ikkje delt ut i 2021.

Stipend

Idrettsstipend

Namn Kommune Sum
Ragnhild Valle Dahl Hustadvika 50 000
Andreas Skoglund Molde 50 000
Emblem Il -orientering Ålesund 50 000

Kunstnarstipend

Namn Kommune Kunstart Sum
Arbeidsstipend
Gjertrud Hals Molde Visuell kunst 200 000
Tor Sivertstøl Sande Film 200 000
Andre stipend
Terese Longva Ålesund Visuell kunst 100 000
Liv Dysthe Sønderland Molde Visuell kunst 100 000
Kjell Gunnar Overøye Sykkylven Visuell kunst 60 000
Natalie Sandtorv Ålesund Musikk 100 000
Bendik Ulla Ålesund Musikk 40 000
Svein Sæter Sunndal Litteratur 100 000
Eldrid Schrøder Kvalvik Ålesund Scenekunst 100 000

Ekstra utlysing kunstnarstipend

Namn Kommune Kunstart Sum
Brit Dyrnes Surnadal Visuell kunst 100 000
Lisette Escobar Ålesund Visuell kunst 50 000
Henrik Koppen Volda Visuell kunst 50 000
Elida Linge Fjord Visuell kunst 50 000
Jon Arne Mogstad Surnadal Visuell kunst 50 000
Karin Augusta Nogva Ålesund Visuell kunst 50 000
Anja Ulset Tingvoll Visuell kunst 50 000
Bjørn Vatne Ålesund Litteratur 100 000
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen Giske Litteratur 50 000
Ingunn Røyset Ulstein Litteratur 50 000
John Roald Pettersen Ålesund Litteratur 50 000
Arne Torvik Molde Musikk 100 000
Øyvind Robak Volda Musikk 100 000
Einy Åm Sparks Volda Scenekunst 100 000
Sigrid Alnæs Kristiansund Scenekunst 50 000
Hausten 2020 vart det lyst ut 1 mill. kroner i ekstra kunstnarstipend