ÅRSRAPPORT 2019

Fylkesplanen - rapportering

Kva er fylkesplanen?

Fylkesplanen er den overordna planen for samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Planen skal gi fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit felles prioriterings- og avgjerdsgrunnlag. Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020 har tre overordna prioriteringar, tre innsatsområde og tre gjennomgåande perspektiv.

Innsatsområde

Innsatsområda er dei områda der fylkeskommunen har størst kompetanse og verkemidlar til å påverke den regionale utviklinga. Resultata for 2019 er omtala i årsrapporten under Resultat og aktivitetar.

Overordna prioriteringar

Dei tre overordna prioriteringane er område der Møre og Romsdal fylkeskommune er utfordra til å ta rolla som regional samordnar. Prioriteringane skal følgjast opp gjennom nokre større felles prosjekt og utviklast i samarbeid med regionale og lokale aktørar.

I 2019 har det vore arbeidd med fleire større utviklingsprosjekt som Møre og Romsdal mot 2025, Campus Kristiansund, Byen som regional motor, Tettstadprogrammet, Plan for areal, klima og transport for Ålesundsregionen (PAKT) og Verdiskapingsprogrammet «Ein bit av historia». Meir informasjon ligg under «Store prosjekt og satsingar». Også implementering av FoI-strategiane for næringslivet og kommunal sektor er viktige tiltak under prioriteringa Omstilling.

Integrering er ei prioritering som er følgt opp både i vår tenesteproduksjon og i mindre utviklingstitak. Eksempel på tiltak er eit pilotprosjekt ved vaksenopplæringa på Borgund vidaregåande skole Nyskapande integrering, karriererettleiing for minoritetsspråklege vaksne, tannhelsetenesta si oppfølging av samarbeidsavtalar med flyktningtenesta i kommunane og kurs for innvandrarar som ønskjer å starte verksemd i Norge. Elles var overtaking av IMDi Midt sine regionale oppgåver frå 2020 og tilsetting av to integreringskoordinatorar ei viktig oppgåve i 2019.

Gjennomgåande perspektiv

Dei gjennomgåande perspektiva er nasjonalt prioriterte samfunnsomsyn som fylkeskommunen, kommunane og statsetatane, skal vurdere i alle planar og tiltak. Dette er omsyn som er med i plan- og bygningslova sin formålsparagraf.

Eksempel på tiltak i 2019 for å ta omsyn til barn og unge sine interesser, universell utforming og klima og miljø er:

Miljø og klima:

  • Det er arbeidd med auke i tal reisande med kollektivtransport. Resultat er 2,4 prosent auke for heile fylket (Minus Ålesund) For Ålesund er det ein auke på 3,1 prosent.
  • Det er gitt 5,0 mill kr i støtte til prosjektet «Blå-grønt samarbeid: Verdiskaping gjennom blå-grøne synergiar hos regionale forskingsmiljø». Prosjektet er eit samarbeid mellom Møreforsking, Runde Miljøsenter og NORSØK. Det skal utarbeidast ein samarbeidsmodell mellom dei tre partane, og dei faglege delprosjekta er innanfor kystøkologi og marine restråstoff.
  • Vi har vidareført EØS-prosjektet YENESIS (Youth Employment Network for Energy Sustainability in Islands), saman med ti partnarar frå åtte europeiske land. Hovudformålet med prosjektet er å førebygge og redusere arbeidsløyse blant unge, mellom anna gjennom entreprenørskap og grøne arbeidsplassar. Det er i 2019 mellom anna førebudd showcases, som blir gjennomført fleire stader i Møre og Romsdal i 2020.
  • I regi av Vestlandsrådet er det etablert eit samarbeid med dei andre fylkeskommunane i kampen mot marin forsøpling. Det er i 2019 starta arbeid med ein felles strategi for arbeid med å redusere forbruk og forsøpling av plast frå eigen verksemd.
  • Det har vore større merksemd rundt konsekvensane av klimaendringar for regional kulturarv gjennom arbeid med regional klimaplan og gjennom kartlegging av tilstand og sårbarheit.
  • Etablering av Skjærgardstenesten i Møre og Romsdal, saman med filuftsråda og Miljødirektoratet.

Barn og unge

  • Det er tilsett tre rådgivarar formidling som arbeider for å få fleire læreplassar og lærebedrifter
  • Gjennomføring av VIP og VIP makkerskap for å førebygge mobbing og sosial utestenging
  • Alle vg skolar i Møre og Romsdal er i gang med skolering og etablering av innsatsteam mot mobbing, i samarbeid med læringssenteret i Stavanger.
  • Den offentlege tannhelsa sitt utadretta arbeidet ovanfor barnehagar, skolar og helseinstitusjonar har auka frå 1 872 timar i 2018 til 2 369 timar i 2019
  • Vi har tilsett spesialist i pedodonti (barnetannpleie) i den offentlege tannhelsetenesta ved Ålesund kompetanseklinikk.
  • Har starta implementering av ny Nasjonal faglig Retningslinje for tannhelsetenester til barn og unge 0-20 år
  • Å utvikle byrom i tettstadane som er attraktive for bruk og opphald for barn er eit overordna og grunnleggande mål. Tettstadprogrammet oppmodar kommunane til å gjere barnetrakkregistrering og sørge for god medverknad frå barn og unge som grunnlag for fysiske opparbeidingar.
  • Fylkeskommunen har ansvar for å tildele skule- og lærlingekvotar til fiskerinæringa. Dette er ei ordning for å mobilisere fiskerinæringa til å ta inn fleire lærlingar.
    Møre og Romsdal har ei stor fiskeflåte, og denne ordninga er godt kjent i næringa. Etter ein litt nølande start i 2015 med tilsaman 11 kvoter innvilga av Møre og Romsdal fylkeskommune i 2015 er ordninga blitt betre kjent, og i 2019 vart det innvilga 42 lærlingekvotar og 5 skulekvotar.
  • Utvikla kollektivtilbod med gratis skyss for barnehagar i tidsrom med ledig kapasitet.
  • Vi har arrangert Frivilligforum
  • Gjennomføre pilotprosjekt med 3-4 kommunar om å utarbeide temaplan for UNGkunst og kultur i Møre og Romsdal
  • Gitt tilskot og rådgjeving til bygging av anlegg for friluftsliv og idrett for barn og unge gjennom spelemiddelordninga
  • Fylkeskommunen deltek i «Program for folkehelsearbeid i kommunene». Ei nasjonal satsing på barn og unge sin psykiske helse og rusmiddelforebygging, og i fylket er temaet «frå utenforskap til innanforskap»
  • I samband med prosjektet "Ein bit Historia» er det sett i gang eit delprosjekt for å skape eit digital formidlingsunivers, med særleg fokus på å nå ut til barn og unge.

Likestilling og inkludering

  • IMDi tilsett minoritetsrådgjevar i Møre og Romsdal som skal jobbe mot kjønnslemlesting, tvangsekteskap og negativ sosial kontroll. Arbeidsstad: Ørsta vgs
  • Etablert 50 innvendige skjermar for ruteinformasjon for alle knutepunkt og viktige haldeplassar. Arbeidar også med utvendige skjermar for Molde trafikkterminal, Moa trafikkterminal, Ålesund Rutebilstasjon og i Kristiansund.
  • Arrangert eit kompetansehevande kurs for organisasjonar som vil legge best mogleg til rette for universell utforming av lokale og til dømes heimesider. Kurset heiter «Tilgjengelighetsmerket» og var i regi av Norske konsertarrangørar.
  • Tilrettelagt og prosjektert kulturstiar ved gravminner og andre arkeologiske funn, mellom anna Rødven, Hareid, Bremsnes, Holskeidet, Bjørset og Eidet i Surnadal
  • Fylkeskommunen har arrangert kurs for innvandrarar som ønskjer å starte verksemd i Norge. Opplegget inneheld 6 samlingar i Molde og Kristiansund, og er støtta av IMDi.
  • Lagt til rette for leseopplevingar for dei som av ulike grunnar ikkje kan lese sjølve gjennom leseombodsordninga, kor frivillige les. Over 20 kommunar har et Bok til alle-bibliotek.
  • Gjennomført inspirasjonssamling for 20 frivillige leseombod og kontaker i samarbeid med ”Leser søker bok”
  • Lagt til rette for gode lesetilbod til svaksynte gjennom e-bøker og lydbøker
  • Evaluering av God Helse partnarskapen er gjennomført og ny samarbeidsavtale med kommunane blir inngått i 2020. Avtalen skal medverke til ønska samfunnsutvikling og utjamning av sosiale helseforskjellar.