ÅRSRAPPORT 2019

Utdanning

2019 var prega av forbetringar på fleire område i sektoren. Heile 87,9 prosent av dei som starta på vidaregåande skole i 2018, fullførte og besto skoleåret i 2019.Vi har arbeidd systematisk for eit godt og trygt læringsmiljø for elevar og lærlingar, slik at flest mogeleg får godt utbytte av opplæringa. Elevane i Møre og Romsdal er dei som er mest på skolen og det er færrast som sluttar. Gjennom godt samarbeid med arbeidslivet i fylket vart det inngått fleire lærekontraktar enn nokon gong før.

Fylkeskommunen har om lag 2 500 lærlingar og 10 000 elevar og studentar, fordelt på 23 vidaregåande skolar og 2 fagskolar.

Visste du at elevane i Møre og Romsdal er blant dei med lågaste fråvær?

Dette leverte vi i 2019:

Måleindikator Mål for 2019 Resultat for 2019
Møre og Romsdal skal ha betre gjennomføring i vidaregåande opplæring
Elevar som har fullført og bestått skoleåret 86,7 % 87,9 %
Elevar som har slutta i løpet av skoleåret 3,1 % 3,0%
Fråvær elevar 4,5 % 4,8 %
Elevdemokrati og medverknad 3,5 3,5
Mestring 4,0 4,0
Trivsel 4,2 4,2
Gjennomføring av vidaregåande opplæring i løpet av 5 år 76,6 % 76,3 %
Greidd fag-/sveineprøve 96,0 % 95,0 %
Første kursønske innfridd ungdomsrett 90,0 % 88,0 %
Del av elevar frå vg2 yrkesfag som søker lærekontrakt skal få ønsket oppfylt 90,0 % 73,0 %
Auke i talet på inngåtte lærekontraktar 1 300 1 342
Karriererettleiingstenesta for vaksne - rettleiingssamtalar 500 710

Dette jobba vi med i 2019:

  • Kunnskapsløftet blir fornya og Kunnskapsløftet 2020 blir innført skoleåret 2020-21. I 2019 var førebuing til innføring av nytt læreplanverk tema på alle samlingar og møte for skoleleiarar, og i dei faglege nettverka. I kunnskapsløftet 2020 er det vektlagt at skolen skal vere eit profesjonsfagleg fellesskap.
  • Det er nulltoleranse mot mobbing i dei vidaregåande skolane. I 2019 innførte vi eit elektronisk varslingssystem mot mobbing.
  • Alle dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal har danna eige innsatsteam mot mobbing, som skal bestå av personar med spisskompetanse innan førebyggande tiltak og handtering av oppståtte mobbesaker. Innsatseama har fått opplæring i 2019, saman med Pedagogisk-Psykologisk teneste.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune deltek i eit nasjonalt pilotprosjekt, IKTplan.no, saman med Utdanningsdirektoratet, som ein av to fylkeskommunar. Deltakinga er ein del av oppfølging av arbeidet med digitaliseringsstrategi for grunnopplæringen 2017-2021 og læreplanarbeid og grunnleggande ferdigheiter i alle fag.
  • I arbeidet med å skaffe fleire læreplassar gjennomførte vi ein kampanje for å auke interessa for yrkesfaga. I tillegg har fylkeskommunen i 2019 tilsett tre rådgivarar som skal arbeide for å auke talet på elevar som får læreplass.
  • Omfang og tilbod innan vidaregåande opplæring for vaksne var på same nivå i 2019 som tidlegare år. Gruppa med vaksne som har behov for tilbod har endra seg noko som gjer at vi må tilby meir omfattande opplæringsløp enn tidlegare. Vi har etablert eit godt samarbeid med NAV og enkeltkommunar om meir omfattande oppfølging og tilrettelegging av praksis, slik at deltakarene har større sjanse til å nå ønska sluttkompetanse.
  • Det blei gjort vedtak om at Fagskolen i Møre og Romsdal blir samla i ein organisasjon med ein felles rektor.

Mobbeombod og elev- og lærlingombod

Mobbeombod

Mobbeombodet skal følge barn og unge i heile utdanningsløpet frå barnehage til og med grunnskole. Oppgåvene til mobbeombodet er å støtte og rettleie barn, elevar og foreldre i saker om psykososialt miljø, jobbe førebyggande med informasjon og opplæring til barn, elevar og foreldre og skape dialog og bidra til god tverrfagleg oppfølging etter at saker er handtert.

Elev- og lærlingombod

Elev- og lærlingombodet er til for å sikre unge sine rettar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Ombodet skal hjelpe elevar og lærlingar om dei har spørsmål eller utfordringar knytt til vidaregåande opplæring på skole eller i bedrift. Elev-og lærlingombodet er mobbeombod for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring. Dette er eit gratis og uforpliktande tilbod for alle i vidaregåande opplæring.

Du kan lese meir om mobbeombodet og elev-og lærlingombodet på nettsidene våre.

Økonomi

Utdanningssektoren hadde ei samla driftsramme på 1 787 mill. kroner, der 1 430 mill. kroner var lønn (inkl. sosiale utgifter) til tilsette i sektoren. Totalt har sektoren eit samla mindreforbruk på 56,7 mill. kroner. Dei vidaregåande skolane hadde eit samla mindreforbruk på 53,2 mill. kroner, men fire av 23 vidaregåande skolar hadde eit meirforbruk. Fagskolane inkl. fagskolestyret hadde eit mindreforbruk på 2,7 mill. kroner. Når det gjeld dei andre rammene under utdanning, viser vi til rekneskapen for detaljar.

Satsingar i 2020

Vi skal:

  • auke talet på elevar og lærlingar som gjennomfører vidaregåande opplæring til 79 prosent i løpet av 5 år
  • sørge for at talet på elevar som sluttar ikkje skal vere over fire prosent
  • arbeide for at elevdemokrati og medverknad i 2020 skal ha ein score på minst 3,5 i elevundersøkinga
  • arbeide for at 90 prosent av elevane frå vg2-yrkesfag, som primært søker lærekontrakt, skal få ønsket sitt oppfylt
  • utvikle Fagskolen i Møre og Romsdal som ein felles organisasjon som tilbyr fagutdanning som fyller arbeidslivet sitt behov for fagkompetanse i regionen