ÅRSRAPPORT 2019

Store prosjekt og satsingar

Fylkeskommunen har mange ulike prosjekt og satsingar. Her finn du ei oversikt over nokre av dei største satsingane og prosjekta som det blir arbeidd med no.

Nordøyvegen

Nordøyvegen er det største utbyggingsprosjektet i Møre og Romsdal fylkeskommune nokon gong, og knyter Ålesund kommune saman gjennom fastlandssamband til Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya/Skuløya, Fjørtofta og Harøya. Prosjektet inneheld tre undersjøiske tunnelar, tre bruer og nye vegar på sjøfylling og ny veg over Fjørtofta og har ei kostnadsramme på 5,6 milliardar 2020-kr.

Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått kontrakt med Skanska Norge AS om utbygginga av vegen. Arbeidet starta i januar 2019, og i løpet av året vart det starta driving av alle dei tre undersjøiske tunnelane, gjort omfattande arbeid på Lepsøyrevet og støypt og plassert seks senkekassar til Lepsøybrua på sjøbotnen. September var månaden med høgast aktivitet i kontrakten i 2019. Då hadde Skanska Norge AS 390 menneske i jobb på Nordøyvegen. I tillegg kjem prosjektorganisasjonen til Møre og Romsdal fylkeskommune og ulike leveransar og service til anlegget.

I oktober 2019 vart den siste kontrakten i prosjektet underskriven. Kraftmontasje AS frå Vestnes skal prosjektere og gjennomføre elektro- og automasjonsarbeida i prosjektet.

Nordøyvegen opnar etter planen for trafikk i 2022.

Les meir om prosjektet her.

Byen som regional motor

Kristiansund, Molde og Ålesund samarbeider om byutvikling gjennom prosjektet "Byen som regional motor". Målet er å styrke attraktiviteten i byane og stimulere til vekst og utvikling. Det er også eit mål at byane tek rolla som regional motor og trekk med seg omlandet i utviklinga. Attraktive bysentra, samferdsel og kollektivsatsing, og kompetansemiljø og utdanning er satsingsområde for byutviklingsprosjektet.

I 2019 vart byane ein del av FNs program for utvikling av smarte og berekraftige byar (U4SSC). 25. mill. kroner i tilskot frå fylkeskommunen har løyst ut byutviklingsprosjekt i byane verdt til saman 78,3 mill. kroner.

Tilskota har mellom gått til utvikling av Molde idrettspark, innbyggarlab og gang og sykkelbru i Molde, til Kiperviktorget og til leikeplass i Byparken og Aspøya i Ålesund og til gang- og sykkelstiar, Fotobyen og sundbåt i Kristiansund.

Ler meir om prosjektet her

Innovasjonpartnarskap om nye bruløysingar

Innovasjonspartnarskap er offentleg-private partnarskap der norske kommunar og etatar går saman med næringslivet for å saman utvikle heilt nye løysingar på dagens og framtidas samfunnsutfordringar.

I dette prosjektet er fokus på bruer som er over 40 meter og krev tyngre vedlikehald. For å løyse utfordringane dette inneber, har vi invitert marknaden til å tenke nytt i lag med oss. Vi brukar innovasjonspartnarskap for å kunne utvikle dei beste ideane.

Den som har idear om korleis ein kan løyse dette, kan bli ein del av partnarskapet og få midlar til utvikling av løysningar. Det er sett av inntil 9 mill. kroner til utviklinga.

I august inviterte vi til marknadsdialog om bruløysingar med potensielle leverandørar og fagmiljø.


Les meir om prosjektet her.

Smartare transport

Gjennom ein konkurranse fekk vi i 2018 tildelt midlar frå Samferdselsdepartementet til prosjekt som skal utvikle og teste ut nye, effektive og miljøvennlege transportløysingar.

I løpet av prosjektperioden på fire år skal fylkeskommunen utgreie løysingar for eit framtidsretta system for kollektivtransport med autonome passasjerbåtar i byar.

  • Autonome passasjerbåtar i trafikk i byar
  • Smarte styringssystem og seglingsfrekvensar/-mønster
  • Landbasert infrastruktur med kontroll, lade- og fyllefunksjonar
  • Tilpassing og uttesting i Ålesundsregionen og i Kristiansund

Måla for prosjektet er mellom anna å:

  • Nytte vassvegen som avlastning til vegnettet
  • Bidra til eit framtidsretta og fleksibelt kollektivtilbod i byane
  • Gi kollektivreisande betre oversikt, mobilitet og brukarvennlegheit
  • Skape nærings- og kunnskapsutvikling

Prosjektet skal utviklast i samarbeid mellom SINTEF, NTNU, Ålesund og Kristiansund kommune.

Les meir om prosjektet her.

Berekraftfylket Møre og Romsdal

Med prosjektet ønsker Møre og Romsdal å ta ei tydeleg rolle i å utvikle eit berekraftig samfunn for framtida.

I følge dei nasjonale forventningane skal:

  • berekraftsmåla vere det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største utfordringane i vår tid.
  • fylkeskommunar og kommunar vere nøkkelaktørar for å realisere berekraftsmål i Norge.
  • Berekraftsmåla bli ein del av samfunns- og arealplanlegginga, og dermed fylkeskommunane og kommunane si verksemd.

Berekraftfylket Møre og Romsdal er eit svar på regjeringa sine forventningar. Det inngår i «Det norske bærekraftløftet», der både Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund (med Giske og Sula), Molde og Kristiansund kommune er med.

Fylkeskommunen tar ansvaret for å samordne «Berekraftfylket Møre og Romsdal». Satsinga vil omfatte alle kommunar og etatar som ønsker å bli med.

Eit mål er mellom anna å presentere «berekraftindikatorar» i ei dataplattform som gjer det mogleg for kommunane å samanlikne seg med andre kommunar, både i fylket, og etter kvart i landet. Tilsvarande vil fylke og statlege aktørar kunne gjere det same.


Les meir om prosjektet her.

Campus Kristiansund

Campus Kristiansund skal samle høgare utdanning, forsking og innovasjon på ein felles campus i Kristiansund sentrum. Prosjektet koordinerer dei ulike samfunnsaktørane som jobbar for dette.

Dugnaden for å utvikle CKSU har mellom anna resultert i

  • 50 % fleire høgskulestudentar frå 2016 til 2019 (dei fleste frå HiMolde)
  • samling av vekstmiljøfunksjonar
  • statleg finansiering av 150 studieplassar
  • fleire tiltak for studentar
  • utvikling av ei rekke nye tilbod i fag- og høgskule
  • etablering av Møreforsking i Kristiansund og oppbygging av biomarint forskingsmiljø på campus.
  • løyving på 4,2 mill. kronar over tre år frå fylkeskommunen
  • fleire faglege møteplassar

Campusprosjektet har koordinert den faglege campusutviklinga med utbyggarane sitt arbeid med regulering og bygg. Vi har prioritert arbeidet med å utvikle eit biomarint forskingsmiljø og med å involvere private verksemder i FoU-arbeid. Hausten 2019 starta prosessen med å etablere ein innovasjonslab på CKSU. Andre viktige oppgåver er marknadsføring og få på plass statleg finansiering. Campus Kristiansund vil truleg opne i 2023.

Les meir om prosjektet her.

Møre og Romsdal som eigen region mot 2025

Prosjektet arbeider med korleis offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal kan arbeide betre saman for å styrke regionen. I 2019 har vi lagt vekt på å etablere møteplassar for deltakarane som er regional stat, fylkeskommunen, fylkesmannen og kommunar. Nyttårskonferansen, statsetatmøta og referansegruppa frå offentleg sektor er allereie etablert som gode møteplassar.

Møre og Romsdal 2025 skal også legge til rette for fellessatsingar på område deltakarane ønsker å samarbeide betre på.

  • Vi har etablert Levekårsnettverket og Fellessatsing mot utanforskap.
  • Vi jobbar med å styrke Ungt entreprenørskap
  • Vi har etablert Berekraftfylket Møre og Romsdal som den største satsinga
  • Regionalt digitaliseringssamarbeid er under arbeid.

Les meir om prosjektet her.

Ein bit av historia

Prosjektet jobbar for at kulturturisme skal bli heilårsnæring: Verdiskapingsprogrammet ‘Ein bit av historia’ skal stimulere til at det veks fram nye tilbod, opplevingar og arbeidsplassar som bygger på historia og kulturarven vår langs historiske strekningar i Møre og Romsdal, som Valldalsleia, Den Trondhjemske postvei, og Kystpilegrimsleia.

I 2019 har vi arbeidd med å utvikle digital historieformidling, vi har gjennomført tilstandsregistreringar langs postvegen og lagt til rette for etablering av eit regionalt kystpilegrimssenter i samarbeid med Trøndelag fylkeskommune.

Prosjektet fekk tilskot frå Riksantikvaren, og desse midlane vart lyst ut ulike prosjekt knytt til postvegen, som historieformidling, enkel restaurering og skjøtsel, turvegar og tilskot til næringsutvikling. I tillegg har vi lyst ut midlar til ulike tiltak og prosjekt som bidrar til å utvikle pilegrimsleiene.

I oktober avdekte avdekte arkeologar frå fylkeskommunen og Norsk institutt for kulturminneforskning spor av eit skip i Smøla kommune, ved hjelp av georadar. Skipet er mest sannsynleg eldre enn tusen år. Oppdaginga skjedde på Edøy, i regi av prosjektet.

Les meir om prosjektet her.

Reiseliv, mat og kultur 2018 -2020

Møre og Romsdal er eit attraktivt reisemål, og turistane spør etter det autentiske og "det lille ekstra". Lokale mattradisjonar er ein viktig del av kulturen vår. Å kunne tilby tilreisande og lokalbefolkninga gode matopplevingar, er viktig for auke lønsemda i reiselivsnæringa og styrke Møre og Romsdal som opplevingsfylke.

Prosjektet skal bidra til auka lønsemd og verdiskapning i lokalt næringsliv. Det skal også bidra til fleire tilrettelagte opplevingar gjennom riktig og auka samhandling mellom mat-, kultur- og reiselivsaktørar, der mat og drikke blir produsert med lokale råvarer og basert på lokale mattradisjonar.

I 2019 arrangerte vi Opplevingsfestival for over 100 reiselivsbedrifter, matprodusentar og kulturaktørar, lyste ut stipend for unge kokkar og arrangerte fagdag for elevar ved restaurant og matfag i vidaregåande skole.

Les meir om prosjektet her.

Fleire statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen har tatt initiativ til å etablere eit eige prosjekt som skal arbeide med å få fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal. Formålet er at eit større innslag av statlege arbeidsplassar i arbeidsmarknadane i Møre og Romsdal, vil gjere dei både meir attraktive og robuste.

Bakgrunnen for prosjektet er at Møre og Romsdal treng fleire statlege arbeidsplassar. Fylket har om lag 4.000 færre statlege arbeidsplassar enn snittet for dei andre fylka, målt etter storleik på arbeidsmarknaden. Denne utviklinga styrka seg i 2019. Samtidig vart nye funksjonar lagt til fylket: nytt eldreombud med sekretariat i Ålesund, eit tilsyn med private barnehagar til Molde og i Kristiansund fekk Helseinnovasjonssenteret ein fast post på statsbudsjettet med eit årleg grunntilskot på 10 mill. kroner.

Les meir om prosjektet her.