ÅRSRAPPORT 2019

Tannhelse

Den offentlege tannhelsetenesta har drive helsefremmande og førebyggande arbeid og gitt gratis tannbehandling til barn og unge, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og heimesjukepleie og personar i kommunal og statleg rusomsorg. Med fokus på kvalitet og pasientsikkerheit er hovudoppgåva vår å medverke til livslang god tannhelse. Vi er organisert i fire kompetanseregionar med til saman 35 distriktstannklinikkar.

Visste du at nær kvar tredje innbyggar i fylket får oppfølging av den offentlege tannhelsetenesta?

Dette leverte vi i 2019

Måleindikator Mål for 2019 Resultat for 2019
Hovedmål 1. Vi skal medverke til å oppretthalde livslang god tannhelse
Dekningsgrad: Barn og ungdom 1-18 år (de siste 3 år) 97 % 97,9%
Dekningsgrad: Psykisk utviklingshemma over 18 år (de siste 3 år) 95 % 95,6%
Dekningsgrad: Eldre og uføre i institusjon (de siste 3 år) 90 % 87%
Dekningsgrad: Eldre og uføre i heimesjukepleie (de siste 3 år) 65 % 76,1%
Dekningsgrad: Ungdom 19-20 år (de siste 3 år) 70 % 78,7%
Behandling av narkosepasientar innan 3 mnd 65 % 52%
Andel kariesfrie 5-åringer 82 % 82,4%
Andel kariesfrie 12-åringer 60 % 57,6%
Andel kariesfrie 18-åringer 27 % 21,6%
Hovedmål 3. Sikre tilgjenge til kvalitativt gode og stabile tenester innanfor rimelig reiseavstand
Kjøp av ambulant tannlegeutstyr - 2 per region (4 regionar) 4 0
Hovedmål 4. Samarbeide med anna helseteneste, utvikle gode løysingar for komp.bygging
Førebyggande arbeid utanfor klinikkane (timar) 1500 2359

Dette jobba vi med i 2019

  • Tannhelsetenesta hadde tilsyn med, og gav tannbehandling til 69 898 innbyggarar.
  • Den største gruppa er barn og unge 3-18 år med 50 054 personar under tilsyn.
  • Av vaksne betalande pasientar, får 8 456 personar oppfølging av den offentlege tannhelsetenesta
  • Tenesta hadde i 2019 god måloppnåing for dei prioriterte gruppene. 98% av barn og unge, og 87% av eldre og uføre i institusjon er under tilsyn.
  • Tannhelsetilstanden for barn og unge, målt i førekomst av karies, har betra seg for årskulla 12- og 18-åringar. 5-åringar hadde ein liten nedgang.
  • Vi jobba målretta med førebyggande tannhelsearbeidet i barnehagar, skolar og helseinstitusjonar. Det har vore ei auke frå 1872 timar i 2018 til 2359 timar i 2019.
  • Ålesund kompetanseklinikk opna i mai 2019. Klinikken inneheld totalt 22 behandlingsrom fordelt på 1500 m² i nye og moderne lokale midt i Ålesund sentrum.
  • Det er tilsett spesialist i barnetannpleie ved Ålesund kompetanseklinikk.
Visste du at ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret har rett til 75% prisreduksjon på tannbehandling ved offentleg tannklinikk?

Økonomi

Tannhelsetenesta har over ein lengre periode hatt svake driftsresultat og underskot som følge av ei underfinansiering. Driftsrammene gjer det nødvendig å halde omlag 15 årsverk vakante. Konsekvensen er at mange av klinikkane i periodar står utan eit behandlingstilbod. Gjennom «Omstilling 2020» er det skissert tiltak for å redusere talet på klinikkeiningar for å sikre fullfinansiering av ein fagleg robust og rekrutterande tenestestruktur. Tenesta hadde i 2019 ei driftsramme på 158,3 mill. kroner og eit mindreforbruk på 2,7 mill. kroner. Mindreforbruket skuldast i hovudsak vakante stillingar og høgare honorarinntekter enn budsjettert.

Satsingar i 2020

  • Sette i verk ny strategiplan for folkehelsearbeidet i tannhelsetenesta. Fokus på opplæring i oral helse til kommunalt helse- og omsorgspersonell og målrette tiltak og følge opp barn og unge med høg risiko for tannsjukdom.
  • Prøve ut flyttbart tannlegeutstyr i helseinstitusjonar gjennom pilotprosjekt i alle kompetanseregionar.
  • Ta i bruk ny diagnostisk teknologi med 3D-røntgen og digital krone-/broframstilling ved kompetanseklinikken i Ålesund
  • Sette i verk ny avtale med Helse Møre og Romsdal om kjøp av narkosetenester ved alle fire sjukehusa i fylket.
  • Følge opp «Omstilling 2020» med organisasjonsutviklingstiltak for å sikre befolkninga eit føreseieleg tannhelsetilbod i stabile og attraktive fagmiljø.