ÅRSRAPPORT 2019

Regional- og næringsutvikling

I 2019 hadde vi merksemd på å auke kunnskapen om berekraftig bruk av marine ressursar. Vi arbeidde for å bygge forskingsinfrastruktur på Nordmøre. Vi tok grep for å få avstemme utdanningstilbodet opp mot behova i arbeidslivet. Vi har arbeidd for å styrke attraktiviteten til byane og tettstadane, og vi har arbeidd for å sikre kraftforsyning til regionen. I tillegg har vi tildelt midlar til utviklingsprosjekt som igjen har løyst ut tre gongar så store verdiar frå andre samarbeidspartar i regionen.

Visste du at vi frå 2020 har vårt eige regionale forskingsfond (RFF) i Møre og Romsdal?

Dette leverte vi i 2019

Måleindikator Mål for 2019 Resultat for 2019
Multiplikatoreffekt på samla investeringar i utviklingsprosjekt i Møre & Romsdal 3,0 2,9
Tilslagsprosent på søknader om ekstern støtte til prosj. frå nasj. og int. utlysingar 80 % 88 %
Møre og Romsdal skal ha attraktive byregionar og tettstadar
Utløyste investeringar gjennom tildeling av 25 mill. kroner i «Byen som regional motor» 75,0 78,3
Nye og vidareførte samarbeidsprosjekt mellom dei tre byane 5 4
Tettstader der fylkeskommunen er involvert i utviklingsprosjekt 8 11
Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv
Etablerarar som har gjennomført kompetanseprogram gjennom hoppid.no 700 409
Innvilga søknader om forskingsbaserte innovasjonsprosjekt frå kommunar og bedrifter frå MobPro og RFF 27 42
Møre og Romsdal skal ha levande lokalsamfunn med lokalt forankra næringsliv og gode bu- og oppvekstmiljø
Mobilisering: Tal søknader om forskingsbaserte innovasjonsprosjekt frå kommunane til MobPro og RFF 12 6
Nye husstandar som har fått tilbod om breiband på minst 30 Mbit, i område utan kommersiell utbygging 1 000 1 163
Møre og Romsdal skal ha berekraftig bruk av naturressursane
Tal på kommunar som er omfatta av interkommunale sjøarealplaner i fylket 19 16

Dette jobba vi med i 2019

  • Gründerutvikling: hoppid.no har fått ny, digital plattform og alle rådgivarane ute i kommunane har fått opplæring. Vi samarbeider også med andre land om å betre samhandling mellom offentlege gründertenester.
  • Vi etablerte «Kompetansealliansen» for Møre og Romsdal, eit samarbeid mellom representantar frå arbeids- og næringslivet, utdanningsinstitusjonane og fylkeskommunen. Målet er å avstemme utdanningstilbodet opp mot kompetansebehovet i arbeidslivet.
  • Vi har gitt støtte til å utvikle forskingsmiljø og forskingsinfrastruktur på Nordmøre. Bedrifter og kommunar i fylket har fått 18,4 mill. kroner i støtte til forskingsprosjekt.
  • Opplevingsfylket: festival, kokke-stipend og fagdag for elevar ved restaurant- og matfag. Saman med vestlandsfylka arrangerte vi også nasjonal cruisekonferanse i Bergen.
  • Utvikling av smarte byar: I kjølvatnet av prosjektet Byen som regional motor har Ålesund, Molde og Kristiansund blitt tatt opp i FNs program for utvikling av smarte og berekraftige byar.
  • Attraktive tettstadar: Det vart fullført parallelloppdrag for Sjøholt, Elnesvågen og Tingvoll, der arkitektmiljø, lokalbefolkning, kommune og handelsnæring drøfta idear og la planar for framtida.
  • For å få bukt med marin forsøpling, arbeider vi med ein plaststrategi i lag med dei andre vestlandsfylka.
  • Vi arrangerte nasjonal sjøplankonferanse for om lag 200 deltakarar frå kommunar, fylkeskommunar, statlege sektormyndigheiter, nærings- og interesseorganisasjonar. Tema for konferansen var konfliktar i kystsona og god planlegging.
  • Næringsutvikling i det grøne skiftet: vi har arrangert seminar, kurs og workshops om potensialet for industrialisering/kommersialisering av algedyrking. Tilsvarande på produksjon og bruk av hydrogen. Vi har arbeidd målretta for ei sikrare kraftforsyning ut til eksisterande og nye næringar.
  • Vi har førebudd oss på nye oppgåver som kom i forbindelse med regionreforma og som trødde i kraft frå 2020. Dette gjeld mellom anna oppgåver innan landbruk, forsking, breiband og næringsutvikling.
Visste du at støtte frå fylkeskommunen bidrog til at Norske Tindevegleiarar (Nortind) bestemte seg for å etablere Norges Høgfjellskole i Åndalsnes?

Økonomi

Regional og næringsavdelinga hadde i økonomiplan 2019 ei driftsramme på 108,3 mill. kroner. Av denne er 63,7 mill. kroner i støtte til byutvikling, forskingsutvikling, organisasjonar og reiseliv. Fylkeskommunalt tiltaksfond, som går til utviklingsprosjekt i fylket, utgjorde 13,2 mill. kroner. Inklusive tidlegare overføringar har vi eit mindreforbruk på 7,7 mill. kroner, men 4,7 mill. kroner av dette er disponert gjennom politiske vedtak, men har enno ikkje blitt utbetalt. Det betyr at det reelle mindreforbruket er 3 mill. kroner

Satsingar i 2020

  • Auke tilfanget av nyetableringar med stort nyskapings- og vekstpotensial gjennom den digitale rettleiingstenesta «Gründervegen».
  • Fortsette satsinga på «Reiseliv, mat og kultur» slik at Møre og Romsdal skal bli opplevingsfylke nr. 1 i Norge.
  • Vidareutvikle Kompetansealliansen som møteplass mellom utdanningsmiljø og arbeidsliv for å utvikle arbeidslivsretta utdanningstilbod.
  • Styrke kunnskapsgrunnlaget om sjøområda i fylket, gjennom marine grunnkart, kartlegging av marin natur og interkommunale sjøarealplanar.
  • Lyse ut 20 mill. kroner til forskingsprosjekt i bedrifter og kommunar gjennom MobPro og Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal.
  • Lyse ut 23 mill. kroner til utviklingsprosjekt i Ålesund, Molde og Kristiansund gjennom prosjektet «Byen som regional motor».