ÅRSRAPPORT 2019

Plan og analyse

Vi har starta arbeidet med å lage ein ny regional planstrategi, og eit breitt spekter av aktørar har diskutert og gitt innspel til kva som er dei største utfordringane og moglegheitene for fylket. Vi ser at planaktiviteten i kommunane er den same som året før, medan stadig fleire spør etter statistikk, analysar og karttenester, særleg kommunane. Vi har hatt regien på prosjekta Campus Kristiansund og Møre og Romsdal mot 2025 som har begge ført til betre regionalt samarbeid.

Vi har behandla 1 116 saker i 2019?

Dette har vi jobba med i 2019

Regional planlegging

Den regionale planlegginga følger fylkestingsperiodane, og 2019 har vore eit år med stor aktivitet. Vi har utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag som viser utfordringar og moglegheiter i fylket i planperioden. Vi har gjennomført ein brei medverknadsprosess både internt og eksternt og fått vedtatt Planprogrammet for ny regional planstrategi (RPS) og fylkesplan 2020-2024. Forslag til ny RPS er lagt ut til høyring. (lenke)

Planbehandling

  • Vi har samordna innspela frå alle fagavdelingane i plansaker som fylkeskommunen har fått til høyring etter plan- og bygningslova.
  • Vi har behandla kommuneplanens arealdel i Gjemnes, Halsa, Haram og Kristiansund, og kommuneplanens samfunnsdel i Aukra, Hareid, Vanylven kommune. Vi har også behandla komplekse delplanar i Sykkylven sentrum og Kristiansund sentrum og reguleringsplan for deponi på Raudsand. Etter ein markant auke i 2018 har talet på dispensasjonar stabilisert seg, og det er noko færre i strandsona.
  • Vi reiste motsegn til 40 plansaker. Dei viktigaste årsakene er framleis omsynet til kulturminne (25), omsynet til barn og unge (20) og manglar i planane (22). Ei sak gikk til mekling hos fylkesmannen. Vi påklaga berre ei dispensasjonssak, dette var av omsyn til automatisk freda kulturminne.
  • Vi gjennomførte regionalt planforum tre gongar, samla dei tre regionale plannettverka og sendt ut tre nyheitsbrev til kommunale planleggarar. Saman med Fylkesmannen arrangerte vi nasjonal konferanse om sjøareala for andre gong med nær 200 deltakarar.
  • Vi deltar i eit pilotprosjekt om korleis vi kan planlegge aldersvenlege samfunn, saman med Ørsta, Volda og Ulstein kommunar og Fylkesmannen.


Samordna plan for areal-, klima-, og transport i Ålesundsregionen (PAKT)

Vi deltar i styringsgruppa og saman med samferdselsavdelinga i prosjektgruppa. Det er utarbeidd eit omfattande kunnskapsgrunnlag og planprogram i dei tre kommunane og i fylkesutvalet.

Statistikk og analyse

Vi har utarbeidd:

  • Fylkesstatistikk
  • Kommunestatistikk
  • Statistikk til fagavdelingar, kunnskapsgrunnlag og questback-undersøkingar til foredrag internt og eksternt

Karttenester/GisLink

Vi har:

  • oppdatert og utvikla kartdata i kartportalen GisLink, ein av fylkeskommunen sine mest brukte nett-tenester.
  • levert online karttenester til friluftsrådet Nordmøre og Romsdal i forbindelse med kartlegging av friluftsområder.
  • levert karttenester og bidrag til fylkeskommunal tenenester som skoleskyss, FramFlexx, ruteplanlegging og til planlegging av kollektivtrafikken generelt.
  • utført omfattande analyser knytt til Areal og transportmodell for Ålesundregionen.
  • bidratt med analysar i prosjekt som Stikk UT, marine grunnkart for Herøy og laga kartleggingsverktøy for sjøaurebekkar.
  • produsert mange nye kart grunna nye fylkes- og kommunegrenser frå 2020.
Visste du at 305 av 747 dispensasjonssaker gjaldt byggeforbodet i strandsona?

Satsingar i 2020

Vi skal:

  • levere relevant, påliteleg og anvendeleg statistikk og analysar som underlag til regionale og kommunale planar, politiske avgjerder og samfunnsdebattar
  • utarbeide og vedta ny regional planstrategi og fylkesplan for 2020-2024
  • samordne fylkeskommunen sitt svar til kommunane i plansaker
  • oppdatere GIS-link og forbetre bruken av kartportalen
  • søge for at Prosjekta Campus Kristiansund, Møre og Romsdal 2025 og arbeidet med Klima-, areal- og transportplan for Ålesundsområdet, følger oppsett framdriftsplan og milepelar