ÅRSRAPPORT 2019

Kultur

Kunnskapsgrunnlag og kompetansebygging har vore sentrale fokusområde for kultur i 2019. Det er innhenta kunnskapsgrunnlag innanfor bibliotek, kulturelle og kreative næringar, anleggsutvikling, kulturarv og frivilligheit. Desse har ført til fleire store og tverrgåande forskings- og utviklingsprosjekt som vil gå over dei neste 10 åra. Eksempel på kompetansebygging er kurs for frivillig sektor og leiarutviklingsprogram i folkebiblioteka i kommunane.

Visste du vi 2019 har behandla om lag 1000 søknader om økonomisk støtte?

Dette leverte vi i 2019:

Måleindikator Mål for 2019 Resultat for 2019
Frivillige lag og organisasjonar skal skape mangfald og engasjement i lokalsamfunna
Alle fylkeskommunale tilskot på ramme 57 er tildelt innan utgangen av september 2019 Ja Ja
Utvikle, formidle og ta vare på kulturarven som kjelde til oppleving, kunnskap og bruk
Prosjekt "Ein bit av historia" -innhenting av eksterne midlar 2,0 1,65
Plan for etablering av eit kystpilgrimssenter i Møre og Romsdal Ja Ja
Kunst og kulturformidlinga skal vere allsidig, kunnskapsbasert, av høg kvalitet for alle
Salg av billettar til DKS-opplevingar (Den kulturelle Skolesekken) 46 000 99 000
Kulturrabatt for ungdom -refundering av billettar 20 000 13 042
UKM- fylkesfestival skal vere blant dei fem største i landet 5 3
Auke i talet på deltakarar innanfor felta visuell kunst og film på UKM- fylkesfestival 20 % 17 %
Arrangere Fylkeskulturkonferanse med tema barn og unge 80 90
Nærmiljø og lokalsamfunn skal fremme god psykisk og fysisk helse
Møre og Romsdal skal vere blant dei 10 fylka med høgast tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fys. aktivitet 10 6
Godkjente mottekne søknader om spelemidlar skal minst vere: 80 % 84 %
Talet på godkjente søknader som har fått tildelt midlar 45 % 54 %
Biblioteka skal vere aktive formidlarar av kunnskap og kultur, ein uavhengig møteplass og debattarena
Leiarutviklingsprogram for kommunale bibliotekleiarar er gjennomført 15 18
Det er gjennomført minst eitt kurs i nye formidlingsformer for bibliotektilsette 1 2
Bibliotekdagane er gjennomført, med deltaking frå alle kommunane 35 25

Dette jobba vi med i 2019:

  • Verkemidla på kulturområdet stimulerer til ønska samfunnsutvikling og gode kulturtilbod til innbyggarane. I 2019 er det arbeidd systematisk for å bevare og styrke rammevilkåra til kunst- og kulturinstitusjonar, frivillige lag og organisasjonar.
  • Møre og Romsdal skal vere eit inkluderande samfunn der det blir lagt til rette for like moglegheiter for alle å delta i kulturlivet. I 2019 er det prioritert psykisk helse, rusførebyggande arbeid og tilkomst til kulturarrangement (tilgjengelighetsmerke).
  • Eldresatsinga gir dei eldre ei tydleg stemme i samfunnsdebatten. Dei vil vere ein viktig ressurs i utvikling av gode samfunn i åra som kjem. I 2019 er det gjennomført opplæring av nye representantar i eldrerådet. Eldrekonferansen hadde 116 deltakarar med overordna tema "Leve heile livet".
  • Vedtatt ny sjekkliste for ung kunst og kultur i Møre og Romsdal. Den har ti sjekkpunkt for evaluering av det offentlege sitt arbeid med kunst og kultur for, av og med barn og unge.
  • Resultata frå ringverknadsanalysen på kulturområdet viser at fylket sine kunst og kulturinstitusjonar bidreg til samfunnsbygging og økonomisk verdiskaping i kulturelt og tradisjonelt næringsliv.
  • Fylkeskommunen har i 2019 førebudd seg på nye oppgåver som følgje av regionreforma med verknad frå 2020. Dette gjeld fagområda friluftsliv, folkehelse, kulturminnevern og frisklivsentralar. Frå 2021 kjem det ytterlegare oppgåver frå kulturdepartementet.
  • I 2019 har vi fortsett arbeidet med å systematisere og modernisere kulturhistoriske arkiv. Fleire arkiv er digitalisert, det er utarbeidd arkivplan og det er etablert ein pilot knytt til innsyn som kan integrerast med nasjonale løysingar.
  • Tilstandsregistreringar knytt til Postvegen er gjennomført i Stranda, Ørskog, Vestnes, Surnadal, Tingvoll. Arbeidet har starta opp i Molde og Gjemnes. Det er eit mål at restaureringa skal finansierast gjennom løyve i Nasjonal transportplan.
  • Det er starta utgreiing i samarbeid med Høgskulesenteret i Kristiansund (HIKSU) og Campus Kristiansund om kulturutdanning ved Campus i 2022.
  • Som deltakar i eit fleirårig nasjonalt program for folkehelse i kommunane, fekk fylkeskommunen tildelt 2,43 mill. kroner for 2019 til satsinga med tema «Frå utanforskap til innanforskap». Midlane blir tildelt gode prosjekt i kommunane.
Visste du at morotur.no i 2019 hadde 740 000 sidevisningar?

Økonomi

Netto driftsramme til kultur var på 132,07 mill. kroner. Av desse var 91,82 mill. kroner brukt til kulturtilskot. I tillegg til driftsramma forvalta avdelinga statlege verkemidlar på 118,22 mill. kroner til regionalt utviklingsarbeid. Mellom anna:

  • 103,35 mill. kroner i tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, lokale kulturbygg, Kultursekk i grunnskule og vidaregåande skule.
  • 3,9 mill. kroner til tilrettelegging og sikring av friluftsområde
  • 5,9 mill. kroner til fredag bygg og anlegg og verdsarv
  • 1 mill. kroner til verdiskapingsprosjektet «Ein bit av historia»
  • 1,64 mill. kroner i mindre prosjekttilskot (Nasjonalbiblioteket, Riksantikvaren (BARK/BERG), Norsk Sjømatråd (Fiskesprell)
  • 2,43 mill. kroner til folkehelseprogrammet – «frå utanforskap til innanforskap»

I tillegg har avdelinga inntekter knytt til Kultursekken, Møremusikarordninga og arkeologi på omlag 16,25 mill. kroner.

Satsingar i 2020

Vi skal:

  • vedta temaplan for utvikling og styring av frivilleg sektor i Møre og Romsdal
  • arbeide for etablering av kunstfagleg utdanning ved Campus Kristiansund
  • fremje inkludering og mangfald i kunst- og kulturlivet