ÅRSRAPPORT 2019

Bygg og eigedom

Møre og Romsdal fylkeskommune eig 227.195 m2 bygningsmasse fordelt på 164 bygningar. I hovudsak er dette bygningsmasse knytt til videregåande skolar. I tillegg leiger fylkeskommunen mykje areal knytt til tenesteproduksjon innanfor kultur, utdanning, tannhelse og samferdselsektoren. Bygg- og eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av den fylkeskommunale bygningsmassen. Du kan lese meir i Bygg og eigedom sin eigen årsrapport

Dei fylkeskommunale skolebygga

Dei siste åra har det blitt gjennomført tilstandsregistreringar på dei fylkeskommunale skolebygga. Tilstandsregistreringa frå 2018 viser at dei fleste bygga har ein god standard, men at nokre bygg er i svært dårleg tilstand. Av dei 215 787 m2 av skolebygg som vart tilstandsregistrert i 2018 er 6% rekna å være i svært dårlig tilstand (tilstandsgrad dårligare enn 2,25). Dette er bygg kor det må gjørast tiltak dei neste åra for å hindre stenging av bygg.
Du kan lese meir om forvaltning av eigedomsmassen i Eigedomsstrategien

Skolar med areal over 1500 m2

Skolane med dårlegast teknisk tilstandsgrad

Dei fylkeskommunale skolebygga er fordelt på tre bygningskategoriar for å sikre at vedlikehaldsmidlane blir disponert optimalt.

  • A-bygg er bygg det er planlagt omfattande ombyggings- eller rehabiliteringstiltak på innan relativt kort tid.
  • B-bygg er bygg vi skal behalde over tid, og derfor vil det bli gjennomført verdibevarande vedlikehald på desse bygga.
  • C-bygg er bygg som skal rivast eller avhendast.

Tilstandsregistreringa frå 2018 viste eit vedlikehaldsbehov på B-bygga på ca. 229 mill. kr dei neste 5 åra.

Byggeprosjekt som er vedtatt av fylkestinget og under bygging

Kvar Kva Areal BTA Totalt budsjett Rekneskap 2019 Totalt rekneskap
Romsdal vgs Nybygg i massivtre 12 400 m2 520 mill. kr 14,4 mill. kr 510,4 mill. kr
Spjelkavik vgs Tilbygg og rehabilitering 8 314 m2 225 mill. kr 22,6 mill. kr 213 mill. kr
Fagerlia vgs Nybygg 3 004 m2 146 mill. kr 63,7 mill. kr 101,8 mill. kr
Ørsta vgs * Nybygg 2,2 mill. kr 0,14 mill. kr 1,35 mill. kr
Spjelkavik Arena* Ny idrettshall 5 mill. kr 3,2 mill. kr 3,2 mill. kr
*For prosjekt utan vedtatt totalramme, er det budsjett så langt som er oppgitt.

ENØK-tiltak starta i 2019

Kvar Kva Totalt budsjett Rekneskap 2018
Atlanten vgs Nytt anlegg jordvarme 4,9 mill. kr 3,9 mill. kr
Kristiansund vgs* Utviding av brønnpark til varmepumpe 1,5 mill. kr 1,6 mill. kr
Molde vgs* Brønnboring til varmepumpe 0,72 mill. kr 0,9 mill. kr
Sunndal vgs Fasaderehabilitering og etterisolering del 3 5,2 mill. kr 5,2 mill. kr
Sunndal vgs Fasaderehabilitering og etterisolering del 4 6,2 mill. kr 6,3 mill. kr
Volda vgs Brønnboring og varmepumper 0,6 mill. kr 0,8 mill. kr
* Arbeidet fortsetter i 2020 med utvida budsjettramme

Redusert energiforbruk i skolebygga

Det har blitt gjennomført mange ENØK-tiltak på dei fylkeskommunale skolebygga. Det gjer at det totale energiforbruket har blitt redusert med 18,79 prosent (5,8 Gwh) sidan 2009.