ÅRSRAPPORT 2019

Årsmelding

Årsmelding 2019 - Møre og Romsdal fylkeskommune

Årsmelding 2019, signert

Fylkeskommunen er ein politisk styrt organisasjon med fylkestinget (47 representantar) som det øvste folkevalte organet. Leiar for fylkestinget er fylkesordføraren. Andre sentrale utval med medlemer oppnemnd av fylkestinget er:

  • Fylkesutvalet
  • Hovudutvalet for utdanning
  • Hovudutvalet for kultur, næring og folkehelse
  • hovudutvalet for samferdsel
  • Kontrollutvalet

Fylkeskommunen sine ulike roller og planverk er omtalt i årsrapporten.

Fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver i dag er:

  • Vidaregåande opplæring (vidaregåande skoler, fagopplæring, vaksenopplæring mm.)
  • Samferdsel (fylkesvegane, fylkesvegferjer, kollektivtrafikk i fylket, ruteopplysning mm.)
  • Offentlige tannhelseteneste
  • Regional planlegging
  • Næringsutvikling (tilretteleggande virkemiddel for næringsutvikling og entreprenørskap)
  • Forvalte regionale utviklingsmidlar (strategisk bruk av nærings- og distriktspolitiske virkemidlar)
  • Kultur (fylkesbibliotek, spelemidlar til idrettsanlegg, midlar til kulturbygg, driftstilskot mm.)
  • Folkehelse (pådrivar for regionalt og lokalt folkehelsearbeid)
  • Internasjonalt arbeid

Driftsrekneskap

Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2019 eit positivt netto driftsresultat på 313,5 mill. kroner i 2019 (tabell 1). Dette er ein auke på 248,0 mill. kroner samanlikna med rekneskapet for 2018 (i nominelle kroner).

(i 1000 kroner) Rekneskap 2019 Rekneskap 2018 Endring 2018-2019
Driftsinntekter 5 646 888 5 441 731 205 157
Driftsutgifter (inkl. avskrivingar) 5 365 070 5 372 040 -6 970
Brutto driftsresultat 281 818 69 691 212 127
Netto finansutgifter -272 731 -283 088 10 357
Motpost avskrivingar 304 426 278 866 25 560
Netto driftsresultat 313 513 65 469 248 044
Netto bruk av bundne fond -23 117 -27 548 4 431
Netto driftsresultat korrigert for bundne fond 290 396 37 921 252 475
i prosent 5,1 % 0,7 %
Tabell 1

Auken i netto driftsresultat skyldas i hovudsak at Møre og Romsdal fylkeskommune fekk ein betydeleg auke i skatteinntektene og i statlege overføringar i 2019 sett i samanheng med fjoråret, medan driftsutgiftene har gått noko ned.

Noko av auken i driftsinntektene skyldast at fylkeskommunen fekk utbetalt 60,97 mill. kroner i tunnelsikringsmidlar i 2019, som eigentlig gjeld for 2020. Det er vanskeleg å sei om dette tilskotet også vert vidareført i 2021. Dette vil ein først få vete under framlegginga av statsbudsjettet hausten 2020.

Det tekniske berekningsutvalget (TBU) for kommunal og fylkeskommunal økonomi har anbefalt at fylkeskommunane bør ha eit måltall for netto driftsresultat på om lag 4 prosent. Måltallet er basert på netto driftsresultat korrigert for bundne fond. Fylkeskommunen har ei målsetjing om at netto driftsresultat årleg skal være på om lag 2 prosent den neste 4-års perioden. I 2019 oppnådde fylkeskommunen 5,1 prosent mot 0,7 prosent i 2018. Dette vil vere eit viktig bidrag for å halde målsettinga om 2 prosent i 4-års perioden. Spesielt sett i samanheng med utfordringane som ventar dei komande fire åra med auka investeringar og investeringsutgifter, som vil leggje press på økonomien til fylkeskommunen (sjå pkt. 8. Utfordringar framover).

Meir-/ mindreforbruk i forhold til budsjett

Rekneskapsmessig meir-/mindreforbruk viser kva Møre og Romsdal fylkeskommune sit igjen med etter at ein har korrigert netto driftsresultat med bruk og avsetjingar til fond. Det er meir-/mindreforbruket som skal disponerast av fylkestinget i saka om årsrekneskapet.

(i 1000 kroner) Rekneskap 2019 Rekneskap 2018 Endring 2018-2019
Netto driftsresultat 313 513 65 469 248 044
Netto avsetjingar -62 492 -25 734 -36 758
Rekneskapsmessig mindreforbruk 251 021 39 735 211 286
Tabell 2

Møre og Romsdal fylkeskommune hadde i 2019 eit samla mindreforbruk på 251,0 mill. kroner i forhold til budsjett. Dette er 211,3 mill. kroner høgare enn i 2018.

Dei største avvika sett i samanheng med budsjettet finn ein i skjema 1A i «Årsrekneskapet 2019 for Møre og Romsdal Fylkeskommune». Tabell 3 (under) viser eit samandrag av dei største avvika med kommentarar.

Rekneskap 2019 Budsjett 2019 Avvik (B - R) Rekneskap 2018
Skatteinntekter 1 606 410 1 512 800 -93 610 1 529 781
Rammetilskot 2 745 313 2 719 000 -26 313 2 598 028
Andre direkte eller indirekte skattar 8 822 9 200 378 9 494
Andre generelle statstilskot 20 070 20 802 732 54 141
Generelle overføringar frå andre 9 122 7 400 -1 722 7 013
Sum frie disponible inntekter 4 389 737 4 269 202 -120 535 4 198 457
Netto finansutgifter -278 156 -298 450 -20 294 -286 275
Overføringar til investeringsrekneskapen 0 0 0 -11 400
Netto avsetjingar -35 597 -35 597 0 18 906
Ufordelte utgifter/inntekter 35 800 33 813 -1 987 20 890
Frie inntekter til bruk på rammeområda 4 111 784 3 968 968 -142 816 3 940 578
Sum fordelt rammeområda (skjema 1B) 3 860 763 3 968 968 108 205 3 900 843
Sum budsjettavvik (mindreforbruk) 251 021 0 -251 021 39 735
Tabell 3

Frie disponible inntekter

Sum frie disponible inntekter er i 2019 inntektsført med 4 389,7 mill. kroner, som er 120,5 mill. kroner meir enn budsjettert og 191,2 mill. kroner meir enn rekneskapet i 2018.

Skatteinntektene var på 1 606,4 mill. kroner. Dette er ein vekst på 4,9 prosent frå året før, og 93,6 mill. kroner høgare enn budsjettert. Kommunesektorens organisasjon (KS) forklarer avviket i skatteanslaget med høge utbytteinntekter til personlige skatteytere, truleg som følge av tilpasningar til auka utbyttebeskatning. Det skal igjen ha gitt utslag i auka skatteinntekter for båe kommunane og fylkeskommunane.

Rammetilskotet var på 2 745,3 mill. kroner inkl. skatteutjamninga. Dette er ein vekst på 5,7 prosent frå året før, og 26,3 mill. kroner høgare enn budsjettert. Dette skyldast i hovudsak auken i tunnelsikringsmidlane og skatteutjamninga (sjå forklaring under)

Rammetilskotet så lenge ut vil å verte lågare enn budsjettert i 2019, men den 11. desember 2019 vart det gjort kjent i brev frå Kommunaldepartementet at pga. ein feil i berekningsgrunnlaget for tunnelsikkerheitsforskrifta for 2020, så ville fylkeskommunen motta 70,833 mill. kroner i kompensasjon. Om lag 61 mill. kroner av desse vart utbetalt allereie i 2019 og førte til at rammetilskotet i 2019 auka tilsvarande. Dette er midlar som eigentleg skulle vorte mottatt i 2020.

Skatteutjamninga var om lag 37,6 mill. kroner lågare enn føresett i budsjett, og fører til ein reduksjon i rammetilskotet. Dette har samanheng med skatteinngangen i Møre og Romsdal fylkeskommune sett i samanheng med skatteinngangen i landet for øvrig.

Netto finansutgifter

Netto finansutgifter var på 278,2 mill. kroner, dvs. 20,3 mill. kroner lågare samanlikna med budsjett. Dette skuldast høgare renteinntekter som følgje av betre likviditet, og noko høgare rentenivå enn føresett i budsjettet. Avkastninga på kapitalfondet var i 2019 på om lag 9,1 mill. kroner mot budsjettert 3,4 mill. kroner. I motsett retning vart renteutgiftene om lag 900 000 kroner høgare enn føresett i budsjettet.

Ufordelte utgifter/inntekter

For 2019 fekk fylkeskommunen ei auke på 2,0 mill. kroner knytt til premieavviket i forhold til budsjettet. Fylkeskommunen budsjetterer premieavviket etter oppgåver frå Statens pensjonskasse og KLP, og har ingen mogelegheit verken til å påverke eller på førehand sjå avvik i forhold til budsjett.

Budsjettavvik på rammeområda

Fylkestinget har fordelt disponible frie inntekter på ti fylkestingsrammer utanom reservepost. Driftsbudsjettet blir vedtatt som nettorammer, og hovudutvala kan omdisponere mellom sine utvalsrammer. I resultatet for rammeområda inngår bruk av driftsmidlar til investeringar, bruk av avsetjingar frå tidlegare år og avsetjingar i året til bundne fond.

Netto utgifter på driftsrammene var samla på 3 860,8 mill. kroner, som er 108,2 mill. kroner lågare enn budsjettert (sjå tabell 4). Driftsrammene er redusert med 40 mill. kroner (1,0 prosent) frå 2018.

Driftsrammer

(i 1000 kroner) Rekneskap 2019 Budsjett 2019 Avvik (B - R) Rekneskap 2018
D01 Fellesutgifter og utgifter til fordeling 30 290 33 540 3 251 59 133
D02 Politisk verksemd 27 285 27 861 576 25 959
D03 Stabsfunksjonar 165 746 172 555 6 809 132 840
D04 Reservepost 0 19 469 19 469 0
D05 Vidaregåande opplæring 1 715 063 1 769 063 54 000 1 700 437
D06 Fagskolane i Møre og Romsdal 15 274 18 013 2 739 13 574
D09 Tannhelsetenester 155 660 158 343 2 683 155 342
D10 Kulturtenester 131 528 133 245 1 717 130 623
D11 Regional- og næringsutvikling 100 378 106 213 5 835 100 653
D12 Samferdselstenester 1 512 985 1 522 098 9 113 1 574 766
D14 Sentrale kontrollorgan 6 555 8 568 2 013 7 516
SUM FORDELT TIL DRIFTSRAMMER 3 860 763 3 968 968 108 205 3 900 843
Tabell 4

Alle rammene viser eit mindreforbruk sett i forhold til budsjett.

Reserveposten har eit mindreforbruk på 19,5 mill. kroner. Av reserveposten disponerer fylkesutvalet 1,5 mill. kroner. Av dette står det udisponert 1,0 mill. kroner.

Det er disponert 18,5 mill. kroner mindre enn budsjettert på lønsreserveposten i 2019.

Dette skyldast at både årets lønsvekst og reguleringspremien til KLP vart lågare enn budsjettert. Vi budsjetterer reguleringspremien basert på oppgåve frå KLP, som vi får i september året forut for budsjettåret.

Vidaregåande opplæring har eit mindreforbruk på 54 mill. kroner sett i samanheng med budsjett. Dette er ein auke i mindreforbruket på 46,4 mill. kroner frå prognose i Økonomirapport per 2. tertial 2019 (T-59.19). Grunnen til det store avviket skyldast i hovudsak svært konservativ prognosesetting frå skolane, noko som fører til underrapportering av et eventuelt meir- eller mindreforbruk. 19 av 23 skolane hadde eit mindreforbruk, medan 4 av skolane hadde eit meirforbruk. Dei 4 skolane må dekke inn meirforbruket i dei komande åra ved trekk i rammene. Skolane vil mellom anna sette inn innsparingstiltak som strengare bruk av vikarar og strengare kontroll med innkjøp og liknande.

Investeringsrekneskap

Investeringsrekneskapen hadde i 2019 eit samla finansieringsbehov på 1807,6 mill. kroner mot budsjettert 1 882,2 mill. kroner, dvs. 74,5 mill. kroner mindre enn budsjett (sjå tabell 5). Investeringane i anleggsmidlar (inkl. mva.) var på 1775,6 mill. kroner, som er 76,4 mill. kroner lågare enn budsjettert og 839,4 mill. kroner meir enn i 2018.

(i 1000 kroner) Rekneskap 2019 Budsjett 2019 Avvik (B - R) Rekneskap 2018
 I02 - Sentrale styringsorgan/fellesutgifter 27 248 29 538 2 290 29 011
 I03 - Vidaregåande opplæring 117 612 139 260 21 648 145 450
 I04 - Tannhelse 24 143 46 618 22 475 8 016
 I07 - Samferdsel 1 604 359 1 632 990 28 631 741 790
 I08 - Fagskolane i Møre og Romsdal 2 210 3 521 1 311 11 981
Investeringar i anleggsmidlar (inkl. mva) 1 775 573 1 851 927 76 354 936 248
Utlån, forskoteringar 832 0 -832 628
Aksjekjøp og andelar 4 843 30 250 25 407 6 505
Avsetjingar 26 398 0 -26 398 13 910
Årets finansieringsbehov 1 807 646 1 882 177 74 531 957 291
Bruk av lån 933 003 974 856 41 853 539 028
Inntekter frå sal av anleggsmidlar 156 0 -156 109
Tilskot til investeringar 79 302 0 -79 302 14 807
Kompensasjon for meirverdiavgift 321 914 341 497 19 583 163 541
Mottatte avdrag på utlån og ref. 459 218 533 674 74 456 208 230
Andre inntekter 3 961 0 -3 961 1 676
Overført frå driftsrekneskapen 3 778 0 -3 778 17 527
Bruk av tidlegare års avsetjingar 6 314 32 150 25 836 12 373
Sum finansiering 1 807 646 1 882 177 74 531 957 291
Tabell 5

Nedanfor er nokon av dei største avvika kommentert.

Vidaregåande opplæring har investert til saman om lag 117,6 mill. kroner i bygningsmassen i 2019. Prosjekta viser totalt eit mindreforbruk på om lag 21,6 mill. kroner. I hovudsak skyldast det meste av mindreforbruket ei forseinking pga. ein vannlekkasje på Spjelkavik vidaregåande skole i mai 2019, medan Romsdal vidaregåande skole har noko arbeid igjen ved årsslutt før prosjektet kan sluttførast.

Tannhelse har investert til saman om lag 24,1 mill. kroner i opprusting av klinikkar og tannlegeutstyr i 2019. Det er totalt eit mindreforbruk på investeringsprosjekta til tannhelse på 22,5 mill. kroner. Dette skyldast forseinkingar i høve til det som var føresett i budsjettet, og gjeld i hovudsak Kompetanseklinikk Hareid og Kompetanseklinikk Ålesund. På Hareid venter ein på å kome inn i dei nye lokala, og ein har derfor valt å vente med å bestille utstyret. Dette vil skje i 2020. I Ålesund skyldast deler av avviket at budsjettet var estimert for stort, medan resten av avviket skyldast lang leveringstid på mobilt tannhelseutstyr.

Samferdsel har investert til saman om lag 1604,4 mill. kroner i 2019, som er gjev eit mindreforbruk på 28,6 mill. kroner. Av dette utgjer 1598,0 mill. kroner investeringar i fylkesvegar og 6,9 mill. kroner investeringar i ruteinformasjon, elektronisk billetteringsutstyr, sanntidsinformasjon og business intelligence/datavarehus. Avviket mellom budsjett og rekneskap skyldast i hovudsak periodiseringsavvik på prosjekta tilknytta Fylkesvegar og prosjekt Nordøyvegen:

Fylkesvegar er eit samlebegrep for alle prosjekt vedrørande fylkeskommunen sine fylkesvegar. Totalt hadde posten eit mindreforbruk på 61,6 mill. kroner i 2019. Dette skyldast i hovudsak:

  • Mindreforbruk på «mindre utbetringar, ferjekaier», som skyldast skyldast periodiseringsavvik knytt til framdrift vedrørande prosjekta Sulapakken og Nordmørspakken.
  • Mindreforbruk på «mindre utbedringar bruer», som skyldast periodiseringsavvik på vegliste-bruene og Jensholmbrua, samt eit varig mindreforbruk på Steinvågbrua.
  • Meirforbruk på «mindre utbedringar tunnelar», som i hovudsak gjelder Fannefjordtunnelen. Fylkeskommunen og entreprenør er usamde om kva sluttoppgjeret skal vere, og det er framleis uklart kva den endelege kostnaden vil bli.
  • I samanheng med vederlagsfri overtaking av to vegprosjekt forskotert og utført av andre, er det i 2019 utgiftsført i investeringsrekneskapen og aktivert følgjande investeringar:
    • FV 135, omlegging ifm utbygging Ålesund Lufthavn 26 464 (tusen kroner)
    • Gang- og sykkelveg Giskemo - Amdam, Ørskog 26 272 (tusen kroner)
    • Totalt 52 736 (tusen kroner)
  • Tilsvarande beløp, som over, er ført som inntekt under «overføringar» og «kompensasjon for meirverdiavgift» i investeringsrekneskapen, dette er derfor ikkje eit reelt meirforbruk. Rebudsjettert beløp på prosjekt 6B35 i 2020 er justert opp med 52,736 mill. kroner i høve til avviket.

Nordøyvegen

Prosjekt Nordøyvegen viser eit meirforbruk på 47,5 mill. kroner i 2019. Fakturering frå entreprenør har skjedd med ei raskare takt enn antatt og meirforbruket i 2019 vil bli dekt inn på budsjettramma til prosjektet i 2020. Utover periodiseringsavviket så går prosjektet som planlagt innanfor gjeldande kostnadsramme gitt av fylkestinget.

Prosjektet vert følgt tett opp med rapportering og kontroll av prosjektansvarlig, prosjekteigar og Utbyggingsutval for bygg og vegsaker.

Prosjektadministrasjon vart frå 01.01.2020 flytta frå Statens vegvesen til fylkeskommunen, og prosjektet er no organisert i Vegavdelinga under Samferdsel.

Finansiering

Det er brukt 933,0 mill. kroner av lånemidlar til å finansiere investeringar i anleggsmidlar. Behaldninga av ubrukte lån er redusert frå 100,4 mill. kroner i 2018 til 69,4 mill. kroner ved utgangen av 2019.

Finansielle måltall

Formålet med finansielle måltall er å synleggjere kva som skal til for å ha ein sunn økonomi over tid. Møre og Romsdal fylkeskommune har følgande måltall som ein ønsker å sette fokus på.

Netto driftsresultat

TBU for kommunal og fylkeskommunal økonomi har anbefalt at fylkeskommunane bør ha eit måltall for netto driftsresultat på om lag 4 prosent (korrigert for bundne midlar) som ein buffer mot:

  • svingingar i rentenivået, oljepris (drivstoffpris)
  • kapitalslit (avskrivingar) - spesielt viktig sett i samanheng med fylkesreforma i 2010 (vedlikehaldsetterslep)
  • for å bygge opp reservar til framtidige investeringar

Møre og Romsdal fylkeskommune hadde i 2019 eit netto driftsresultat korrigert for bundne midlar på 5,1 prosent av brutto driftsinntekter (sjå figur 1). I 2018 var andelen på 0,7 prosent, dvs. at vi har hatt ei positiv utvikling frå 2018 til 2019.

Figur 1

Fylkeskommunen ligg dermed over eiga målsetjinga om eit netto driftsresultat årleg på om lag 2 prosent, i den komande 4-års periode, som er positivt. På den måten kan ein kan bygge opp reservar for auken i investeringsutgiftene (renter og avdrag) som kjem i 2022-2023. Om ein tek omsyn til tunnelsikringsmidlane som eigentleg gjeld 2020 (sjå pkt. 1,2 Rammetilskot) så vert måltalet på 4,5 prosent i 2019.

Disposisjonsfond

Den finansielle handlefridomen i drift kan styrkast gjennom å auke frie driftsfond/ disposisjonsfond, ved at fondsmidlane kan nyttast til dekke uventa meirutgifter i enkeltår. Størrelsen på disposisjonsfondet er eit uttrykk for kor stor økonomisk buffer fylkeskommunen har for den løpande drifta, og kor stor økonomisk handlefridom fylkeskommunen har i åra som kjem. TBU og Kommunenes Sentralforbund (KS) si anbefaling er at størrelsen på driftsfondet bør helst være minst 10 prosent av brutto driftsinntekter. Figur 2 viser utviklinga til disposisjonsfonda til Møre og Romsdal Fylkeskommune dei siste fem åra. Per 31.12.2019 var disposisjonsfondet på 9 prosent, mot 8 prosent i 2018.

Figur 2

Langsiktig lånegjeld og gjeldsgrad

Ved utgangen av 2019 var Møre og Romsdal fylkeskommune si lånegjeld på 5 761,0 mill. kroner. Dette er ei auke på 690 mill. kroner frå året før.

For å berekne den korrekte gjeldsgraden som fylkeskommunen kan bere, må vi korrigere for ekstraordinære inntekter som er spesielle for Møre og Romsdal fylkeskommune. Ferjeavløysingsmidlar er ei slik inntekt. Dette gir ein korrigert gjeldsgrad på 5 503 mill. kroner for 2019. Figur 3 nedanfor viser utviklinga i Møre og Romsdal fylkeskommune si lånegjeld frå 2015 til 2019. I denne perioden har lånegjelda vakse med 2,0 mrd. kroner, dvs. at den har auka med 56 prosent på 5 år.

Figur 3

Netto lånegjeld var ved utgangen av 2019 på 97 prosent av brutto driftsinntekter. KS og TBU, anbefaler at ei fylkeskommune bør ligg på omtrent 60 prosent for å ha økonomisk handlerom til investeringar. Ei lånegjeld på over 90 prosent definerer dei som «rød sone». Då vil fylkeskommunen ha lite handlingsrom til investeringar.

Høg lånegjeld inneber at fylkeskommunen vil være økonomisk sårbar knytt til ein auke i lånerenta. Sjølv om rentenivået nå er historisk sett veldig lågt, må vi ikkje gløyme at det ikkje er mange år sidan nivået var eit heilt anna.

Oppsummering finansielle måltal

Netto driftsresultat og disposisjonsfonda nærmar seg anbefalt nivå gitt av Teknisk berekningsutval (TBU). Dette vil kome godt med sidan dei budsjetterte investeringane i den komande økonomiplanperioda 2020-2023 er berekna til heile 7,4 mrd. kroner. Dette vil føre til at fylkeskommunen ved utløpet av 2023 vil ha ein gjeldsgrad på om lag 139 prosent. I vedtaket til ny økonomiplan for 2020-2023 vart det vedtatt tiltak for å dekke dei auke investeringskostnadane, men Møre og Romsdal fylkeskommune vil likevel være svært sårbar for ein eventuell renteauke.

Handlingsprogram (hovudmål, resultatmål og måleindikatorar)

I 2019 var fyrste året at ein innlemma avdelingane sine handlingsprogram i økonomiplanen. Alle avdelingar fekk i oppgåve å knytte måleindikatorar til sine hovudmål og resultatmål. Måleindikatorane for 2019 og resultatet av disse vil ein finne i årsrapporten.

Tvistar

Fylkeskommunen har tre tvistesaker kor utfall er uavklart.

Møre og Romsdal fylkeskommune og entreprenør er usamde om kva sluttoppgjeret på Fannefjordtunnelen skal vere, og det er framleis uklart kva den endelege kostnaden vil bli. Dette er ei sak som har gått over fleire år, og hausten 2019 vart det forsøkt mekling utan at partane vart samde. Nå står det igjen å finne ei løysing i rettssystemet. Rettsaka er beramma til juni 2020.

Fylkeskommunen har mottatt krav frå Torghatten knytt til ekstra bemanning på ferjer. Partane er no i forhandlingar, og det er mogeleg at det kan bli ei avklaring i løpet av våren 2020.

Fylkeskommunen kan få ein ekstra kostnad knytt til at autopassbrikkar ikkje er teken i bruk som forutsatt i eit av sambanda i 2019. Fergeselskapa har varsla at dei vil krevje å få dekka kostnad til ekstra mannskap for billettering. Krav er ikkje motteken og beløp på krava er ukjende.

Likestilling, inkludering og mangfald

Tiltak som sikrar inkludering og deltaking for alle, er prioritert av fylkeskommunen. Universell utforming handlar om at alle skal kunne delta på ein likeverdig måte. Våre rådgivande utval; eldrerådet, ungdomspanelet og rådet for likestilling av funksjonshemma er viktige for å lykkast med dette. Desse har jamlege møte gjennom året og gir råd til utviklinga av fylkeskommunen.

På driftssida er det arbeidd med universell utforming av alle lokalar som tilbyr fylkeskommunale tenester, slik som dei vidaregåande skolane, tannhelseklinikkane, trafikkterminalar og administrasjonsbygg.

Fylkesplan for Møre og Romsdal er overordna plandokument for all regional utvikling. Eit av resultatmåla er likestilling og inkludering med mål om reelle valmoglegheiter innanfor utdanning og arbeidsliv for alle.

All rekruttering til Møre og Romsdal Fylkeskommune skal legge vekt på likestilling mellom kjønn og mellom minoritetar og majoritetar i alle delar av organisasjonen.

Grunnlaget for vurdering i all rekruttering skal vere:

  • Utdanning, kompetanse, erfaring, kjønn og mangfald, jf. Hovudtariffavtalen kap. 1, Lov om likestilling og forbod mot diskriminering.
  • Likestilling og mangfald skal være ein del av vurderinga ved samansetting av team og organisasjon.

I rekrutteringsprosessen nemnes ikkje enkeltgrupper, men ved utlysinga av stillingar oppfordrar fylkeskommunen om at alle med relevant kompetanse er velkomne til å søke på alle stillingar. Leiarar med ansvar for rekrutteringa er også pålagt, og har ansvaret for, at all rekruttering er i tråd med krava i lova. Dette vert også poengtert ved tilsetting av nye leiarar.

Ved utgangen av 2019 var det i Møre og Romsdal fylkeskommune totalt 2 445 tilsette fordelt på 2 203 årsverk. Av desse var 1 487 kvinner (60,8 prosent) og 958 menn (39,2 prosent). Av totalt 8 toppleiande stillingar i fylkeskommunen, var det 3 kvinner og 5 menn. Kjønnsfordelinga mellom andre leiande stillingar i fylkeskommunen er på 51,4 prosent kvinner og 48,6 prosent.

Fylkeskommunen har som målsetjing at likt arbeid skal gi lik lønn uavhengig av kjønn.

HMS

Arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) er eit leiaransvar som skal kanaliserast mest mogeleg gjennom kvalitetssystemet for HMS. Lokal HMS-dokumentasjon til alle verksemder i organisasjonen er tilgjengeleg for dei tilsette i alle driftseiningane gjennom fylkeskommunen sitt intranett.

Via faste årlege evalueringar av HMS-dokumentasjonen på einingane har vi dei siste åra sett ei stor betring av kvaliteten. I 2019 var det nær 86 prosent av dokumentasjonen som fyller krava. I avvikssystemet vart det i 2019 registrert 730 saker, 592 av desse var innan HMS-området. HMS-avvika vert følgt opp gjennom handlingsplanar.

Sjukefråveret i Møre og Romsdal fylkeskommune var på 5,8 prosent i 2019, som er 0,2 prosent høgare enn i 2018. Sjukefråveret vert rapport kvartalsvis lokalt og sentralt gjennom året, og samanlikna mot den enkelte eining si målsetjing. Ved større avvik vil den enkelte eining i samråd med Bedriftshelsetjenesta (BHT) vurdere å sette i verk tiltak.

Styring og kontroll

Fylkeskommunedirektøren er etter kommunelova pålagt å innrette verksemda på ein slik måte at den er underlagt ein forsvarleg kontroll. I det daglege har kvar direktør ansvar for å etablere og følge opp rutinar innanfor eigen avdeling som sikrar etterleving av lover og reglar. Fylkeskommunedirektøren har jevnlige møter (kvar 14 dag) med toppleiargruppa og stab. Fylkeskommunen har fleire system med faste rutinar, prosedyrar og planar for å sikre internkontroll i tenester og støtteprosessar.

Som ein del av prosjekt «Omstilling av organisasjonen mot 2020», så vart det oppretta eit underprosjekt ved namn «Verksemdstrategi 2020». Prosjektet hadde oppstart møte i jan 2020 og skal utvikle ein heilheitleg verksemdstrategi som tar opp i seg alt frå:

  • Samfunnsoppdrag, visjon og verdigrunnlag
  • Heilheitleg og berekraftig verksemdstyring – herunder plan- og styringssystem fra regionale planstrategi med underliggende plandokumenter, prinsipper for verksemdstyring (herunder intern kontroll) samt rapporing og resultatvurdering
  • Plattform for leiar- og medarbeidarskap
  • Organisasjon- og tenesteutvikling
  • Arbeidsmiljø og HMS

Det lagt opp til kvartalsvis rapportering av økonomien i fylkeskommunen. 2019 var fyrste året at handlingprogrammet var ein del av økonomiplanen til fylkeskommunen. Alle avdelingane har knytte resultatmål med måleindikatorar til hovudmåla sine, og har rapportert kvartalsvis til administrasjonen. I årsrapporten for 2019 vil ein finne meir informasjon om hovudmål, resultatmål og måleindikatorar og måloppnåinga i 2019.

Fylkeskommunedirektøren er også opptatt av å følge opp anbefalingane frå kontrollutvalet på bakgrunn av dei revisjonshandlingar og forvaltningsrevisjonar som vart gjennomført i løpet av året. I 2019 starta kontrollutvalet ein gjennomgang av budsjett- og økonomistyringsprosessen i fylkeskommunen, som skal leggast fram i 2020. I tillegg er det planlagd ein gjennomgang av risikostyring og internkontroll, som skal ferdigstillast i løpet av hausten 2020.

Etikk

I 2018 vedtok fylkestinget, etter ein brei prosess internt i fylkeskommunen, dei nye etiske retningslinjene. Desse legg eit godt grunnlag for forståing av kva som er god etisk praksis. Ein god etisk standard på alt vi gjer er avgjerande for at dei som tek i mot våre tenester, eller som vi samarbeider med, skal ha tillit til oss.

Det er gjennomgåande positive tilbakemeldingar på retningslinjene. Det blir mellom anna peika på at dei sett tydelege forventingar til alle tilsette i fylkeskommunen, og at dei blir opplevd som ryddige og eigna til bruk i arbeidskvardagen.

Utfordringane framover

Møre og Romsdal fylkeskommune vil ha store økonomiske utfordringar i åra som kjem. Dei viktigaste utfordringane kan vi summere opp slik:

  • Aukande vedlikehaldsetterslep for investeringar og vedlikehald av fylkesvegnettet.
  • Manglande statleg dekning av auka ferjekostnader(m.a. som følgje av overgangen til miljøteknologi)
  • Omfattande behov for investeringar i ferjekaier, som følgje av overgangen til miljøferjer
  • Omfattande behov for investeringar i og vedlikehald av skolebygg.
  • Etterleve tunnelsikkerheitsforskrifta.
  • Aukande lånegjeld som belastar drifta.
  • Utbygginga av Nordøyvegen.

Med bakgrunn i dei utfordringane som Møre og Romsdal fylkeskommune står overfor i komande økonomiplanperiode 2020-2023 (spesielt i åra 2022 og 2023), så vedtok Fylkestinget i desember 2019 betydelege tiltak for å redusere det samla kostnadsnivået.

Målsetjinga med tiltaka er at økonomien i Møre og Romsdal fylkeskommunen skal vere styrka nok til å bere dei aukande kostnadane i åra som kjem. Omstilling tek tid, og i dette arbeidet må fylkeskommunen ha eit langsiktig perspektiv. Nokre gevinstar kan hentast ut på kort sikt, medan andre krev arbeid over fleire år før dei kan realiserast.