ÅRSRAPPORT 2019

Prisar og stipend

Årets bedrift

Fylkesprisen Årets Bedrift vart tildelt Pipelife. Bedrifta produserer plastrøyr og er verdsleiande i sitt slag. I grunngjevinga stod det at dei fekk prisen for satsinga på robotisering, digitalisering og dyktige fagarbeidarar.
-Denne prisen er ein ekstra motivasjon for oss. Den betyr mykje for oss, det er godt å bli sett, sa adm. direktør Kjell Johan Larsen då han tok i mot prisen under fylkestinget i juni. Prisvinnarane vart intervjua etter tildelinga

Trafikktryggingsprisen

Trafikktryggingsprisen 2019 gjekk til Gulstripeaksjonen ved Solvår Skogen Sæterbø. For å sette søkelyset på utryggheita for dei som bur langs strekninga E39 Betna-Stormyra, vart det strikka gulstripe av den engasjerte aksjonsgruppa. -Gulstripeaksjonen har på ein veldig god måte gjort synleg behovet for prosjektet med ei folkeleg og nøktern tilnærming til utfordringa, sa FTU -leiar Iver Nordseth. Prisen vart overrekt under fylkestinget i oktober.

Likestillingsprisen

I 2019 vart likestillingsprisen tildelt Mayada Alfaiyad. Alfaiyad har halde innlegg på 8. mars- arrangement der ho fortalte om korleis det var å vere kvinne i Syria før krigen begynte. Ho er aktiv i lokalmiljøet sitt både gjennom jobb og fritid og formidlar kunnskap om det norske samfunns- og arbeidslivet, og er ein ressurs for mange. Alfaiyad fekk overrekt prisen under fylkestinget i desember

Miljøprisen

-Ulrik er eit symbol på det engasjementet vi opplever at barn og unge har for klima og miljø. Vi ønsker å sende ein spesiell takk tilbake til han og til den oppvoksande generasjonen, sa leiaren av kultur-, nærings- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter. Prisen gjekk i år til ti år gamle Ulrik Sandøy Sørensen frå Frei i Kristiansund. Prisen vart delt ut under fylkestinget i desember

Fylkeskulturprisen

I 2019 gjekk prisen til Karin Augusta Nogva. - Karin Augusta Nogva sitt engasjement for kunstnarar i fylket og for kunstformidling til barn og unge, og i samfunnet generelt gjer henne til ein verdig vinnar av fylkeskulturprisen 2019, seier leiar i kultur-, næring,- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter. Prisen vart delt ut under fylkestinget i desember.

Stipend

Kunstnarstipend

Namn Kommune Kunstart Sum
Arbeidsstipend
Siri Skjerve Surnadal Visuell kunst 200 000
Astrid Overaa Ålesund Scenekunst 200 000
Andre stipend
Heidi Rødstøl Rauma Visuell kunst 75 000
Lena Nymark Ålesund Musikk 60 000
Charlotte Krikebø Riise Ålesund Litteratur 85 000
Trygve Nielsen Fræna Film 70 000
Raymond Cerrado Knutsen Volda Scenekunst 110 000

Idrettsstipend

Namn Kommune Sum
Birthe Franck-Petersen Ålesund 40 000
Ålesund friidrett Ålesund 10 000
Gaute Skar-Hovde Molde 40 000
Haram Bowlingsklubb Haram 10 000
Idrettslaget Braatt Kristiansund 50 000