ÅRSRAPPORT 2018

Kva for oppgåver har fylkeskommunen?

Vi kan dele inn fylkeskommunen sine oppgåver etter fire roller:

1. Demokratisk aktør

Fylkeskommunen er ein del av det norske demokratiet, der innbyggarane i fylket kan vere med å påverke kva prioriteringar som skal gjerast for vårt område av landet. Kvart fjerde år er det val av nytt fylkesting, som har 47 representantar. Fylkestinget gjer vedtak i større og prinsipielle saker og gir rammer for alt arbeid i Møre og Romsdal fylkeskommune. Neste fylkestingsval er hausten 2019.

2. Tenesteleverandør

Vi skal levere viktige velferdstenester som vidaregåande opplæring, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesvegar og kulturformidling.

3. Myndigheitsutøvar

Vi skal forvalte mynde på vegner av staten på område som kulturminne, vassforvaltning, friluftsliv og forvaltning av naturressursar.

4. Regional utviklingsaktør

Vi skal drive samfunnsutvikling i samarbeid med andre aktørar i fylket. Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 er fylkeskommunen sitt overordna plandokument. Her er følgande målsettingar vedtatt:

  1. Gode og inkluderande lokalsamfunn og byar
  2. Godt og breitt kultur- og fritidstilbod
  3. God og tilstrekkeleg kompetanse
  4. God konkurransekraft og nyskaping
  5. Gode og samfunnsutviklande samferdselsløysingar
  6. Gode oppvekst- og levekår
  7. God miljømessig berekraft