ÅRSRAPPORT 2018

Utdanning

Fylkeskommunen har ansvar for at om lag 2 400 lærlingar og 10 000 elevar og studentar, fordelt på 23 vidaregåande skolar og 2 fagskolar, får ei god vidaregåande opplæring.

Kort oppsummert

  • Heile 87,6 prosent av elevane gjennomførte skoleåret 2017/2018, det høgaste talet sidan målingane starta.
  • 72 prosent av dei som søkte fekk læreplass i 2018, ei auke på 4,1 prosent frå 2017.
  • Fråværet for elevane var på 4,6 prosent førre skoleår, litt høgare enn året før. Likevel var dette det lågaste i landet.

Aktivitetar og resultat

Gjennomføring

I 2018 nærma vi oss målet om at 79 prosent av elevane og lærlingane skal gjennomføre med bestått resultat etter fem år.

Gjennomføring etter fem år Resultat 2012-kullet Resultat 2011-kullet Gjennomsnitt Norge 2012-kullet Endring frå førre kull
Samla resultat for yrkesfag og studieførebuande 76,0 % 75,6 % 75,2 % + 0,8 %
Gjennomføring studieførebuande 90,1 % 89,1 % 87,7 % + 1,0 %
Gjennomføring yrkesfaglege utdanningsprogram 63,4 % 64,7 % 61,1 % -  1,3 %

Gjennomføring av skoleåret 2017/2018 var den høgaste sidan målingane starta:

  • Heile 87,6 prosent av elevane fullførte og besto dette skoleåret.
  • Det var ei auke på 1,4 prosent frå året før.

Yrkesfag og læreplassar

Vi har hatt eit godt samarbeid med næringsliv og offentleg sektor for å auke talet på læreplassar, og i 2018 vart det godkjent 80 nye lærebedrifter.

Dei som ikkje fekk læreplass fekk tilbod om vg3 i skole eller påbygging til studiekompetanse.

Ved årsskiftet var det 2 409 lære- og opplæringskontraktar i 985 lærebedrifter i fylket

2018 2017 Auke frå 2017
Del av vg1-elevane som starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram 54,0 % 52,0 % + 2,0%
Del av søkarar som fikk læreplass 72,0 % 67,9 % + 4,1%
Av 1662 gjennomførte fag- og sveineprøver besto: 96,1 % 93,8 % +2,3 %
Inngåtte lære- og opplæringskontraktar 1350 1223 + 127


Inntak av elevar

Målet om at 90 prosent av søkarane skal få innfridd sitt første ønske, er ikkje langt unna:

  • På Vg1 fekk 89 prosent sitt første kursønske innfridd, noko som er to prosent høgare enn i 2017.
  • 9 126 elevar med ungdomsrett fekk skoleplass skoleåret 2018/2019, ein nedgang på om lag 100 elever frå året før.
  • 856 elevar med anna morsmål enn norsk fekk tilbod om skoleplass, ein auke på 351 elevar frå året før. 478 minoritetsspråklege elevar fekk tilbod om særskilt språkopplæring.
Visste du at det kom inn klagar på 96 av totalt
70 652 standpunktkarakterar? 53 av klagarane fekk medhald.

Kompetanseutvikling i sektoren

I 2018 gjennomførte vi kompetanseutviklingstiltak som

  • fagdag for alle lærarar
  • leiarsamlingar
  • opplæring av instruktørar og opplæringsansvarlege for lærlingar i lærebedrifter

Vi deltok også i den nasjonale vidareutdanningsstrategien «Kompetanse for kvalitet».

Dei 21 faglege nettverka, rådgivarnettverk (vidaregåande opplæring og ungdomstrinnet) og oppfølgingstenesta gjennomførte ei rekke samlingar. Fagsamlingar og leiarsamlingar på fylkesnivå har hatt tema som elevvurdering, psykisk helse og digital kompetanse. Vi har fått statlege prosjektmidlar til fagleg oppdatering av yrkesfaglærarar og lektor 2 for yrkesfag.

Brukarundersøkingar

Vi gjennomførte fleire brukarundersøkingar i 2018:

  • Elevundersøkinga Resultata viser at det blir arbeidd godt med læringsmiljø, at det er god struktur på undervisninga og at elevane trivst godt. Den viste og at vi må arbeide vidare med utvikling av elevdemokrati og elevmedverknad.
  • Undervisningsevaluering for skoleåret
  • Lærlingeundersøkinga og bedriftsundersøkinga: lærlingane trivst godt og meiner at læringskrav og læringsmoglegheiter er gode.

Resultata frå dei ulike undersøkingane blir brukt til utviklingstiltak i skolane, på sektornivå, i utdanningsavdelinga, i opplæringskontor og lærebedrifter.

Psykisk helse i skolen

Fleire ungdommar har utfordringar med psykisk helse. Dette er derfor eit satsingsområde for oss.

  • VIP-makkerskap har som mål å betre det psykososiale klassemiljøet og dermed minke fråvær og fråfall i skolen. Erfaringane med tiltaket er svært gode.
  • Klasselærarrådet blir brukt for å følge den enkelte eleven tett. God oppfølging, relasjonskompetanse og samarbeid mellom ulike grupper som arbeider med elevane, er viktig for å betre gjennomføringa og ivareta kvar elev.
  • Innsatsteam mot mobbing: Tre vidaregåande skolar har delteke i prosjektet i 2018. Erfaringane er så gode at tiltaket no blir innført på alle dei vidaregåande skolane frå våren 2019. Tilsette vil få systematisk opplæring i tema og verktøy som skal brukast for å førebygge, avdekke og handle i mobbesaker.
  • Psykisk helse har vore tema på samlingar for ulike grupper i skolen, mellom anna for alle skoleleiarane.

Yrkes- og utdanningsrettleiing i grunnopplæringa

I 2018 gjennomførte vi karrieredagar og hospitering for alle elevar på 10. trinn i grunnskolen og elevar med minoritetsbakgrunn ved kommunane sine ressurssenter.

Målet er å motivere og bevisstgjere elevane slik at dei skal velje rett utdanningsprogram og fullføre vidaregåande opplæring.

Visste du at 9126 elevar med ungdomsrett fekk skoleplass i 2018?

Internasjonalisering

I 2018 fekk vi, på vegner av skolar og opplæringskontor, innvilga søknad om midlar frå Direktoratet for Internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning. Midlane skal brukast til utplassering og hospitering i utlandet for elevar, lærlingar, fagskolestudentar og tilsette i fag- og yrkesopplæringa. Dette har styrka interessa for å delta i internasjonale prosjekt, og tal på lærlingar som får utplassering i utlandet har auka frå fem til tjue i året.

Andre aktivitetar:

  • medverknadsorgan for ungdom etter initiativ frå ungdomspanelet
  • kontaktseminar for EØS-midlane i Bucuresti
  • internasjonalt seminar for skolane og opplæringskontora for kunnskapsspreiing/ erfaringsdeling.

Fleire skolar er no deltakarar i internasjonale aktivitetar og internasjonalt samarbeid.

Karriere Møre og Romsdal

I 2018 gjekk karriererettleiingstenesta for vaksne, Karriere i Møre og Romsdal, inn i sitt fjerde år. Hovudoppgåva er individuell rettleiing for vaksne over 19 år, men dette året har det vore fleire unge som har søkt karriererettleiing.

  • Det var gjennomført om lag 500 individuelle rettleiingar.
  • Det har vore kurs for bedrifter i nedbemanning og omstilling, og søkarkurs for elevar på vg2 som skal søke læreplass.
  • Vi har samarbeidd med NAV om å få fleire vaksne i utdanning eller arbeid.

Vaksenopplæring innafor vidaregåande opplæring

Åtte av dei vidaregåande skolane i fylket har hatt tilbod om ulike yrkesfaglege kurs til vaksne, fire har hatt tilbod om generell studiekompetanse.

Vi gjennomførte:

  • 600 realkompetansevurderingar
  • 52 ulike kurs for meir enn 700 elevar

Dette er ein markant nedgang frå dei tre førre åra. Hovudårsaken er at målgruppa har endra seg mykje dei siste to åra.

Vi har jobba med å utvikle tilbod innafor fleire yrkesfag i samarbeid med andre aktørar. Det er framleis flest vaksne innafor helse- og oppvekstfaga. Størstedelen er minoritetsspråklege, og vi arbeider no saman med kommunar og lokale NAV-kontor om ulike pilotprosjekt for å finne gode samarbeidsmodellar.

Dette skoleåret har vi også sett i gang eit pilotprosjekt innafor teknikk og industriell produksjon. Denne modellen skal vidareførast til andre fag dersom den er vellukka.

Fagskolane

Hausten 2018 var det totalt 368 studentar ved fagskolane, 262 i Ålesund og 106 i Kristiansund. Dette er ein nedgang på 26 studentar frå 2017. Søkinga til utdanningstilboda var omtrent som i 2017.

På grunn av låg søking vart ikkje studiet i boring og havbotninstallasjonar i Kristiansund starta opp. Fagskolen arbeider med å utvikle nye tilbod både innan havromsteknologi og digital kompetanse. Dette held fram i 2019.

Vi har starta arbeidet med å utvikle organiseringa av Fagskolen i Møre og Romsdal. Arbeidet vil bli sluttført våren 2019.

Mobbeombod og elev- og lærlingombod

Mobbeombod

I april vedtok fylkesutvalet å opprette ei stilling som mobbeombod. Mobbeombodet skal følge barn og unge i heile utdanningsløpet frå barnehage og grunnskole til og med vidaregåande opplæring. Oppgåvene til mobbeombodet er å støtte og rettleie barn, elevar og foreldre i saker om psykososialt miljø, jobbe førebyggande med informasjon og opplæring til barn, elevar og foreldre og skape dialog og bidra til god tverrfagleg oppfølging etter at saker er handtert. Du kan lese meir om mobbeombodet her

Elev- og lærlingombod

Elev- og lærlingombodet er til for å sikre unge sine rettar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Ombodet skal hjelpe elevar og lærlingar om dei har spørsmål eller utfordringar knytt til vidaregåande opplæring på skole eller i bedrift. Elev-og lærlingombodet er mobbeombod for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring. Dette er eit gratis og uforpliktande tilbod for alle i vidaregåande opplæring. Du kan lese meir om elev-og lærlingombodet her

Begge omboda ligg administrativt i organisasjonsavdelinga.

Økonomi

Utdanningssektoren hadde ei samla driftsramme på 1,758 mrd. kroner, der 1,389 mrd. kroner var lønn (inkl. sosiale utgifter) til tilsette i sektoren. Totalt har sektoren eit samla mindreforbruk på 44,3 mill. kroner. Dei vidaregåande skolane hadde eit samla mindreforbruk på 36,1 mill. kroner, men fire av 23 vidaregåande skolar hadde eit meirforbruk. Fagskolane inkludert fagskolestyret hadde eit mindreforbruk på 1 mill. kroner. Når det gjeld dei andre rammene under utdanning, viser vi til rekneskapen for detaljar.

Satsingsområde i 2019

Vi skal:

  • Arbeide for at fleire av vg2-elevane som søker får læreplass. Målet for 2019 er at fleire enn 72 prosent av søkarane får læreplass. Det langsiktige målet er 90 prosent.
  • Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Målet er at 79 prosent av dei som startar vidaregåande opplæring skal ha gjennomført med studiekompetanse eller fagbrev i løpet av 5 år.
  • Indikatoren for rapportert mestring i elevundersøkinga skal vere 4 eller høgare og for trivsel 4,2 eller høgare (på ein skala frå 1 til 5 der 5 er best).
  • Indikatoren for elevdemokrati og medverknad i elevundersøkinga skal vere 3,5 eller høgare (på ein skala frå 1 til 5 der 5 er best).
  • Oppretthalde og vidareutvikle eit godt fagtilbod ved fagskolane våre og arbeide for å styrke rekrutteringa av studentar.