ÅRSRAPPORT 2018

Tannhelse

Den offentlege tannhelsetenesta driv helsefremmande og førebyggande arbeid. Vi gir gratis tannbehandling til

  • barn og unge
  • psykisk utviklingshemma
  • eldre
  • og uføre i institusjon og heimesjukepleie og
  • personar i kommunal og statleg rusomsorg.

Kort oppsummert

  • Vi har hatt tilsyn med og gitt tannbehandling til 72 474 innbyggarar.
  • Vi har innført nye rutinar for samarbeid mellom tannhelsetenesta og barnevernstenesta for å avdekke omsorgssvikt hos barn og unge
  • Vi har revidert samarbeidsavtalen med helsestasjonar, skolehelsetenesta og helsestasjon for ungdom
  • Vi har utdanna 17 nye tannhelsesekretærar i samarbeid med Borgund VGS gjennom eit samlingsbasert og komprimert utdanningsløp for elevar med vaksenrett.
  • Vi har etablert Kristiansund Kjeveortopedisk klinikk.
  • Vi har hatt leiaropplæring for alle klinikkleierarane.

Aktivitetar og resultat

Vi skal styrke innsatsen for pasientgruppene med rettar etter tannhelselova.
Der legg vi vekt på:

  • Kvalitet og pasientsikkerheit
  • Robuste kompetansemiljø
  • Ei berekraftig klinikkorganisering
  • Folkehelsearbeid og samhandling med kommunane
50 495 barn og unge opp til 18 år fekk tannbehandling 2018

God kvalitet og pasienttryggleik

Prioriterte grupper er barn og unge, ungdom, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og i heimesjukepleie. I 2018 var 72 474 personar under tilsyn av den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal. Dette utgjer 28 prosent av alle innbyggarane i fylket. Den største gruppa er barn og unge opp til 18 år, med 50 495 personar, som gir ein dekningsgrad på 98 prosent. Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og i heimesjukepleie under tilsyn utgjer 5 610 personar. Eldre og uføre i institusjon har ein dekningsgrad på 88 prosent i 2018, medan 78 prosent av eldre i heimesjukepleie er under tilsyn. Av totalt 1 056 personar med psykisk utviklingshemming over 18 år, var 1 014 under tilsyn i 2018. 9 927 vaksne, betalande pasientar nytta også den offentlege tannhelsetenesta.

Innkallingsintervalla er basert på eit individuelt behandlingsbehov. I snitt er det 18 månader mellom kvart besøk barn og unge har på tannklinikken. Risikopasientar blir kalla inn på tannklinikken hyppigare for oppfølging.

Karies blir brukt som indikator for å synleggjere tannhelstilstanden. 94 prosent av 3-åringane og 83 prosent av femåringane i fylket er heilt utan karies i 2018, noko som er litt betre enn landsgjennomsnittet. Både for 12- og 18-åringane er tala for fylket dårlegare enn for landet elles. 52 prosent av tolvåringane var utan karies i 2018, medan landsgjennomsnittet ligg på 60 prosent. Blant 18-åringane er det 21 prosent som ikkje har karieserfaring, mot landsgjennomsnittet som for 2018 var 27 prosent. Også her i fylket har det vore ei betring i tala for 18-åringane dei siste åra som mellom anna kan bli relatert til målretta kantinesatsing i dei vidaregåande skolane.

Tabellen viser kor mange prosent som er utan erfaring med karies.

Attraktive fagmiljø med høg fagleg standard

Vi hatt om lag 30 tilsettingar i 2018, og opplever stor turnover og mobilitet i stillingane. Nyutdanna tannhelsepersonell ønsker eit fagleg og sosialt arbeidsfellesskap, og det blir stadig meir utfordrande å rekruttere til stabilitet i ein tenestestruktur med mange små klinikkar.

Dyktige leiarar på alle nivå i tannhelsetenesta blir viktig for å løyse samfunnsoppdraget i lys av endrings- og utviklingsbehovet tenesta står framfor. Alle klinikkleiarane har vore gjennom leiaropplæring i 2018. tema har vore kva leiarrolla inneber og kva leiaråtferd som utviklar gode mellommenneskelege relasjonar

Kvalitativt gode og stabile tannhelsetenester innafor rimeleg reiseavstand

Ålesund kompetanseklinikk er stort sett ferdigstilt i 2018, og vil blir sett i drift i mars 2019. Klinikken vil ha kompetanse på dei fleste felt innan tannmedisin.

Det kjeveortopediske tenestetilbodet på Nordmøre er styrka gjennom etablering av Kristiansund Kjeveortopedisk klinikk i 2018. Nyutdanna kjeveortoped er tilsett og det er inngått driftsavtale med privatpraktiserande.

Det er i 2018 gjort vedtak om samanslåing av seks klinikkeiningar til tre større klinikkar. Dette for å styrke rekrutteringskrafta og sikre pasientane eit stabilt tilbod.


Vi utdanna 17 nye tannhelsesekretærar i 2018

Samarbeid og utvikling av gode løysingar for å sikre måla i folkehelsearbeidet

Eit godt tenestetilbod som tek vare på lovkrav og helsepolitiske mål er avhengig av eit nært og forpliktande samarbeid mellom fylkeskommune og kommunale tenester. Samarbeidet kan best sikrast gjennom avtaler mellom partane om fordeling av ansvar og oppgåver og systematisk kunnskapsoverføring. Fylkeskommunen har over fleire år jobba målretta med å få eit nært og forpliktande samarbeid mellom fylkeskommune og kommunale tenester. I 2018 fekk vi samarbeidsavtalar med barneverntenesta i kommunane for å avdekke omsorgssvikt hos barn og unge. Vi også revidert ein samarbeidsavtale med helsestasjonstenesta, som no er utvida til også å gjelde skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom. Den oral-helsefaglege undervisninga tannhelsetenesta har i vidaregåande skolar er formalisert, og tannhelsetilbodet til flyktningar, asylsøkarar og familiegjenforeinte er også revidert i 2018.

Tidlegare er det etablert samarbeid om

  • kompetanseoverføring innan pleie- og omsorgtenester for eldre pleietrengande
  • helsestasjonstenesta for barn
  • undervisningsopplegg for ungdomsskole og vidaregåande skole
  • tannhelsetilbod til personar med utviklingshemming
  • rusmisbrukarar under kommunal omsorg.

Det utoverretta og førebyggande tannhesearbeidet utanfor klinikkane, i hovudsak utført av tannpleiarane, har auka frå 1 127 timar i 2017 til 1 872 timar i 2018.

Økonomi

Tannhelse har i 2018 ei samla driftsramme på 144, 5 mill. kroner og eit meirforbruk på 5,3 mill. kroner. Dei økonomiske rammene inneber ei underfinansiering av tenestene og gjer det nødvendig å halde stadig fleire årsverk med behandlarar vakante. Meirforbruket skuldast i hovudsak at det er tilsett for mange behandlarar. Ein annan forklaringsfaktor er lågare honorarinntekter som følge av at mange av behandlarane er nytilsette. For å sikre kvalitet og pasientsikkerheit med dagens økonomiske rammer, er det nødvendig å halde fram arbeidet med strukturendringar og samanslåing av klinikkar.

Satsingar i 2019

  • Halde fram arbeidet med organisasjonsutvikling og strukturendringar. Vurdere konsekvensen av å slå saman klinikkar og innarbeide dette i økonomiplan 2020-2023.
  • Redusere ventelistene for behandlinga av TOO-pasientar (tannbehandling for torturofre, overgrepsofre og personar med odontofobi) ved å etablere eit tverrfagleg behandlarteam og tilsette psykolog.
  • Utvikle eit tverrfagleg samarbeid med Barnehuset i Ålesund for å styrke innsatsen for barn og ungdom som kan ha vore utsett for, eller vitne til vald eller seksuelle overgrep.
  • Investere i to mobile behandlingseiningar i kvar kompetanseregion.
  • Auke talet på timar med førebyggjande arbeid utanfor klinikkane til minimum 1 500 timar.