ÅRSRAPPORT 2018

Samferdsel

Fylkeskommunen er største vegeigar i fylket. Dette inneber drift og vedlikehald av fylkesveg, tunnelar, bruer og ferjekaier. Vi har også ansvar for buss, hurtigbåt og ferje i fylket gjennom kollektivtilbodet FRAM med over 20 mill. kollektivreiser i året.

  • 3100 kilometer fylkesveg
  • 61 tunnelar
  • 1100 bruer
  • 57 ferjekaier
  • 20 ferjesamband
  • 5 hurtigbåtsamband
  • 180 bussruter og bestillingstransport

Kort oppsummert

  • Nordøyvegen vart vedtatt i fylkestinget
  • Ny skoleskyssportal vart tatt i bruk skoleåret 2018/2019
  • Stortinget har vedtatt at delar av SAMS vegadministrasjon skal overførast til fylkeskommunane
  • Fylkeskommunen var ein av vinnarane av Samferdselsdepartementet sin konkurranse «Smartere Transport i Norge». Prosjektet fekk tildelt 12,5 mill. kroner.

Aktivitetar og resultat

Kollektivtransport

For å gjere informasjon om kollektivtransporten i fylket lettare tilgjengelig for dei reisande vart sanntidsinformasjon levert på alle bussar i Kristiansund, Molde og Ålesund. Alle skjermar som gir ruteinformasjon rundt om i fylket vart erstatta av responsive skjermar og arbeidet med å levere QR- kodelesarar på buss og hurtigbåt vart starta.

I mai starta det opp eit utvida busstilbod for kommunane Ålesund, Giske og Sula. Framover vil tilbodet i Kristiansund og Molde bli prioritert.

Det har blitt jobba med ny takst- og sonestruktur for buss. I arbeidet med ny takststruktur har vi sett på kva konsekvensar det vil ha for fylkeskommunen å redusere talet på takstsoner, tilsvarande det fleire andre fylke har gjort.

Fylkeskommunen oppretta fleire FRAM Flexx-ruter, mellom anna på Smøla og i Ytre Fræna, der drosje no blir brukt i staden for buss. Dette er med på å auke køyregrunnlaget for distriktsdrosjene.

Frå skoleåret 2018/2019 gikk vi over til eit nytt elektronisk system for registrering av skoleskysselevar. Skoleskyssportalen behandlar all skoleskyss for elevar, skolar og operatørar.

Travel like the locals fortsatte utviklinga frå 2017. Om lag 8000 turistar reiste med forhandskjøpt billett rundt om i fylket, ei auke på 23,25 prosent frå 2017. Samarbeidet med Gurisenteret vart vidareført og har gitt gode resultat. Salet av billettane som kombinerte inngang til Fru Guri av Edøy og transport til og frå Smøla auka med 59 prosent frå 2017.

I 2018 vart det starta opp eit utviklingsprosjekt for datavarehus/ BI- system. Målet er å kunne behandle dei store datamengdene vi har, slik at dei på best mogeleg måte kan brukast til å utvikle kollektivtrafikken i fylket. Det vart også starta opp eit forprosjekt for å sjå på moglegheitene innan transport til og frå lege, sjukehus og helseinstitusjonar.

I 2018 hadde frammr.no 6,5 millionar besøk

Ferjedrifta

I 2018 vart kontrakter for ferjesambanda på Indre Sunnmøre, «Romsdalspakken» og «Nordmørspakken» signert. Sju av dei tolv sambanda vil få satt inn elektriske ferjer når dei nye kontraktane starter opp. Fylkeskommunen har saman med Vestlandsrådet fått utarbeidd ein rapport som viser overføringar og kostnader knytt til ferjedrift og drift og investeringar i ferjekaier. Rapporten vart presentert for kommunalkomiteen på Stortinget.

Vegdirektoratet gjennomførte ei høyring om forslag til ny nasjonal ferjestandard. Det nye forslaget vil bli brukt i den såkalla «ferjenøkkelen» ved revidering av inntektssystemet frå 2020. Møre og Romsdal Fylkeskommune har ikkje vidareført arbeidet med eigen ferjestandard.

Hausten 2018 vart det lagt fram ei sak om AutoPASS-regulativet til samferdselsutvalet. Saka omhandla konsekvensar for brukarane og for fylkeskommunen sine inntekter. Regulativet vart sendt ut på høyring til kommunar og andre interessentar. Det har blitt jobba vidare med å finne løysingar for å få på plass eit ferjesamband mellom Aure og Hitra. Frå 1.juli fekk el-bilar igjen redusert takst på fylkesvegferjesambanda i fylket.

Transportsystemet

Vedlikehaldsetterslepet er framleis den største utfordringa på vegnettet. I 2018 vart det gjennomført eit eige program for å forsterke utvalde strekningar.

Nordøyvegen vart vedtatt på fylkestinget i desember og kontrakt med entreprenøren vart signert. Arbeidet med forskjeringane for rassikringsprosjektet Korsmyra/Indreeide vart starta, og det vart gjennomført ein del mindre utbetringstiltak på bruer rundt om i fylket.

Bypakke Ålesund måtte gjennom ein ny prosess i den administrative arbeidsgruppa på grunn av vedtak om å legge inn Brosundtunnelen i bypakka. Ny politisk behandling av bypakka vil skje våren 2019.

Visste du at vi har 3100 kilometer med fylkesveg?

Miljø og klima

For å kunne nå fylkeskommunen sitt overordna mål om 10 prosent reduksjon i klimautslepp innan 2020, i forhold til i 2009, har det blitt arbeidd med å utvikle ein ny metodikk for anbodsarbeid innan buss, båt og ferje.

Ferjedrifta i fylket har størst potensial for å redusere klimagassutslepp. Figuren over viser energibehovet (i prosent) for dei ulike ferjesambanda.

Miljøkrava i dei nye ferjekontraktane gjer at fylkeskommunen har ein reduksjon på om lag 36.000 tonn CO2 årleg når dei nye ferjene er i trafikk.

ENOVA har gitt tilsagn om støtte til ladeinfrastrukturen for el- ferjer for Sulapakken, Nordmørspakken, Romsdalspakken og Indre Sunnmøre.

Trafikktrygging

Furneskrysset og gang- og sykkelvegen mellom Amdam og Giskemo vart ferdigstilt. I begge prosjekta har kommunane har forskotert anleggskostnaden.

Trafikktryggingsarbeidet følgjer nasjonale og regionale føringar retta mot barn og ungdom under 16 år, ungdomsulykker og styrking av trafikktryggingsarbeidet. Eksempel på tiltak som vart gjennomført i 2018 er kampanjen «Barn i bil» og prosjektet Team#, som rettar seg spesifikt mot ungdom.

Økonomi

I 2018 brukte vi om lag 1,6 mrd. kroner til drift av kollektivtrafikken og fylkesvegane i Møre og Romsdal.

Kollektivtrafikk

Fylkesvegferjer 469 mill. kroner
Bussdrift 377 mill. kroner
Hurtigbåtar 116 mill. kroner
Totalt 961 mill kroner

I tillegg har fylkeskommunen om lag 488 mill. kroner i inntekter som i stor grad blir brukt til kollektivtenester.

Fylkesveg

Drift av fylkesvegar kosta vel 499 mill. kroner. Dette er fordelt på drift og vedlikehald.

På vedlikehald gjekk 79 mill. kroner til dekkelegging og oppmerking, vel 36 mill. til bru og ferjekai.

Det vart brukt om lag 741 mill. kroner til investering på samferdselsområdet. Det aller meste er knytt til fylkesvegar (nybygg/rehabilitering, rassikring og Nordøyvegen).

Satsingar i 2019

  • Nordøyvegen
  • Anbodsprosessar knytt til ferje og buss, samt arbeid knytt til oppstart av nye ferjekontraktar frå 2020.
  • Nytt rutebilanbod i Ålesund, Sula og Giske
  • Marknadstilpasning av kollektivtrafikken
  • Prosjektet «Smartere Transport i Norge»
  • Prosjektet «Nye løysingar for bygging og vedlikehald av bruer»
  • Skredsikring