ÅRSRAPPORT 2018

Plan og analyse

Fylkeskommunen har som oppgåve å styrke den heilskaplege samfunnsplanlegginga i fylket. Vi leier arbeidet med regional planstrategi og fylkesplanen. Andre oppgåver er planrettleiing etter plan- og bygningslova, karttenester, statistikk og analyse.

Kort oppsummert

  • Vi har i 2018 svart på 1 165 kommunale plansaker
  • Vi har i 2018 gitt ut publikasjonane Fylkesstatistikk og kommunestatistikk, samt tre fagnotat (Barn og unge, Flyttestraumanes betydning og Eldre).
  • Karttenesta Gislink er fornya og forbetra
  • Bringa Campus Kristiansund eit godt steg nærare realisering
  • Starta opp prosjektet Møre og Romsdal 2025 og skaffa kunnskapsgrunnlag om regional samhandling

Aktivitetar og resultat

Regional planlegging

Fylkeskommunen har starta arbeidet med ny regional planstrategi og fylkesplan. Oppstartvarsel og planprogram vart lagt fram for fylkesutvalet i februar 2019. Vi deltek i KS sitt pilotprosjekt om utvikling av rolla som regional planmynde, prosjektet går ut 2020. Ei prioritert oppgåve i 2018 har vore å få integrert handlingsprogramma for fylkesplanen, og dei andre regionale planane, i økonomiplanen med budsjett. Frå 2019 har vi samla plan- og budsjettarbeidet i ein prosess og eit dokument. Du kan lese meir om regional planlegging her.

Visste du at vi behandla 1165 plansaker i 2018?

Planbehandling

I 2018 vart det behandla 1 165 saker

  • 345 reguleringsplanar
  • 66 kommuneplanar/-delplanar
  • 2 kommunale planstrategiar
  • 742 dispensasjonssaker

Av dispensasjonssakene var det 354 som gjaldt byggjeforbodet i strandsona. Blant dei store plansakene var til dømes felles sjøarealplan for Nordmøre, arealdelar i Skodje og Smøla, og kommuneplanens samfunnsdel i nye Hustadvika kommune. Det er ei markant auke i talet på dispensasjonar.

Det vart reist motsegn til 44 av plansakene. Det viktigaste grunnlaget for motsegner er framleis omsynet til

  • kulturminne (31)
  • omsynet til barn og unge (19)
  • planfaglege manglar (22)

Det kan vere fleire motsegner i same sak. Ingen av sakene gjekk til mekling hos fylkesmannen. Alle motsegnssaker er løyst eller framleis i prosess. Tolv av dispensasjonssakene vart påklaga. Omsynet til kulturminne og til barn og unge var viktigaste grunnar for klage.

Det vart gjennomført fire samlingar i regionalt planforum, og ei samling for dei tre regionale plannettverk. I tillegg arrangerte vi saman med Fylkesmannen regional plan- og byggesakskonferanse, og saman med Ørsta kommune arrangerte vi ein konferanse om universell utforming. Vi har vore pådrivarar for og bidratt i KMD sitt arbeid med revidering av rettleiaren «Barn og unge og planlegging etter plan- og bygningsloven». Vi har og hatt ei samling for alle som er utpeika til barn- og unges representant i kommunane.

Arbeidet med samordna klima-, areal- og transportplan for Ålesundsregionen er kome i gong. Prosjektleiar er tilsett, og det blir arbeidd med planprogrammet.

Du kan lese meir om kommunal planlegging her.

Visste du at Gislink hadde opptil 550 000 klikk per veke i 2018?

Regional statistikk og analyse

Vi utarbeider og formidlar statistikk om samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Denne blir nytta som kunnskapsgrunnlag til politiske vedtak, både i fylkeskommunen og i kommunane. Vi gir underlag til konkrete saksframlegg, planar og presentasjonar og leverer dei faste publikasjonane Fylkesstatistikk og Kommunestatistikk. I 2018 har vi i tillegg laga tre fagnotat:

  • Barn og unge
  • Flyttestraumanes betydning
  • Eldre

Avdelinga støttar fagavdelingane i bruken av eigne data, vi hjelper til ved bestilling av eksterne utgreiingar og gjennomførte om lag 30 questbackundersøkingar i 2018.

Vi formidlar også regionale utviklingstrekk i innleiingar og foredrag på ulike regionale og nasjonale konferansar og møte. Samla har avdelinga halde rundt 70 foredrag i 2018. Avdelinga har også teke ei leiarrolle i vidareutvikling av fagnettverk for statistikk og analyse for fylkeskommunane. På nettsidene til plan- og analyse finn du statistikk om viktige utviklingtrekk i kommunane i Møre og Romsdal.

Karttenester/GisLink

Kartportalen GisLink er ein av fylkeskommunen sine mest nytta nett-tenester og kartdata. I 2018 vart Gislink totalt fornya. Vi har levert online karttenester til kartlegging av friluftsområder i fleire kommunar, og fleire karttenester i samband med ruteplanlegging. Vi har også levert bidrag til utvikling av ny skoleskyssportal, FramFlexx og til planlegging av kollektivtrafikken generelt. Du kan lese meir om samordna kart- og fagdatateneste her.