ÅRSRAPPORT 2018

Kultur

Vi jobbar for eit aktivt kulturliv og ei god folkehelse i Møre og Romsdal. Sentrale fagområde er bibliotek, kulturvern, folkehelse og fysisk aktivitet, kulturformidling, frivillig sektor og kreative næringar.

Kort oppsummert

  • Kick-off for verdiskapingsprogrammet Ein bit av historia med 140 deltakarar
  • Vi har vedtatt beredskapsplan for kartlegging og sikring av arkeologiske funn i snøfonner ved sterk snøsmelting
  • Vi har vedtatt Kunstpolitikk for Møre og Romsdal som skal gi retning på arbeidet med dei profesjonelle kunstfelta
  • Vi har vedtatt å søke om å bli programfylke for folkehelsearbeid i kommunane for å bygge meir kunnskap om psykisk helse og rusførebygging

Resultat og aktvitetar

Eit relevant og representativt kulturliv for alle

I 2018 har vi jobba for at fleire skal kunne delta i kulturlivet. Gjennom dialog, kurs og konferansar har vi samhandla tett med aktørane kulturlivet og delt ut økonomisk støtte gjennom ulike tilskotsordningar. Vi behandla 1250 søknadar innan 22 ordningar. Mellom anna fekk 120 organisasjonar driftstilskot. Midlane bidreg til å utvikle aktivitet og inkluderande lokalsamfunn. I alt er det delt ut 190 mill. kroner.

Gjennom Kultursekken har 54 000 barn og unge i grunnskule og vidaregåande skule fått møte profesjonelle utøvarar med ulike kulturelle uttrykk. Det er også brukt 2 mill. kroner på å gi eldre kulturopplevingar gjennom ordninga Den kulturelle spaserstokken. Kulturrabatt for unge har gitt unge mellom 15 og 20 år minst 25 prosent avslag på kulturopplevingar. I 2018 vart det seld 17 500 billettar med kulturrabatt.

Vi har prøvd ut nye aktivitetar som skal styrke biblioteka sin posisjon som møteplass og arena for inkludering av nye grupper. To Makerspace-pilotar er sett i gang, i Vestnes bibliotek og i Ålesund bibliotek, på vegner av biblioteka i Nye Ålesund. Makerspace vert ofte forklart med skaparverkstad. Vi har også delt ut midlar til Molde bibliotek som skal prøve ut Fleirkulturell vert og auke bruken av frivillige.

Sju kunstnarar fekk tildelt kunstnarstipend. Det er også tildelt reisestipend for profesjonelle kunstnarar og stipend for husflid og handverk. Stipenda er ei prøveordning og ei oppfølging av kunstpolitikken som vart vedtatt i fjor.

54 000 barn og unge har fått tilbod gjennom Kultursekken

Mangfald og inkludering for god folkehelse

Gjennom pilotprosjektet LIM ((Likeverd, inkludering og mangfald) har vi jobba med frivillig sektor for å stimulere til engasjement og mangfald i kulturlivet og folkehelsearbeidet. VOFO (Voksenopplæringsforbundet) har fått ansvar for drifta og har tatt over behandling av tilskotsordninga Prosjekt frivillig fleirkulturell verksemd i perioden 2018-2020.

I 2018 vart det nasjonale treårige prosjektet Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse avslutta. Prosjektet har mellom anna bidratt til at det er lettare å sjå samanhengar i det lokale folkehelsearbeidet og auka kunnskap om kva som skaper trivsel og livskvalitet i nærmiljøet.

Vi vedtok å søke om deltaking i det nasjonale folkehelseprogrammet. Det nye programmet har barn og unge og psykisk helse som tema. Samarbeid med kommunane vil vere sentralt, og programmet går til 2024.

Idrett og friluftsliv

I 2018 delte vi ut 81,5 millionar kroner i spelemidlar til 118 anlegg for fysisk aktivitet og tre kulturbygg, for å styrke deltaking både i den organiserte og i den uorganiserte aktiviteten.

For å hindre fråfall i fritidsaktivitetar, tok vi initiativ til prosjektet Jenteløftet. Morotur.no utviklar meir brukarvenlege nettsider og gjer datasett tilgjengeleg for andre. I tillegg er StikkUt-turane i 15 kommunar omsett til engelsk.

Renovasjon, vedlikehald og skjøtsel av offentleg eigde friluftsområde langs kysten er primæroppgåvene til Skjærgårdstjenesten som no er under etablering i fylket. Dei skal også drive informasjons- og haldningsskapande arbeid og utføre oppsynsoppgåver.

Visste du at vi delte ut 81,1 millioner i spelemidlar i 2018?

Kulturarven som verdiskapar

I 2018 sette vi i gang Ein bit av historia, som har som mål å auke verdiskapinga langs dei historiske ferdselsårene Den Trondhjemske Postveg og pilegrimsleiene. Prosjektet skal gå over ti år, og satsingsområda er digitalt formidlingsunivers, forsking og innovasjon og stads- og næringsutvikling. Kick-offen trekte 140 deltakarar.

Vi vedtok også ein beredskapsplan for kartlegging og sikring av arkeologiske funn som dukkar opp i snøfonner ved sterk snøsmelting. Fonnefunn er eit tverrvitskapleg forskingsfelt, og vi har fått gode tilbakemeldingar på arbeidet frå ulike forskingsmiljø, på tvers av landegrenser og fagfelt. Gjennom prosjektet Dig-it har vi blitt med i eit større, nasjonalt forskingsprosjekt (ADED) om framtidige løysingar for dataflyt og integrasjon. Her har vi hatt stor innverknad på nasjonale prosessar.

Økonomi

Netto driftsramme til kultur var på 130,5 mill. kroner. Av desse var 89,143 mill. kroner brukt til kulturtilskot. I tillegg til driftsramma forvalta avdelinga statlege verkemiddel på 110 mill. kroner til regionalt utviklingsarbeid i 2018. Mellom anna:

  • 96,7 mill. i tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, lokale kulturbygg, Kultursekk i grunnskule og vidaregåande skule.
  • 5,8 mill. til tilrettelegging og sikring av friluftsområde
  • 7 mill. kroner til fredag bygg og anlegg og verdsarv
  • 0,5 mill. kroner i mindre prosjekttilskot

I tillegg har avdelinga inntekter knytt til Kultursekken, Møremusikarordninga og arkeologi på omlag 16,2 mill. kroner.

Satsingar i 2019

Vi skal

  • vedta Ung Kulturkonvensjon
  • kartlegge tilstanden til Den Trondhjemske Postveg (Ein bit av historia)
  • vedta ny politikk for spelemiddelfinansierte anlegg for idrett og friluftsliv
  • tildele tilskot til lokale og regionale kulturaktørar
  • utvikle nye arbeidsmetodar og tenester for inkludering og mangfald i deltaking i kunst- og kulturliv (Publikumsutvikling 2019-2020)