ÅRSRAPPORT 2018

Ung i politikken

Ungdommens fylkesting

Kvar haust blir det arrangert ungdommens fylkesting (UFT). UFT er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterer viktige saker som gjeld ungdom i fylket. Kvar kommune er representert med to ungdomsrepresentantar. Vedtak fatta av UFT er viktige og retningsgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ungdommens fylkesting skal gi ungdom meir innflytelse, opplæring i kvar dei kan delta i demokratiske kanalar og bidra til å auke ungdom sitt samfunnsengasjement.

Ungdomspanelet

Under Ungdommens fylkesting blir det valt eit nytt ungdomspanel (UP). Dette er UFT sitt arbeidsutval som jobbar mellom kvart fylkesting. UFT lagar eit handlingsprogram som ungdomspanelet skal arbeide med det kommande året. Ungdomspanelet har ni faste og fem varamedlemmar.

Ungdomspanelet 2018/2019

  • Urtė Karanauskaitė, leiar
  • Ole August Iversen, nestleiar
  • Thea Elise Gråberg, medlem
  • Joakim Myklebost Tangen, medlem
  • John Salthammer, medlem
  • Hedda Haugen, medlem
  • Silje Sandøy Husøy, medlem
  • Ole Stensby, medlem
  • Lene Vadseth Larsgård, medlem
  • Sigurd Farstad, vara
  • Ester Annie Brende,vara
  • Jonas Skogtrø Olsen, vara
  • Erica Ruiz Solhjem, vara
  • Andrea Kjellstad, vara
fv. :Silje Sandøy Husøy, Lene Vadseth Larsgård, John Salthammer, Urtė Karanauskaitė, Sigurd Farstad, Hedda Haugen og Erica Ruiz Solhjem. Bak f.v. Andrea Kjellstad, Joakim Myklebost Tangen, Jonas Skogtrø Olsen, Ole Stensby, Thea Elise Gråberg, Ester Annie Brende og Ole August Iversen.