ÅRSRAPPORT 2018

Politiske møte

Møre og Romsdal fylkeskommune sitt øvste politiske organ er fylkestinget.

  • Det vart gjennomført fire fylkestingssamlingar i 2018. Her vart det behandla til saman 69 saker.
  • Fylkesutvalet, som er fylkestinget sitt arbeidsutval, hadde 15 møte og behandla 114 saker.

I tillegg har det vore mange orienteringar frå bedrifter, organisasjonar og kompetansemiljø i Møre og Romsdal.

Fylkeskommunen har fire hovudutval, to plannemnder og seks rådgivande utval.

Fylkesting, fylkesutval og hovudutval

Utval Tal på rep. Leiar
Fylkestinget 47 Jon Aasen (Ap)
Fylkesutvalet 13 Jon Aasen (Ap)
Klagenemnda 13 Jon Aasen (Ap)
Kontrollutvalet 5 Anders Riise (H)
Kultur- og folkehelseutvalet 11 Marit N. Krogsæter (Sp)
Regional- og næringsutvalet 11 Runar Vestheim (uavh.)
Samferdselsutvalet 11 Kristin Sørheim (Sp)
Utdanningsutvalet 11 Bjarne Storfold Elde (Ap)

Rådgivande utval

Utval Tal på rep. Leiar
Ungdommens fylkesting 72 Urtė Karanauskaitė
Ungdomspanelet 9 Urtė Karanauskaitė
Fagskolestyret 7 Bjarne Storfold Elde (Ap)
Eldrerådet 7 Jon Skarvøy
Rådet for likestilling av funksjonshemma 9 Monica Molvær (H)
Plannemnd for byggjeprosjekt 3 Charles Tøsse (H)
Plannemnd for samferdselsutbygging  3 Frank Sve (FrP)
Yrkesopplæringsnemnda 10 Elin Ous (NHO)
Fylkestrafikktryggingsutvalet  5 Iver Nordseth (V)

Oversikt over aktivitet 2017-2018

  Møte 2018 Saker 2017 Saker 2018 Utgifter 2017 Utgifter 2018
Fylkestinget 9 76 69 13798 13608
Fylkesutvalet 15 130 114 * *
Klagenemnda 7 22 14 * *
Kontrollutvalet 8 63 74 339 362
Kultur- og folkehelseutvalet 8 39 67 1066 944
Regional- og næringsutvalet 9 96 82 1154 1103
Samferdselsutvalet 10 71 84 1498 1588
Utdanningsutvalet 8 48 41 1118 989
Ungdommens fylkesting 3 16 13 971 1003
Ungdomspanelet 16 33 37 ** **
Fagskolestyret 6 15 20    
Eldrerådet 5 21 16 353 304
Rådet for likestilling av funksjonshemma 5 27 18 470 430
Plannemnd for byggjeprosjekt 2 19 6 389 421
Plannemnd for samferdselsutbygging  8 9 12 385 426
Yrkesopplæringsnemnda 6 15 21 187 255
Fylkestrafikktryggingsutvalet  4 14 14 340 310
Saker= ordinære saker, ikkje referatsaker
Utgiftene er oppgitt i 1000 kroner
* Fylkesting + fylkesutval + godtgjersle fylkesordførar, fylkesvaraordførar og andre medlemmar + representasjon
** Ungdomspanelet + arrangering av Ungdommens fylkesting + Ungdomsmidlane (250 000 kr)

Vestlandsrådet

Møre og Romsdal fylkeskommune har utført sekretariatsfunksjonen for Vestlandsrådet i 2018. Vestlandsrådet består av dei fire vestlandsfylka:

  • Rogaland
  • Hordaland
  • Sogn og Fjordane
  • Møre og Romsdal

Dei fire fylka bytter på å ha ansvaret for sekretariatet. Årsrekneskapen er no avslutta, og ubrukte midlar skal overførast til neste års sekretariatsfylkeskommune. Les meir om Vestlandsrådet her