ÅRSRAPPORT 2018

Oppreisingsordningar

Fylkesrådmannen har administrert to oppreisningsordningar dei siste tre åra, begge avslutta i 2018. Totalt har oppreisningsutvalet gjennomført 12 møte i perioden. Fire av desse møta vart haldne i 2018.

Tidlegare barnevernsbarn

Oppreisningsordning for tidlegare barnevernsbarn starta opp i 2016 og varte i tre år, til og med 2018. Her er det til saman behandla 31 søknader, 7 av desse i 2018. Dette prosjektet var eit samarbeid mellom fylkeskommunen og 30 av kommunane i fylket.

Barn og unge som vart behandla for tuberkulose

Den andre ordninga er Oppreisningsordning for barn og unge som vart behandla for tuberkulose i Møre og Romsdal. Denne starta 2017 og vart avslutta i 2018. Her er det behandla til saman 20 søknader, derav 13 søknader i 2018.