ÅRSRAPPORT 2018

Bygg og eigedom

Møre og Romsdal fylkeskommune eig 218 590 m2 bygningsmasse fordelt på 165 bygningar. I hovudsak er dette bygningsmasse knytt til vidaregåande skolar. I tillegg leiger fylkeskommunen mykje areal knytt til tenesteproduksjon innanfor kultur, utdanning, tannhelse og samferdselsektoren. Bygg- og eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av den fylkeskommunale bygningsmassen. Du kan lese meir i Bygg og eigedom sin eigen årsrapport her

Dei fylkeskommunale skolebygga

Dei siste åra har det blitt gjennomført tilstandsregistreringar på dei fylkeskommunale skolebygga. Tilstandsregistreringa viser at dei fleste bygga har ein god standard, men at nokre bygg er i svært dårleg tilstand. Alle dei dårlegaste bygga ligg inne på det ti-årige investeringsprogrammet til fylkeskommunen.
Du kan lese meir om forvaltning av eigedomsmassen i Eigedomsstrategien

Skolar med areal over 1500 m2

Skolane med dårlegast teknisk tilstandsgrad

Dei fylkeskommunale skolebygga er fordelt på tre bygningskategoriar for å sikre at vedlikehaldsmidlane blir disponert optimalt.

  • A-bygg er bygg det er planlagt omfattande ombyggings- eller rehabiliteringstiltak på innan relativt kort tid.
  • B-bygg er bygg vi skal behalde over tid, og derfor vil det bli gjennomført verdibevarande vedlikehald på desse bygga.
  • C-bygg er bygg som skal rivast eller avhendast.

Tilstandsregistreringa viser eit vedlikehaldsbehov på ca. 229 mill. kr dei neste 5 åra, på bygg der vi skal gjennomføre verdibevarande vedlikehald.

Behov dei neste 0-5 åra og 5-10 år fordelt på bygningskategori

Byggkategori Samla VTTG Behov 0-5 år Behov 5-10 år Behov samla
A 1,64 133 mill. 153, 8 mill. 286,7 mill.
B 1,12 229, 2 mill. 502, 5 mill. 731,6 mill.
C 2,18 228, 7 mill. 228, 7 mill. 337,4 mill.
Ikkje satt 0,36 300 000 300 000 600 000
Totalt 1,29 591 mill. 765,3 mill. 1,3563 mrd.
Byggkategori Behov 0-5 år per BTA Behov 5- 10 år per BTA Behov samla per BTA
A 5 016 5 802 10 818
B 1 391 3 050 4 441
C 9 516 4 525 14 042
Ikkje satt 544 593 1 137
Totalt 2 739 3 546 6 285
Samla vekta tilstandsgrad og teknisk oppgraderingsbehov fordelt på bygningskategori

Byggeprosjekt som er vedtatt av fylkestinget og under bygging

Kvar Kva Areal BTA Totalt budsjett Rekneskap 2018 Totalt rekneskap
Romsdal vgs Nybygg i massivtre 12 400 m2 520 mill. kr 38,4 mill. kr 497,2 mill. kr
Spjelkavik vgs Tilbygg og rehabilitering 8 314 m2 225 mill. kr 57,4 mill. kr 190,3 mill. kr
Fagerlia vgs Nybygg 3 004 m2 146 mill. kr 15,3 mill. kr 38,2 mill. kr

ENØK-tiltak starta i 2018

Kvar Kva Totalt budsjett Rekneskap 2018
Kristiansund vgs LED armaturar 0,45 mill. kr 0,37 mill. kr
Molde vgs Fasaderehabilitering og etterisolering av A-bygget del 1 5,2 mill. kr 4,57 mill. kr
Molde vgs Fasaderehabilitering og etterisolering av A-bygget del 2 3,6 mill. kr 0 mill. kr
Rauma vgs Totalrehabilitering TIP-avdeling 6,3 mill. kr 6,3 mill. kr
Sunndal vgs Fasaderehabilitering og etterisolering del 1 6,4 mill. kr 6,35 mill. kr
Sunndal vgs Fasaderehabilitering og etterisolering del 2 2,0 mill. kr 1,93 mill. kr
Ulstein vgs SD-anlegg og jordvarme 4,9 mill. kr 4,37 mill. kr

Redusert energiforbruk i skolebygga

Det har blitt gjennomført mange ENØK-tiltak på dei fylkeskommunale skolebygga. Det gjer at det totale energiforbruket har blitt redusert med 18,2 prosent (5,62 Gwh) sidan 2009.