ÅRSRAPPORT 2018

Fylkesrådmannen har ordet

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. Foto: Terje Aamodt

På vei inn i det nye regionale terrenget

I 2018 leverte vi tenester til alle som bur og jobbar i Møre og Romsdal, kvar dag!

Visste du at våre tannlegar sa "gap opp" og behandla meir enn 72 000 pasientar dette året?

At rekordhøge 87 prosent av elevane gjennomførte skoleåret? At vi stod for over 20 millionar kollektivereiser og vi gav kunst og kulturopplevingar til 54 000 elevar?

Vi har jobba med samfunnsutvikling: Vi vann Samferdselsdepartementet sin konkurranse om smartare transport og fekk støtte frå Innovasjon Norge til å finne nye løysingar for bygging og vedlikehald av bruer. Vi inngikk nye ferjekontraktar som gjer at vi framover vil redusere om lag 36 000 tonn CO2 årleg. Vi fekk 14 millionar kroner frå EU for å utvikle gründertenesta i samarbeid med seks andre land. Vi starta opp i ei stor kultursatsing som skal bygge næring av kulturarva vår.

Eit kjenneteikn på utviklingsarbeidet er at vi nettopp tenker som ein gründer og spør oss sjølve: Korleis løyser vi denne og andre utfordringar? Eit anna kjenneteikn er samarbeid. For å utvikle regionen, har vi samarbeidd med kommunar, næringsliv, andre offentlege etatar og lag og organisasjonar, i ulike konstellasjonar.

Og det er i samarbeid med andre at ei krone blir til tre. Til dømes løyvde vi 23,6 mill. kroner frå Byutviklingsfondet til konkrete prosjekt i Ålesund, Molde og Kristiansund mot at byane sjølve bidrog med ein eigenandel. Denne tildelinga utløyste 49 mill. kroner frå andre samarbeidspartar til dei sama prosjekta.

Samarbeid er også avgjerande i det nye regionale terrenget som veks fram. Frå 2020 blir 19 fylke til 11 regionar. Medan andre fylke slår seg i hop, skal Møre og Romsdal bestå som eigen region. Korleis skal vi konsolidere oss, stå sterkt i oss sjølve? Då er det viktigare enn nokon gong å samarbeide.

I prosjektet Møre og Romsdal som region mot 2025, har vi saman med Fylkesmannen invitert regionale statsetatar og kommunane til eit samarbeid, for å bli betre koordinert i offentleg sektor. Saman skal vi bli ein sterkare utviklingsaktør for Møre og Romsdal.

Internt har vi starta arbeidet med å tilpasse oss nye økonomiske rammer, regionreforma og nye oppgåver som Stortinget har vedtatt. I prosjektet Omstilling av organisasjonen Møre og Romsdal fylkeskommune mot 2020 skal vi modernisere, effektivisere og profesjonalisere organisasjonen. Samtidig gjer vi oss klare til å ta over nye oppgåver og ta i mot over 120 nye kollegaer frå Statens vegvesen.

I 2018 var det særleg ei sak som fanga vår, innbyggarane, politikarane og media si merksemd, og som vekte eit ekstraordinært høgt engasjement, stor usemje og høg temperatur; Nordøyvegen.

Med 26 mot 21 stemmer vedtok Fylkestinget å halde fram arbeidet med å bygge vegar, tunnellar, bruer og skape fastlandssamband for fleire øyar i Haram og Sandøy.

Nordøyvegen er det største utbyggingsprosjektet for Møre og Romsdal fylkeskommune nokon gong. Det mest arbeidskrevjande og det mest kostnadskrevjande.

Så no løftar vi blikket. I 2019 skal vi fortsatt levere velferdstenester til innbyggarane våre og halde fram med å utvikle dette fylket som skal bli sin eigen region, i lag med alliansane og samarbeidspartnarane våre.

Ottar Brage Guttelvik, fylkesrådmann