ÅRSRAPPORT 2018

Utfordringar framover

Møre og Romsdal fylkeskommune vil ha store økonomiske utfordringar i åra som kjem. Vi har ambisjonar om å behalde dagens tenestenivå samstundes som vi planlegg ei dobling i gjelda vi sjølv må bære. Dette vil prege framtidsbildet og stramme inn handlingsrommet betydelig allereie i økonomiplan 2019-2022. Vi vil mest sannsynlig måtte jobbe med kontinuerlig forbetring av våre tenester for å oppretthalde den høge kvaliteten med mindre ressursar.

Dei viktigaste utfordringane kan vi summere opp slik:

  • Utbygginga av Nordøyvegen med ei kostnadsramme på 5,15 mrd. kroner.
  • Omfattande behov for investeringar og vedlikehald av fylkesvegnettet, estimert til å utgjere 5,9 mrd. kroner.
  • Etterleve tunnelsikkerheitsforskrifta.
  • Omfattande behov for investeringar i og vedlikehald av skolebygg.
  • Auka kostnader knytt til nye ferjeanbod med miljøkrav, med tilhøyrande behov for investering i nye ferjekaier. Investeringar som i stor grad må bærast av fylkeskommunen aleine.
  • Høg lånegjeld som belastar drifta.
  • Overføring av statens vegadministrasjon knytt til fylkesvei (SAMS) til fylkeskommunen. Det er vedteke at fylkesvegadministrasjonen som i dag ligger hos Statens Vegvesen skal overførast til fylkeskommunane. Finansieringa er fortsatt uavklart, både når det gjeld dei løpande kostnadane til administrasjon og omstillingskostnadane og eventuelle varige auka kostnader ved å dele administrasjonen av fylkesvegnettet og riksvegnettet.

Kontrollutvalet har gjennom analysa «Vurdering av fylkeskommunen sin økonomiske bærekraft» i 2018, uttrykt stor bekymre for fylkeskommunen sin økonomiske situasjon. Dei har konkludert med at fylkeskommunen sitt drifts- og investeringsnivå er for høgt til at det reelt sett er moglegheit til å kunne ta i vare utfordringane nemnt over. Vidare konkluderte dei med at det høge drifts- og investeringsnivået med stor sannsynligheit vil innebere at fylkeskommunen blir innrapportert til ROBEK-registeret om få år.

Møre og Romsdal fylkeskommune vil ikkje greie å innpasse desse auka kostnadane i åra som kjem utan ein omstilling av organisasjonen som reduserer samla kostnadsnivå. Dette kan gjerast enten ved å auke inntektene eller redusere kostnadene. For å klare å møte dei store utfordringane fylkeskommunen står ovanfor, har Fylkestinget starta prosjektet «Omstilling 2020». Omstillingsprosjektet har som formål å tilpasse fylkeskommunen sin tenesteproduksjon og rolla som samfunnsaktør til dei økonomiske rammeendringane som må påreknast dei komande åra.

Høg lånegjeld
Ved utgangen av 2018 var Møre og Romsdal fylkeskommune si lånegjeld på 5,1 mrd. kroner. Dette er ei auke på 340 mill. kroner frå året før. Figuren under viser utviklinga i Møre og Romsdal fylkeskommune si lånegjeld frå 2012 til planlagt gjeld innan 2022. Vi har hatt ei jamn auke i låna fram til og med 2018. I økonomplan 2019-2022 planlegg ein å auke lånegjelda med om lag 2 mrd. kroner, slik at lånegjelda vil være på om 7,1 mrd. kroner ved utgangen av 2022. Netto lånegjeld var ved utgangen av 2018 på 93 prosent av brutto driftsinntekter. Dette er langt over KS sitt anbefalte nivå på 75 prosent, men om lag det same som maksimalt anbefalt låneopptak på 90 prosent .
Framtidsutsiktene for lånegjelda er ein kraftig auke frå dagens nivå. Vi må korrigere for statlige insentiver i form av fergjeavløysningsmidlar, for å få gjelda vi faktisk må bære sjølv. Modellen under viser gjeldsutviklinga ut over maks nivå anbefalt frå KS på 90 %.

Låneutviklinga - tom år 2022

Den sterke auken i lånegjelda gir redusert økonomisk handlefridom og store driftsutfordringar, sidan rente- og avdragsutgiftene aukar.

Høg lånegjeld inneber også at fylkeskommunen sin økonomi blir låst i eit 10-15 års perspektiv. Vi vil derfor vere svært økonomisk sårbare dersom renta skulle auke. Ein renteauke på eitt prosentpoeng vil føre til auka driftsutgifter for Møre og Romsdal fylkeskommune på i overkant av om lag 50 mill. kroner per år, jf planlagt låneopptak.

Framtidsutsiktene til fylkeskommunen er avhengig av ein investeringspause på større prosjekt og at ein held lånegjelda stabil ved at vi ikkje låner meir enn vi betalar i avdrag. Klarer vi dette treng vi å spare om lag 200 mill. kroner dei neste 4 åra. Det vil krevje tøffe prioriteringar framover, men også gi oss muligheita til å tenkje nytt.