ÅRSRAPPORT 2018

Styring og kontroll av verksemda

Fylkesrådmannen er etter kommunelova pålagt å innrette verksemda på ein slik måte at den er underlagt ein forsvarleg kontroll. I det daglege har kvar avdelingssjef ansvar for å etablere og følge opp rutinar innanfor eigen sektor som sikrar etterleving av lover og reglar. I fylkeskommunen har vi fleire system med faste rutinar, prosedyrar og planar for å sikre internkontroll i tenester og støtteprosessar.

Etiske retningslinjer

I 2018 har fylkestinget, etter ei brei prosess internt i fylkeskommunen, vedteke dei nye etiske retningslinjene. Desse legg eit godt grunnlag for forståing av kva som er god etisk praksis. Ein god etisk standard på alt vi gjer, er avgjerande for at dei som tek i mot våre tenester eller som vi samarbeider med, skal ha tillit til oss.

Felles mal for leigeavtalar

Det er starta opp ein gjennomgang av alle leigeavtalar til fylkeskommunen, både som utleigar og leigetakar. Målet er få ein felles mal for leieavtalar, både for inn- og utleige.

Forvaltningsrevisjon i 2019

Fylkesrådmannen er også opptatt av å følge opp anbefalingane frå kontrollutvalet på bakgrunn av dei revisjonshandlingar og forvaltningsrevisjonar som blir gjennomført i løpet av året. I 2019 er det planlagd ein forvaltningsrevisjon om heilskapleg risiko- og verksemdstyring samt internkontroll og HMS. Denne rapporten vil venteleg gi nyttige innspel på forbetringspunkt knytt til internkontrollen.