ÅRSRAPPORT 2018

Prisar og stipend

Årets bedrift

Fylkesprisen Årets Bedrift vart tildelt Volda Maskin. –Selskapet tek eit tydeleg samfunnsansvar gjennom å satse på lærlingar, fagleg utvikling og støtte til frivillig arbeid. Vi er imponert over kva dei har fått til, sa leiar av regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim under utdelinga av prisen. Her kan du sjå intervju med Volda maskin etter prisutdelinga.

Trafikktryggingsprisen

Trafikktryggingsprisen 2018 gjekk til Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) ved Bjerkelund skole i Kristiansund kommune. –Dei har sett søkelyset på den svært utfordrande og utrygge trafikksituasjonen rundt skolen, og engasjementet deira har vore avgjerande for at dei fysiske tiltaka no er på plass , sa Iver Nordseth, leiar i trafikktryggingsutvalet i fylket. Her ser du intervju med Linda Odde Godø etter prisutdelinga.

Likestillingsprisen

I 2018 vart prisen tildelt Bygdepride i Ørsta og Volda. 10.-13. mai 2018 vart det for første gong arrangert eit Pride-arrangement i Ørsta og Volda. Arrangementet hadde stor oppslutning med om lag 5000 personar. Du kan sjå intervju med styreleiar Anbjørn Steinhom Frislid her.

Årets ungdomskommune

Ulstein kommune vart kåra til årets ungdomskommune under Ungdommens fylkesting i november. Kommunen har utmerka seg med særskilte tiltak som ikkje berre gagnar ungdom, men heile lokalbefolkninga. Ulstein kommune har eit svært godt fungerande ungdomsråd som ofte blir tatt med under planlegging og tilrettelegging. Her kan du sjå intervju med Henrikke Antonsen og Erica Solhjem frå Ulstein ungdomsråd.

Miljøprisen

–Miljø og klima er viktig for oss og har vore ein raud tråd i alt vi held på med, sa ein glad og overraska dagleg leiar Rannveig Nyheim då tildelinga av miljøprisen vart kjent. –Sødahlhuset er eit godt eksempel på korleis det er mogleg å drive næring basert på berekraftprinsipp, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim. Her kan du sjå opptak frå prisutdelinga

Fylkeskulturprisen

I 2018 gjekk prisen til Smøla janitsjar. I grunngjevinga stod det at Smøla Janitsjarorkester kan vise både til eit sterkt lokalt og regionalt engasjement og at dei er ein viktig kulturbærar for regionen. Dei markerer seg kvart år under arrangementet «Smølabonan» i Kristiansund. Då sett Smøla sitt preg på heile Kristiansund, og orkesteret toppar arrangementet med konsert i Braathallen. Her engasjerer dei artistar frå heile nordmøre og artistar med nordmørske røter. Her kan du sjå film frå utdelinga under fylkestinget i desember

Stipend

Kunstnarstipend

Namn Kommune/stad Sum
Ane Vik Eines Mjosundet 200 000
Ine Harrang Molde 50 000
Jon Arne Mogstad Surnadal 50 000
Joakim Hunnes Ålesund 80 000
Åshild Moldskred Måndalen 30 000
Jorunn Marie Kvernberg Volda 80 000
Øyvind Weiset Halsa 30 000
Jan Otto Ertesvåg Ålesund 80 000

Husflid og tradisjonshandverk

Namn Kommune Sum
Ståle Johan Aklestad Molde 50 000
Karin Augusta Nogva Ålesund 45 000

Idrettsstipend

Namn Kommune Sum
Silje Knutsen Kippernes Kristiansund 40 000
IL Braatt Kristiansund 10 000
Toralv Opsal Ulstein 40 000
Dimna IL Ulstein 10 000
Vestnes-Varfjell IL Vestnes 50 000

Reisestipend profesjonelle kunstnarar

Namn Kommune Sum
Karin Augusta Nogva Ålesund 45 000
Elida Brenna Linge Valldal 25 000
Bjørn Vatne Ålesund 15 000
Rune Tafjord Ålesund 15 000